Oppskyting av karbon-observatorium feila

NASAs "Orbiting Carbon Observatory" feila under oppskyting i dag formiddag norsk tid. Topplokket på raketten som vart brukt til oppskytinga, og som vernar satellitten under oppskyting, skulle eigentleg ha opna seg, men dette skjedde ikkje. Satellitten skulle setjast ut i bane rundt jorda der ho skulle overvaka den globale karbon-syklusen til planeten.

bildet av Taurus-raketten under oppskyting

NASAs Orbiting Carbon Observatory ombord Taurus-raketten under oppskyting. Nokre få minutt etter at dette biletet vart teke kom meldinga om at statusen ved oppskytinga var uviss. Foto: NASA TV

I dag formiddag, litt etter klokka 11 norsk tid, kom beskjeden om at status for oppskytinga av NASAs Orbiting Carbon Observatory (OCO) var uviss. Satellitten vart skoten opp kl. 10:55 frå Vandenberg Air Force Base i California ombord ein Taurus XL-rakett. Dei første minutta av oppskytinga fungerte tilsynelatande alt som planlagt. Men mot slutten av det fjerde trinnet til raketten, vart det rapportert inn eit problem. Då var raketten allereie utanfor rekkjevidd for kameraa som blir brukte til å følgja med på oppskytinga.

Det ser ut til at topplokket på raketten, som vernar satellitten, ikkje har vorte skote vekk ordentleg, slik at separasjonen til satellitten frå raketten ikkje har gått som planlagt. OCO-satellitten skulle eigentleg plasserast i ein sirkulær, nær-polar bane i ei høgd av 705 kilometer over jordoverflata. Prosjektet har kosta 273 millionar dollar.

Prosjektteamet hos NASA jobbar no på spreng for å finna ut kva som skjedde og korleis tilstanden til satellitten er no. Det var den åttande oppskytinga der det vart brukt ein rakett av typen Taurus XL, og andre gongen ei slik oppskyting har feila. Det var første gongen NASA brukte ein slik rakett. Det er likevel relativt sjeldan at satellittoppskytingar feilar. Det blir skote i gjennomsnitt opp 200 satellittar per år.

OCO skulle ha studert naturleg og menneskeskapt karbondioksid-utslepp og -absorpsjon i håp om å finna ut meir om korleis karbondioksid bidreg til global oppvarming. Eit av hovudmåla til satellitten var å finna ut kvar det blir av karbondioksidet som forsvinn frå atmosfæren.

Oppdatering (25.02.2009):

Raketten med satellitten framleis ombord kom seg aldri ut i bane rundt jorda, men fall ned i havet utanfor Antarktis.

illustrasjon av romsatellitt i bane rund jorda
NASAs Orbiting Carbon Observatory i bane rundt jorda slik ein kunstnar har sett det for seg.
Foto: NASA/JPL

 

By Silje Bjølseth
Published Aug. 13, 2012 3:37 PM - Last modified Feb. 13, 2023 12:25 PM