Kosmologene vil gi oss eit tredimensjonalt kart verda aldri har sett før

UiO-forskarar jaktar på dei gøymde galaksane frå det tidlege universet.

bildet av en mann med briller og skjermen til PCen hans

Postdoktor i kosmologi Håvard Tveit forklarer at kvart vesle svarte prikk på skjermen er ein galakse. Foto: Gina Aakre/UiO

Det er enno mykje me menneske ikkje veit om universet i den tidlege perioden då dei første stjernene vart danna, og universet byrja å få dei første galaksane. Forskarane veit mykje om det aller tidlegaste universet fordi dei kan få informasjon frå den kosmiske bakgrunnsstrålinga, som på mange måtar gir oss eit slags barnebilete av universet. Etter dette er det ein periode der mykje er meir usikkert.

Det er denne perioden forskarane no vil kartleggja.

Kosmologi forskingsgruppa ved Institutt for teoretisk astrofysikk er ein del av «CO Mapping Array Project» (COMAP), eit internasjonalt samarbeid innanfor eit nytt forskingsfelt som kartlegg universet med kosmiske spektrallinjer. Håvard Tveit Ihle på Institutt for teoretisk astrofysikk i Oslo er leiar av COMAP-kollaborasjonen, og assisterande direktør ved Owens Valley Radio Observatory som eig teleskopet som samlar inn dataa.

Sjølve radioteleskopet er ifølgje Ihle heilt ordinært. Det er måten dei bruker det påmonterte optiske instrumentet på som er unikt. Det måler frekvensen til strålinga veldig nøyaktig. På lang sikt skal forskarane laga eit tredimensjonalt klart over universet eitt til fire milliardar år etter Big Bang.

Les heile artikkelen på Titan.uio.no

Lære meir om:

COMAP - Forskingsprosjekt ved ITA

CMB&CO group

Les flere populærvitenskapelig artikler:

Kartlegging av stjernedannelse tidlig i universet

Norske astrofysikere i verdenseliten

Finnes det en begynnelse eller er universet uendelig?

Publisert 13. sep. 2022 12:04 - Sist endret 13. mai 2024 13:07