Dawn i bane rundt Vesta

Den 15. juli gjekk for første gong i historia ein romsonde inn i bane rundt ein asteroide i hovudbeltet mellom Mars og Jupiter. Nasas fartøy Dawn vil i løpet av eit år samla data frå asteroiden Vesta før han i juli 2012 set kursen mot eit anna objekt i hovudbeltet: dvergplaneten Ceres. Sidan begge desse objekta vart danna tidleg i vårt solsystems historie, vil dette gi oss mykje informasjon om danninga av Jorden og dei andre planetane.

bilete av romfartøyet Dawn

Ein kunstnars bilete av romfartøyet Dawn. Asteroiden Vesta er nede til venstre, og dvergplaneten Ceres oppe til høgre. Bilete: NASA/JPL-Caltech

Vesta og Ceres er dei to mest massive objekta i hovudasteroidebeltet. Mystisk nok er dei ganske så ulike: Vesta er steinete og tørr medan Ceres antakeleg inneheld store mengder is. Romsonden Dawn har vore undervegs i snart fire år, og tok for eit par månader sidan sine første bilete av asteroiden Vesta. Vesta er såpass mykje større enn dei andre asteroidane i hovudbeltet at den offisielt blir ein protoplanet kalla. I tillegg til å vera stor, har den lagstrukturen (kjerne, mantel, skorpa) slik som dei indre planetane (Merkur, Venus, Jorden og Mars) i Solsystemet. Ceres er kategorisert som ein dvergplanet, hakka over Vesta men i selskap med den degraderte Pluto.

Professor i geologi Reidar Trønnes har skrive ein artikkel på forskning.no om Dawns framkomst til Vesta.

Nærbilde av asteroiden Vesta
Det første biletet teke av Dawn etter at romsonden gjekk inn i bane rundt asteroiden/protoplaneten Vesta. Bilete:NASA/JPL-Caltech/UCLA/MPS/DLR/IDA
Publisert 28. juli 2011 14:23 - Sist endret 14. feb. 2023 22:52