Nokre samiske stjernebilete: Eit jaktfolks forestellingar om stjernehimmelen

Jakt utøvd på jorda og på stjernehimmelen

Dei fleste samiske stjernebileta føresteller dyr eller jaktreiskapar, jegerar eller fiskarar. Dette er svært naturleg, for jakt var viktig for livberginga og ein leveveg for samane før i tida. Nokre gamle historiske skrifter som vart forfatta alt i det første hundreåret etter Kristus, skildrar samane som særs flinke skiløparar og bogeskyttarar. Spesielt samane sin dugleik med bogane gjorde europearane forundra - samane skaut nemleg små pelsdyr med pil rett i auga, så pelsen ikkje skulle bli skadd. Jamvel om livet til samane tyktest vere grovt og vilt for dei europeiske historikarane, så drøymde samane sjølve visstnok ikkje om noko betre liv. Samane budde i rike jaktområde, ved fiskerike innsjøar og elvar, og vona på jakt- og fangstlykke. Dei såg også jaktscenar på stjernehimmelen i nord. Når samane i fortida såg på stjernehimmelen, såg dei hendingar og ting i stjernebileta som høyrde heime i deira eigen måte å leve på. Samane tykte at stjernene og rørslene deira skildra ei kosmisk jakt og deltakarane på denne jakta. Blant samane har den vanlege førestellinga om stjernehimmelen ofte sitt førebilete i folkemytologien. Såleis plasserte til dømes dei gamle grekarane dei mytiske heltane og gudane sine på stjernehimmelen. Mange greske nemningar på stjerner har vorte kjende over heile verda og har til og med vorte tekne i bruk som vitskaplege termar.

Når ein person som har vakse opp i nord, dreg sørover, vil vedkomande oppdage at stjernehimmelen sørpå avvik mykje frå den som finst på den nordlege halvkula. Områda der samane og andre nordlege folk bur, blir ofte kalla Arktis. Forklaringa på denne termen inneheld ikkje berre det økologiske aspektet, men òg det mytiske. Nemninga kjem av det greske ordet 'arktus', som tyder fleire ting: 1. 'bjørn', 2. 'nord' og 3. det stjernebiletet som internasjonalt er kjent under det latinske namnet Ursa Major (Storebjørn). Ursus er latin for 'bjørn'. Grekarane og somme andre folk tenkte seg Ursa Major som ein bjørn. Dette stjernebiletet heiter også på norsk Storebjørn.

I stjernebiletet Dávggát ligg stjernene som høyrer heime i stjernebiletet Karlsvogna, og dessutan nokre stjerner som ligg nedanfor. Den samiske nemninga Dávggát er ei gammal diminutivform av ordet 'dàvgi' (som tyder 'boge') i fleirtal. I dag brukar dei ikkje lenger slike diminutivformer i samisk. Når ordet 'dávggát' blir tilpassa samisk i dag, blir forma 'dávggát'. Ut frå denne bøyingsforma er det forståeleg at samane såg fleire enn ein boge i stjernebiletet. Den gamle bøyingsforma av stjernebiletet Dávggát, som er ein rest frå gammalsamisk, viser at alt i eldgammal tid hadde samane sett spesielle namn på stjerner og stjernebilete. Samisk språk og kultur og samiske næringar har endra seg over tid, men førestellinga til dei gamle samane om universet og deira eige miljø har halde seg både i nokre nemningar og i det samiske verdsbiletet, særleg i tradisjonen til dei samane som framleis bruker naturen i næringssamanheng. "Samiske reindriftsfolk er sanneleg kloke," skreiv den kjende finske forfattaren Samuli Paulaharju i 1925, etter orda frå ein samisk reindriftsutøvar "dei har nemleg namn på kvar einaste stjerne, og skulle ei stjerne forsvinne, ville samen straks oppdage tapet". Dei gamle samane kjende att slike ting på stjernehimmelen som til dømes bogen, som viser til den eldgamle samiske næringa jakt og fangst. Under fangstkulturen (til omkring 1600 - 1700-talet) var jaktreiskapane til samane hand- og fotboge, pilar, spjut og knivar.

Sjølve namnet Dávggát er ikkje kjent over heile sameland. Austsamane kjenner dette namnet på stjernebiletet svært godt, men i andre område har samane eit anna namn på det.

Kosmisk jakt

Stjernehimmelen endrar seg i løpet av natta. Stjernene kjem til syne i aust og rører seg om natta i same retning som sola. Unntaket er Boahji (Polarstjerna), som alltid er å finne på same staden. Somme stjerner kjem til syne på visse tidspunkt i døgnet, og dei rører seg over himmelen mot vest og forsvinn når tida for det er inne. Andre stjernebilete held seg synleg på stjernehimmelen i nord (ikkje om sommaren, sjølvsagt), men dei flyttar på seg i same retning som sola i løpet av natta.

