Betre bilete av The Big Bang

Romteleskopet Planck har samla data om den kosmiske bakgrunnsstrålinga. Kosmologene ved ITA har brukt dataa til å utvikla metodar som kan gi svar på spørsmålet om korleis universet oppstod, om mørk materie og om mørk energi.

illustrasjon av satellitten Planck i verdensrommet

Romteleskopet Planck. Illustrasjon: ESA - C. Carreau

Foto: ESA

– Me har bygd ei maskin som kan analysera data frå ulike eksperiment samtidig. Før har kvart instrument sete på tua si – no blir me eit fellesskapsprosjekt der alle jobbar saman, seier Hans Kristian Kamfjord Eriksen, professor ved Institutt for teoretisk astrofysikk og leiar av det internasjonale forskingsprosjektet BeyondPLANCK.

Metoden Eriksen og kollegaene har vore med på å utvikla, har allereie forbetra biletet av The Big Bang.

No står analysemetoden klar når nye måleinstrument om nokre år klarer å oppdaga gravitasjonsstrålar frå The Big Bang og dermed gi oss meir detaljerte bilete av kva som faktisk skjedde under det store smellet for 13,8 milliardar år sidan.

Les heile saka på Titan.uio.no.

Emneord: gravitasjonsbølger, Big Bang, Kosmisk bakgrunnsstråling (CMB), Planck mission, BeyondPlanck Av Eivind Torgersen
Publisert 24. nov. 2020 13:19 - Sist endret 25. mai 2023 12:44