Regn på Solen?

Når lufta kjennest varm og tett, forventar me ofte at det skal byrja å regna. Denne samanhengen kan også gjelda på Solen.

bilete av straum ut frå ei oransje kule

Eit aktivt område på Solen, med gassløkkjar. Dette biletet er eigentleg ein kombinasjon av bilete teke med ulike filter og kan dermed visa gass ved ulike temperaturar. Gass som er rundt 1 million grader er på biletet vist som grønt, medan kjøligare gass, rundt 80 000 grader, er raudt. Det kvite er ein kombinasjon av dei to. Bilete: Solar Dynamics Observatory (SDO).

Ei ny norsk doktoravhandling frå Institutt for teoretisk astrofysikk tyder på at såkalla koronaregn er eit mykje vanlegare fenomen på Solen enn ein så langt har trudd. Patrick Antolin har analysert ein kombinasjon av satellittdata og bakkebaserte observasjonar i avhandlinga si "Implications for coronal heating and magnetic field topology from coronal rain observations".

Attraktivt solforskingsmiljø i Noreg

Patrick Antolin disputerte for doktorgrada ved Institutt for teoretisk astrofysikk den 13. april 2012. Han er fødd i Senegal, er både fransk og colombiansk statsborgar og har tidlegare studert i Japan. Etter å ha møtt professorane Mats Carlsson og Viggo Hansteen frå Institutt for teoretisk astrofysikk, ønskt den internasjonale Antolin seg til Noreg for å samarbeida med dei. Solforskingsgruppa ved Institutt for teoretisk astrofysikk er utpeika som eit toppforskingsmiljø ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiO.

portrettbiletet av ein ung mann med svart og langt hår
Portrettbiletet av Patrick Antolin.

Den mystiske koronaen

Koronaen er Solens ytste atmosfærelag, og han strekkjer seg fleire millionar km over Solens overflate. Dei siste 70 åra har forskarar visst at koronaen mystisk nok er om lag 200 gonger varmare enn atmosfærelaga nærare Solen, stikk i strid med det ein intuitivt skulle forventa. Det blir som om du i di eiga stove skulle kjenna deg varmare og varmare jo lengre unna den sprakande peisomnen du flytta deg.

Kva er koronaregn?

Frå den dynamiske soloverflata blir det skote stadig opp gass. Koronaregn er gassklumpar som fell nedover igjen frå koronaen og ned mot soloverflata. «Regnet» følgjer dei enorme gassløkkene som blir danna på Solen. Tidlegare har dette vore sett på som eit ganske uvanleg fenomen som finst relativt sporadisk på soloverflata. Antolin har samarbeidet med førsteamanuensis Luc Rouppe van der Voort ved Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO. Saman har dei gjort observasjonar med det svenske 1m solteleskopet (SST) på La Palma, og har publisert ein analyse av såkalla aktive område på Solen der dei finn 2-10 gonger fleire førekomstar av koronaregn enn det ein tidlegare har gått ut frå. Dette tyder på at koronaregnet er eit vanleg fenomen i varme og tette område i solatmosfæren.

Koronaregn observert i spektrallinja Calsium II H (396.8 nm) 9. november 2006. All gassen som fell nedover på overflata av Solen er koronaregn. Film laga av Patrick Antolin på bakgrunn av Observasjoner teke med Solar Optical Telescope (SOT) på Hinode-satellitten.

Koronaregn – eit nyttig fenomen

Det er termisk uro som forårsakar koronaregn. Denne mekanismen kan berre opptre i svært tette område, ein tilstand som ofte opptrer i dei varme løkkestrukturane i aktive område på Solen.

I tillegg til at regnet fell mykje hyppigare enn det ein tidlegare har gått ut frå, har Antolin vist at studiet av koronaregnet kan vera svært nyttig for å utforska Solens atmosfære. Mellom anna kan koronaregnet leggja føringar på dei ukjende mekanismane som varmar opp Solens korona.

– Det aller viktigaste er at koronaregn kan gi kunnskap om det magnetiske feltet i koronaen, seier Patrick Antolin.

– Dette er ein av dei vanskelegaste fysiske eigenskapane å måla på Solen, men det er også ein av dei viktigaste.

Les meir om Patricks doktorgradsavhandling i samandraget av avhandlinga hans (på engelsk).

Av Patrick Antolin/Anna Kathinka Dalland Evans
Publisert 23. apr. 2012 15:20 - Sist endret 15. feb. 2023 17:04