Stjernebiletet Dávggát (Karlsvogna) er synleg på stjernehimmelen heile natta, jamvel om det etter kvart går lågare ned mot horisonten. Samane har frå gammalt av brukt dette stjernebiletet som ur. Slik samane i Nord-Finland ser det, står Dávggát i nord midt på natta, rett over hovudet på den som ser opp, men seinnattes snur stjernebiletet seg mot aust og går ned. Når samane rekna ut tida, tok dei omsyn til årstidene òg. Inari-samane forklara dei ulike posisjonane som Dávggát har i løpet av månadene i eit år på denne måten: I januar står Fávggát i aust ved midnatt, i søraust seinnattes og i nordvest om morgonen.

Dersom samane såg noko skytevåpen på stjernehimmelen - ein boge - da måtte det òg finnast ein jeger som trong bogen på himmelen, og dessutan eit jaktdyr som jegeren prøvde å skyte med bogen sin. Fjellsamane har ein gammal myte som fortel om ein stor Sarvvis (reinokse) på stjernehimmelen. Ulike jegerar forfølgjer i hast denne reinoksen. Denne evigvarande kosmiske jakta held fram frå gammal tid inntil ei stjerne lykkast å drepe reinoksen. Dersom det skjer, da er det verdsens ende. Samane har ulike mytiske forteljingar om kven desse jegerane er og kva det jaga dyret på stjernehimmelen er. Etter det nordsamane trur, er det dyret som jegerane jaktar på, anten ein reinokse, ein villrein eller ein elg. Sørsamane og austsamane såg på si side biletet av ein elg på stjernehimmelen. Ulike stjerner var med i jakta - anten einslege stjerner eller stjernebilete.

Følgjande forteljing finst om jakta på den kosmiske reinoksen eller elgoksen, og den har den samiske studenten Berit Merete Nyhstad fått seg fortald av Kautokeino-samen Oskal-Máhte Mihkkel Issát hausten 1998. Lenger ute i denne artikkelen får du vite meir om stjernene og stjernebileta som blir brukte i forteljinga:

"På stjernehimmelen er det ei stor, feit og hornut Sarvvis. Denne reinoksen blir forfølgd av ein stor flokk. Denne gongen er det ingen ulveflokk som jagar reinoksen, men ein heil flokk med jegerar. Utover kvelden og natta sluttar den eine etter den andre seg til flokken som jaktar på reinoksen. Bak reinoksen er Fávdna med bogen sin, Fávnnadági (Fávdnas boge). Det er også to skiløparar som forfølgjer reinoksen. Boares Áhkku og dei to hundekvelpane hennar ønskjer òg å vere med på jakta. Ho skrik ut til kvelpane: "Legg i veg etter, legg i veg etter. Den feite endetarmen i belønning dersom de når han att." Slik ropar kjerringa til hundane. Ho òg har ski på beina og skundar på for å vere med på jakta. Gállábártnit, som er vidgjetne jegerar, er òg med og forfølgjer Sarvvis. Også dei har med seg jaktvåpen, bismervekt, og dessutan spjut, kniv og gryte. Spjut til å stikke og drepe reinoksen med, kniv til å slakte med, og gryte til å koke ferskt reinkjøt i. Også Boares Gállá har drege ut for å sjå korleis sonen hans, Gállábártnit, lykkast med jakta. Boahji (Polarstjerna) er også med i jakta. Boahji skal skyte Sarvvis. Han òg har ein boge, og når han kjem til og får skote, da fell alle stjernene ned og det er verdsens ende. Men Sarvvis rører seg stadig nedanfor. Boahji er så høgt oppe at han ikkje kjem på skothald, men han er på utkik for å sjå om ikkje Sarvvis kjem innan rekkevidd, og da vil han skyte for å drepe."

Dei gamle samane observerte nøye ferda til stjernene over himmelen og laga mytiske forklaringar om rørslene til stjernene. Sarvvis (eit av dei største stjernebileta til samane) rører seg over himmelen, og ulike jegerar følgjer det anten til fots eller på ski. Nokre av jegerane har med seg hundar, andre ymist utstyr og ulike jaktreiskapar.Sarvvis og dei fleste av jegerane er synlege heile natta, men nokre av dei kosmiske jegerane (stjernene) kjem til syne og forsvinn i løpet av kvelden og natta. Den kosmiske jakta tykkjest utvikle seg utover natta. Den mytiske forklaringa på denne foranderlege stjernehimmelen har eit praktisk føremål: Ved hjelp av myten kunne samane lettare hugse korleis stjernene rørte seg på himmelen om natta, og lære dette vidare til dei som var yngre.

