Sjur Refsdal 1935-2009

Den internasjonale pioneren for det i dag svært viktige og store fagfeltet gravitasjonslinsing, professor Sjur Refsdal, døydde i Oslo torsdag 29. januar 2009, 73 år gammal. Sjølv om han det meste av karrieren sin arbeidde i utlandet, beheldt han heile tida tett kontakt med Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo, og etter at han gjekk av med pensjon i 2001 flytta han til Oslo og hadde arbeidsplassen sin hos oss som professor emeritus.

bilde av en gammel mann som holder en diplom
Prof. Refsdal etter å ha mottat H.M. Kongens fortenestemedalje i gull. Foto: Universitetet i Oslo

Sjur vart fødd i Oslo 30. desember 1935. Han vart cand. real. frå Fysisk institutt, Universitetet i Oslo, i 1962. Etter eit forskingsopphald ved NORDITA 1962 – 1963 var han universitetsstipendiat ved Institutt for teoretisk astrofysikk 1963 – 1966. Frå 1967 til 1970 var han Associate Professor ved University of Nebraska. Han forsvarte sin dr. philos. grad ved Universitetet i Oslo i 1970, samtidig som han fekk Universitetet i Hamburg som arbeidsplassen sin, frå 1970 til 1972 som gjesteprofessor, frå 1972 som fast professor. Han vart verande som ein av dei leiande skikkelsane ved astronomiinstituttet ved Universitetet i Hamburg, Hamburger Sternwarte, til han gjekk av med pensjon i 2001.

Sjølv om han arbeidde i Hamburg, behald han heile tida ein tett kontakt med Institutt for teoretisk astrofysikk. Han samarbeidde tett med forskarar hos oss, spesielt Rolf Stabell, og rettleidde fleire studentar. Frå 1991 til 2001 var han professor II hos oss, og då han gjekk av med pensjon i 2001 flytta han til Oslo og hadde arbeidsplassen sin som professor emeritus hos oss. Dessverre vart han ramma av ein uhelbredeleg og progressiv nervesjukdom som frå våren 2007 gjorde det umogleg for han å komma til instituttet, og som etter kvart gjorde han til pleiepasient, men som ikkje tok frå han åndskrafta hans. Det var ei stor glede for instituttet, og eg trur også for Sjur, at han var i stand til å vera til stades ved doktordisputasen til den siste doktorgradsstudenten hans i Oslo, Stein Vidar Hagfors Haugan, i juni i fjor. Sjur var medlem av Det Norske Videnskabs-akademi, og i året 1997/1998 leidde han saman med Rolf Stabell eit forskingsprogram om gravitasjonslinser og kosmologi ved Senter for Grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi. I 2001 fekk Sjur Fridtjof Nansens påskjønning for framifrå forsking og i 2005 vart han tildelt Kongens Fortjenestemedalje i gull.

Frå 1964 til 1970 skreiv Sjur seks klassiske vitskaplege artiklar som på mange måtar har lagt grunnlaget for eit i dag svært stort felt innan astrofysikk, gravitasjonslinsing. Då han skreiv dei var han langt føre si tid, og desse artiklane vart svært lite siterte. Etter at den første gravitasjonslinsa vart oppdaga i 1979 vakte Sjurs tidlege publikasjonar stor merksemd, då dei la heile det teoretiske grunnlaget for å bruka gravitasjonslinser som ein astrofysisk reiskap. Alt i 1964 viste han korleis linseeffekten kan brukast både til å måla ekspansjonsraten til universet (Hubble-konstanten) og massen av galaksar. Bruk av gravitasjonslinsing til å måla Hubble-konstanten blir kalla Refsdals metode, og er i dag svært viktig. I tillegg til arbeida med gravitasjonslinsing, gjorde han også på midten av 1960-talet, saman med ei gruppe stipendiatar ved Institutt for teoretisk astrofysikk, numeriske studiar av utviklinga til kosmologiske modellar med kosmologisk konstant, noko som verkeleg var pionerstudiar. Frå slutten av 1960-talet kom Sjur også inn i arbeid med modellar for stjerners indre og utviklinga deira, og leidde ei større gruppe innan dette fagfeltet i Hamburg, også innan dette samarbeidet han med kollegaer i Oslo. Hans arbeider om seine stadium av stjerneutvikling er svært hyppig siterte. Likevel er det først og fremst for arbeidaren hans innan gravitasjonslinser han vil bli hugsa internasjonalt. Då den første gravitasjonslinsa vart oppdaga i 1979, var Sjur svært raskt tilbake til å arbeida vidare med teorien deira. Same år publiserte han i Nature saman med doktorgradsstudenten Kyongae Chang eit banebrytande arbeid som viste den såkalla mikrolinseeffekten, korleis enkeltstjerner (eller planetar) i ei gravitasjonslinse (til dømes galakse eller galaksehop) kan bryta opp biletet i mange mikrobilete og vera årsak til hurtige intensitetsvariasjonar. Dette kan brukast til alt frå å oppdaga planetar rundt andre stjerner til å studera finstrukturen i kvasarar. Etter at den første mikrolinsa vart oppdaga i 1989 har dette vorte eit svært viktig forskingsområde.

Sjur vart enkjemann då hustrua hans Gunthara døydde i 1996. Han lèt etter seg ei søster og ein bror, og to søner, Thomas og Gunnar. Våre tankar går til dei og til venninna hans dei seinare åra, Kari-Lise. Sjur hadde ei rekkje venner i Noreg også utanom astrofysikken, særleg frå hans interesser fjellvandring og sjakk. Ved Institutt for teoretisk astrofysikk vil me hugsa Sjur ikkje berre fordi han var Noregs internasjonalt mest siterte astrofysikar, men også for hans vennlege, hjelpsame og beskjedne personlegdom. Han minte oss dessutan ofte om vitseteikninganes distré professor. Han vil bli djupt saknet!

By Per Lilje
Published Aug. 13, 2012 3:50 PM - Last modified Feb. 13, 2023 12:12 PM