Bilete frå månesonden Chandrayaan-1

Chandrayaan-1 er den indiske romorganisasjonens (Indian Space Research Organisation, ISRO) første ekspedisjon til Månen. Sonden vart send opp 22. oktober 2008, og gjekk inn i bane rundt Månen 8. november same år. I tillegg til å bringa indisk romfart eit stort steg framover, er eit av måla til sonden å gi ny kunnskap om Månen. Kamera ombord har allereie rokke å ta mange flotte bilete av Månens overflate.

Ein "2.5"-dimensjonal projisering av bilete teke med Terrain Mapping Camera ombord Chandrayaan-1. Krateret på biletet er Coulomb C-krateret. Foto: ISRO/Chandrayaan-1

Instrument

Chandrayaan-1 har 11 vitskaplege instrument ombord, og 5 er indisk-produserte og resten er bidrag frå ulike europeiske land (ESA) og USA (NASA). Dei inkluderer mellom anna eit kamera som skal kartleggja heile overflata i synleg lys, spektroskop som skal kunna kartleggja høvesvis førekomsten av mineral på overflata og røntgenstrålinga som blir send ut frå overflata, eit laserinstrument som skal måla nøyaktig avstand mellom overflata og Chandrayaan-1, ein radar som skal sjå etter vassis i dei permanent skuggelagde kraterne og ein sonde som vart send ned for å landa på overflata.

Terrain Mapping Camera

Jorda sett frå Chandrayaan-1. Biletet er teke 29. oktober 2008 i ein avstand på rundt 70000 kilometer frå Jorden. (Større utgåve).
Foto: ISRO/Chandrayaan-1

Terrain Mapping Camera (TMC) har som mål å kartleggja heile overflata og dens topografi. Kameraet tek bilete i den synlege delen av spekteret, og kan ta svart/kvitt stereobilete. Med stereobilete kan ein laga 3D-bilete. TMC var det første av dei vitskaplege instrumenta som vart skrudd på, medan satellitten framleis var i bane rundt Jorden.

Moon Impact Probe

Nærbilete av Månens overflate teke med kamera ombord Moon Impact Probe (MIP) 14. november 2008 etter at han hadde forlate Chandrayaan-1. (Større utgave).
Foto: ISRO/Chandrayaan-1

Sonden Moon Impact Probe (MIP) kræsj-landet på Månen 14. november 2008. Frå sonden lausreiv seg frå Chandrayaan-1 til han kræsja tok det rundt 30 minutt. I løpet av denne tida tok MIP bilete og målingar kontinuerleg og sende informasjonen tilbake til satellitten, som vidaresende han til Jorden. MIP målte mellom anna korleis forholda vil vera for ei framtidig mjuklanding på Månen med ein liknande sonde (Chandrayaan-2, planlagt for oppskyting i 2012). Då MIP næremet seg overflata vart rakettane ombord avfyrt for å bremsa farten og gi sonden ei litt mjukare landing.

MiniSAR

Biletet viser ei stripe teke av MiniSAR lagt over eit bilete teke med det bakkebaserte radioteleskopet Arecibo. Det viser korleis MiniSAR tek bilete av skuggelagde kratere som me ikkje får studert frå Jorden. Minisar-biletet vart teke 17. november 2008 frå ei høgd på 100 kilometer. Oppløysinga er på ca. 150 meter, og biletet dekkjer eit område på ca. 50 x 18 kilometer. (Større utgave).
Foto: ISRO/NASA/JHUAPL/LPI/Cornell University/Smithsonian

Mini Synthetic Aperture Radar (MiniSAR) er eit radar-instrument bygd av NASA. MiniSAR har som hovudoppgåve å leita etter vassis i områda ved pola som er kontinuerleg i skugge, og dei delane av kraterne på Månen som ligg i evig skugge. Radaren bruker ei bølgjelengd som er optimal for å skilja vassis frå den tørre overflata til Månen.

Bane

Chandrayaan-1 vart sendt av garde til Månen i ein serie med banemanøvrar rundt Jorden, framfor å reisa direkte ut til Månen. Dette vart gjort for å kunna bruka mindre brennstoff og dermed spara på den store utgifta som brennstoff er. Satellitten vart først skoten opp i geostasjonær overgangsbane, som er eit mellomstopp på veg ut til ein rein geostasjonær bane. Etter dette følgde fem rundar kvar rakettane vart avfyrt over nokre minutt for å kunna dytta satellitten ut i ein stadig meir ekliptisk og langstrekt bane rundt Jorden. Etter den femte gongen rakettane vart avfyrte, hamna satlitten på ein translunar bane, altså ein overgangsbane mellom Jorden og Månen. Då Månen på ferda si rundt Jorden nærma seg Chandrayaan-1 vart rakettane avfyrte slik at satellitten bremsa nok opp til å bli fanga inn av Månens gravitasjon.

IIllustrasjon som viser korleis dei ulike banane til Chandrayaan-1 låg på vegen mot ein bane rundt Månen.
Illustrasjon: ISRO

8. november 2008 gjekk Chandrayaan-1 over i bane rundt Månen. Etter det følgde fire justeringar av banen, til han kom inn i ein bane 100 kilometer over Månens overflate 12. november. I denne banen tek det omtrent to timar for satellitten å fullføra ein runde rundt Månen.

Vegen vidare

Dei fleste av instrumenta til Chandrayaan-1-satellitten vart skrudd på i desember 2008. Chandrayaan-1 har berre så vidt byrja utforskinga si av Månen. Dei første 75 dagane sidan oppskytinga har satellitten teke over 40000 bilete som han har sendt tilbake til Jorden.

Bilete teke på Månens bakside (som alltid vender vekk frå Jorden) 24. november 2008.
Foto: ISRO/Chandrayaan-1

 

By Silje Bjølseth
Published Aug. 10, 2012 1:49 PM - Last modified Feb. 7, 2024 10:41 AM