Stjernene var mellom anna til hjelp når samane skulle finne fram på vidstrekte vidder. Når det var skyfritt og mørkt om natta, kunne dei sjå av stjernene kva tid det var på døgnet. Ut frå posisjonen til stjernene og stjernebileta kunne dei vite kvar nord og sør var, og kor lang tid det ville gå før det lysna mot dag. Reindriftsutøvarane kunne ved hjelp av stjernene vite når reinsdyra kvilde, og ut frå dette kunne dei tilretteleggje arbeidet sitt. Samar som gjette flokkane sine etter tur natt og dag om vinteren, kunne blant anna sjå av stjernene når ei nattevakt tok slutt og ei anna tok til. Sjølvsagt hadde samane andre teikn òg som dei kunne orientere seg etter når stjernehimmelen ikkje var synleg på grunn av skydekke eller når det ikkje var synlege stjerner i nord om sommaren.

Sarvvis (reinoksen)

Stjernebiletet Sarvvis er vanskeleg å forklare med stjernebilet-termar som kjem frå gresk mytologi, og som alt er teke i vitskapleg bruk over heile verda. Det er svært omfattande og inneheld mange ulike stjernebilete og einslege stjerner. Samane førestelte seg og teikna stjernebileta på sin måte. Mellom stjernene såg fjellsamane ein villreinokse med stort og vakkert gevir, pannehorn, nesevingar, framryggshøging, spel og klauver. Etter somme opplysningar skal stjerner som høyrer heime i stjernebileta Kassiopeia, Perseus, Kusken og Pleiadane vere med i stjernebiletet Sarvvis.

Samane har vore særskilt merksame på geviret til stjerneviltet. Det er ikkje rart, når vi veit at samane har utvikla ein rik og allsidig terminologi til å beskrive til dømes reinsdyrgevir. Samane såg at stjerne-Sarvvisen hadde galba, Sarvágalba, som er den spadeforma fremste utstikkaren nedst på geviret. Sarvágalba blir rekna som eit eige stjernebilete. Stjernene i det er med i stjernebiletet Pleiadane. Det er verdt å merkje seg at berre reinokse har galba. Jamvel om nokre informantar har nemnt i opplysningane sine om stjernehimmelen at det kosmiske hjortedyret må vere elg, har fjellsamane klart identifisert dette kosmiske stjerneviltet, som blir jaga av kosmiske jegerar. Dei meiner det er villrein med ein vakker "spade". Vi kan iallfall gå ut frå at denne kosmiske Sarvvis er ein villrein og ikkje ein tamrein. Stjernebiletet Sarvvis og mytane om det var nemleg velkjent blant samane alt under fangstkulturen, før villreinen vart tamd.

Den kosmiske Sarvvis har også andre utstikkarar på geviret, nemleg "framarmane", Sarvá ovdagiehta. Det er taggar som peikar rett fram nede på geviret, like ovanfor galba. Berre reinoksar har "framarmar", hodyra har ingen slike. Det stjernebiletet som utgjer "framarmane" på geviret til Sarvvis, er visstnok å finne mellom Kassiopeia og Pleiadane. Dei stjernene som høyrer heime i Kassiopeia, utgjer på si side gevirtuppane på geviret til Sarvvis. Stjernebiletet Sarvvis er så omfattande at det har vore ei svært vanskeleg oppgåve å forme eller teikne eit bilete av det på stjernehimmelen.

Jegeren Fávdna og Boahji

Den kosmiske Sarvvis blir jaga av blant andre Fávdna, som er det samiske namnet på stjerna Arkturus - ei av dei klassiske stjernene på himmelen. Namnet Fávdna er kjent først og fremst i Kautokeino og Karasjok og vidare mot kysten, og dessutan i nokre område av Troms og Ofoten. Etter ein samisk myte jaktar FávdnaSarvvis. Fávdnas våpen er ein boge, Fávnnadági, eit stjernebilete som andre stader har namnet Dávggát.

Samtidig med at Fávdna kjem til syne på stjernehimmelen, viser ei anna stjerne seg ovanfor den, og den kallar samane Fávnna gilvoolmmái (konkurrenten til Fávdna). Denne stjerna er om lag like langt unna Polarstjerna som Fávdna, men Fávnna gilvoolmmáli er på motsett side andsynes Fávdna. Stjerna er truleg Altair. Denne stjerna kjem til syne på same tid som Fávdna, og forsvinn samtidig med den. Derfor plar samane seie at stjerna Fávnna gilvoolmmáli er "ein som spring om kapp med Fávdna".

