Det hittil mest detaljerte kartet over det lokale universet

Astronomar frå Australia, Storbritannia og USA har nettopp ferdigstilt den mest detaljerte kartlegginga av det lokale universet. Dette vil avsløra ikkje berre kvar galaksane er, men også kvar dei er på veg, kor fort, og kvifor.

simulasjonar av galaksar i det nærliggjande universet vårt

Eit kart over korleis omkring 100 000 galaksar i det nærliggjande universet vårt klumpar seg saman. Kvar galakse er ein prikk, og galaksen me lever på er i sentrum av diagrammet. (Større versjon) Ill.: Dr Chris Fluke, Centre for Astrophysics and Supercomputing, Swinburne University of Technology.

Resultata av kartlegginga, kalla Six-Degree Field Galaxy Survey (6dFGS), vart presentert 1. april på ei internasjonal samling i Malaysia av professor Matthew Colless, direktøren for Anglo-Australian Observatory (AAO). Observasjonane vart gjorde med 1.2-meter-teleskopet UK Schmidt Telescope, som blir styrt av Siding Spring-observatoriet i New South Wales, Australia. Området som er dekt er både breiare og mindre djuptgåande enn tidlegare studiar av same type, og har samla posisjonane til meir enn 110 000 galaksar over meir enn 80 % av himmelen på den sørlege halvkula, ut til omtrent 2 milliardar lysår frå Jorden.

Kombinerer målingar av lys og tyngdekraft

Gigantiske superhoper er samlingar av fleire galaksehoper, og er blant dei største strukturane i universet. Superhofine inneheld enorme konsentrasjonar av masse, men dei kan ikkje bli målte nøyaktig ved berre å sjå på lyset frå dei: Det utsende lyset frå galaksane blir i stor grad skjult og spreidd av dei store mengdene materie og gass som er til stades i og mellom dei. Det som derimot ikkje kan skjulast, er gravitasjonen.

bildet av 1.2-meter-teleskopet UK Schmidt Telescope
1.2-meter-teleskopet UK Schmidt Telescope, ved Siding Spring Observatory i Australia.
Foto: Shaun Amy

Galaksar trekkjer på kvarandre på grunn av tyngdekreftene mellom dei. Ved å måla rørsla til galaksane, kan forskarane kartleggja gravitasjonskreftene som rår i det lokale universet. Dermed kan ein også finna ut korleis materien er fordelt – både den lysande og den mørke materien. Den kombinerte kartlegginga av både rødforskyvning og fart, med dynamiske målingar av massen til galaksane og rørsler på stor skala, bidreg med endå meir nøyaktige føresegner av dei ulike parametrane ein opererer med i kosmologien.

Det at forskarane har valt å observera på bølgelengder tilsvarande nær infraraudt lys, gir den fordelen at den følgjer dei eldre populasjonane av stjerner som galaksane er dominerte av. Dessutan får me mindre spreiing og absorbering av lys på grunn av gass og støv på denne bøgelengden.

Store strukturar og store rørsler

Kartlegginga viser trådliknande formasjonar og samlingar av nærliggjande galaksar på stor skala, i betre detalj enn nokon gong tidlegare. Den har også avslørt over 500 fleire “tomrom” (voids) – store område i rommet som ikkje inneheld nokon galaksar.

Det spesielle med denne kartlegginga er at ho vil la forskarane nøsta opp dei to årsakene til rørsla til galaksane. Galaksane blir ikkje berre påverka av gravitasjonskreftene kvarandres, men dei følgjer også utvidinga til universet. Forskarane på prosjektet vil skilja desse to farts-komponentane for ca. 10 % av galaksane som er kartlagde: Den komponenten som kjem av utvidinga til universet, og den som representerer den individuelle rørsla til ein galakse.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 14, 2012 11:07 AM - Last modified Feb. 13, 2023 12:07 PM