Boahji (Polarstjerna) er alt nemnd fleire gonger. Den har vore den viktigaste stjerna for samane, for Polarstjerna held seg alltid på same staden på himmelen utan å flytte seg. Etter ein myte frå Kautokeino er også Boahji eller Boahjenásti ein jeger. Han har sjølv ein boge som er synleg i stjernebiletet Ursa Minor. Boahji prøver òg å skyte den kosmiske Sarvvis, men dyret rører seg alltid nedanfor jegeren Boahji. Boahji er alltid på utkik i tilfelle Sarvvis skulle kome nærmare, og dersom Boahji lykkast med å skyte Sarvvis, er det verdsens ende.

Ein annan myte knyter seg til Polarstjerna, og etter den held Boahji himmelkvelvingen oppe. Etymologisk knyter ordet boahji seg til det finske ordet 'pohja', som blant anna tyder 'grunn', 'fundament' og 'nord'. Finnane kallar Polarstjerna for Pohjan tähti (nordstjerna). Namnet Poahji tyder at stjerna ligg rett i nord og at ho er ei viktig "primærstjerne", som held himmelen på plass. Tersamane, som bur i dei austlege områda på Kolahalvøya, kallar ho også for 'nordstjerna'. Skoltesamane og dei svenske samane kalla Boahji 'pælen' eller 'verdspælen'. I områda Karasjok, Kautokeino og Karesuando er termen Boahjenávli (nordnaglen) eit kjent namn på stjerna. Etter somme mytar jaktar Fávdna på både Sarvvis og Boahji. Når Fávdna skyt med bogen sin, fell himmelen ned på jorda, jorda blir knust og brenn opp, og da er det verdsens ende.

Gállbártnit, vidgjetne jegerar

Det finst andre jegerar òg på stjernehimmelen. Gállábártnit (gubbens søner) er velkjende heltar i samisk mytologi. Fjellsamane plasserte Gállábártnit i stjernebiletet Orion, nærmare bestemt i Orions belte. Der er det tre stjerner som står ved sida av kvarandre på ei rett line. Etter samisk myte er Gállábártnit vidgjetne jegerar. Opphavleg er dei av solslekta. Forfaren deira var Beaivebárdni (solsonen), som det finst ein episk joik om med tittelen Beaivebártni soag+omátki Jiehtanasaid máilmmmis (Solsonen på friarferd i landet til jettane). Denne joiken vart kjend takka vere den samiske presten Anders Fjellner. Fjellner skreiv ned joiketeksta på slutten av 1800-talet i Jukkasjärvi og Härjedalen i Sverige. Etter det joiken fortel, dreg Beaivebárdni av garde for å hente seg kone i landet til jettane. Beaivebárdni kjem til det framande landet, gjennomgår alle slags prøvingar der og får jettedottera til kone. Jenta blir forminska til menneskestorleik, gjort til same og føder tre søner - Gállábártnit, som er forfedrane til samane.

Gállábártnit var flinke jegerar som jakta på villrein og reinokse. Dei fann opp skiene. Etter det joiken fortel, tamde dei villrein (i andre samiske mytiske forteljingar var det Soldottera som tamde villreinen). Da Gállábártnit døydde, steig dei opp på himmelen og vart til stjerner. Der vil dei for alltid jakte på den kosmiske Sarvvis. Sjølvaste Gállá - far til Gállábártnit -- viser seg på stjernehimmelen som Sirius. Gállá tyder 'gubbe(n)', og stjerna Gállá blir stundom kalla Boares Gállá (Gamlegubben).

På grunn av tamen sin på ski vart Gállábártnit også kalla c/uoiggaheaddjit (Jegerane på ski). Dette namnet er kjent frå Kautokeino, Karesuando og Kvalsund. Når stjernebiletet Orions belte kjem til syne, plar samane seie at "Gállábártnit forfølgjer Sarvvis på ski". Det finst ei skildring av Orion som lyder slik: "De [Gállábártnit] er ledsaget av 3 hunde (beatnagat) eller kjedelbærere (gievdneguoddit), som skal ha elgens blod i kjedelen. Dette er 3 mindre stjerner nedenfor Orion (Koutokeino)." I Kautokeino veit folk dessutan at i stjernebiletet Orion ser ein jaktreiskapane til Gállábártnit, til dømes bismarvekta, Bismmarnáttit, som er stjernene Betelgeuse og Bellatrix. Gállábártnit har også ein kniv, eit spjut og ei gryte, som er tre stjerner nedanfor.

I Kautokeino har det dessutan vore fortalt at ei av stjernene i Orion erBoares áhkku (Kjerringa), som spring (eller går på ski) etter Sarvvis. Ho har med seg hundane sine, som ho ber forfølgje Sarvvis. Stjerna blir kallaBoares áhkku (Kjerringa), Boares galgu (Gamle kone) eller Gievdneguoddi (Kjeleberaren). Det er uvisst om den gamle kona saman med hundane sine og gryta si er identisk med dei før omtala stjernene som er nedanfor Orions belte, eller om samane plasserte dei i stjernebiletet Pleiadane. Stjernebiletet Pleiadane har mange namn; blant anna meiner fjellsamane somme stader at stjernebiletet er den gamle kona som saman med hundane sine forfølgjer Sarvvis.

Æva

Mytane om jakta på det kosmiske dyret er velkjende over heile sameland. Også dei andre finsk-ugriske folka har slike mytar. Hanti-folket i Sibir har til dømes ein myte om sonen til himmelguden Torum, og denne sonen var ein smidig skiløpar og ein flink skyttar. Far hans, Torum, skapte i opphavet ein elg med tre par bein. Elgen vart så rask at ingen jeger kunne innhente og skyte han. Da la sonen til Torum i veg på ski for å jakte, og han innhenta elgen og kappa av han det bakarste beinparet. Deretter laga sonen til Torum eit stjernebilete av elgen på himmelen, som viser sjølve elgen og dei to avkappa bakbeina hans. Også skisporet etter sonen til Torum er synleg på stjernehimmelen: Det er Vinterbrauta (Mjølkevegen), som på samisk heiter Lodderáidalas (Fuglestigen), og er himmelvegen som fuglane følgjer når dei dreg sørover mot varmare strok og kjem tilbake att derifrå.

Samane på Kolahalvøya har òg ein myte om den kosmiske reinoksen, som tordenguden Tiermes jagar med hundane sine. Børsa som Tiermes brukar, er regnbogen (Tjermes-bogen), og pilane til jegeren er lyna (Tiermes-eldane): Høgda på den kosmiske jegeren tilsvarar ti av dei høgste furutrea, og hundane hans er av same storleik som ein vanleg reinokse. Tiermes jagar etter den kosmiske Sarvvis og prøver å skyte han med pilen sin. Den vakre Sarvvis med det store geviret sitt er rask som vinden, så Tiermes kjem ikkje nær nok innpå for å skyte og drepe han. Men dersom eldpilen til Tiermes nokon gong treffer Sarvvis, da kjem det første jordskjelvet. Da rivnar fjella og byrjar å strøyme lik ein eld som brenner opp alt i sin nærleik. Da byrjar elvane å renne tilbake, innsjøane og havet tørkar inn. Da skyt Tiermes den andre pilen sin i Sarvvis. Hundane til Tiermes innhentar da den såra Sarvvis og byrjar å rive sund kroppen hans. Når så den kosmiske jegeren sjølv stikk kniven sin rett i hjarta på Sarvvis, da fell stjernene ned på jorda, månen og sola sloknar, og livet sluttar.

Jamvel om denne myten ikkje er knytta direkte til stjernene, så viser han den same førestellinga som myten om jakta på stjerne-Sarvvis. Ved første augnekast tykkjest begge mytane fortelje om verdsens ende, men det ligg likevel eit djupare innhald i mytane enn det ein først ser. For dei fleste naturfolk er det ein framand tanke å tru på verdsens ende. Slutten på livet og dommedag blir understreka i den kristne trua, der sjølve tida òg er lineær med ei skaping og ein verdsens ende. For dei gamle samane var tida syklisk - utan byrjing og utan ende. Dei såg eit ævesymbol i den evigvarande jakta og inga føreåt-seiing om slutten på livet. Frå år til år, frå hundreår til hundreår, frå tusenår til tusenår prøver dei kosmiske jegerane å drepe det store stjernedyret. Men dette stjernedyret slepp alltid trygt forbi jegerane. Ingen jeger klarar å kome det nærmare inn på livet, og dyret - reinoksen eller elgen - held fram på si evige ferd. Tida og livet held fram, oppbygnaden til universet endrar seg ikkje, og slik er den ei forsikring om at livet er uopphøyrleg.

Av amanuensis Jelena Sergejeva (Samisk institutt, Universitetet i Tromsø)
Publisert 24. jan. 2011 11:53