Fascinerande planetoppdagingar

Oppdaginga av den hittil minste og lettaste planeten utanfor Solsystemet er annonsert. Planeten er i eit solsystem 20,5 lysår frå Jorden, og no er til saman fire planetar kjende rundt stjerna Gliese 581. Banen til ein av desse planetane er reviderte i same slengen, og denne planeten viser seg å vera i den såkalla buelege sona til stjerna.

kunstnarisk illustrasjon av ein planet og ei stjerne

Ei kunstnarisk framstilling av det nyoppdaga planetsystemet Gliese 581. Ill.: ESO/L. Calçada

Sidan den første planeten utanfor Solsystemet vart oppdaga i 1992, er godt over 350 slike eksoplanetar funne. Dei aller fleste er digre gasskjemper som ofte er nær moderstjerna si, og blir grilla av varmen frå denne. Men dei seinare åra er fleire mindre planetar oppdaga, og nokre av desse er lenger unna stjerneheten.

Planet i den buelege sona

Det er den velkjende planetjegeren Michel Mayor som har gjort dei hittil siste oppdagingane i leitinga, og som til slutt kanskje vil gi oss svar på om me er åleine i verdsrommet.

Planet Gliese 581 e fer rundt moderstjerna si på berre 3,15 døgn, og er så nær denne stjerna at ho er svært varm. Men planeten er, med sin mykje på berre 1,9 jordmassar, den lettaste som så langt er funne utanfor Solsystemet. Planeten er høgst sannsynleg ein steinplanet slik som vår eigen, men altså ikkje med flytande vatn.

Diagrammet viser korleis planetane er plassert i forhold til den buelege sona rundt stjerna Gliese 581, samanlikna med vårt eige solsystem. Ill.: ESO

Banen til planeten Gliese 581 d har vorte berekna på nytt, og no viser det seg at denne planeten er i den buelege sona rundt stjerna. Det betyr at temperaturen gjer at vatn kan vera i flytande form. Planeten er større enn Jorden, og er neppe ein rein steinplanet. Kanskje kan planeten ha eit stort og djupt hav, og er den hittil beste kandidaten for ei “vass-verd” me kjenner utanfor Solsystemet.
Fleire eksoplanetar rundt same stjerne

Med desse oppdagingane inneheld stjerna Gliese fire planetar; med massar 1,9 gonger jordas (plana e), 16 gonger jordas (plana b), 5 gonger jordas (plana c) og 7 gonger jordas (plana d). Den sistnemnde planeten er ytst, og bruker 66,8 døgn på eit omløp rundt moderstjerna si. Den kan vera ein isplanet som har vandra nærare moderstjerna.

Alle desse planetane er oppdaga fordi dei med tyngdekreftene sine trekkjer på moderstjerna, og får denne til å “vingla” gjennom rommet.

By Knut Jørgen Røed Ødegaard
Published Aug. 14, 2012 11:29 AM - Last modified Feb. 13, 2023 11:49 AM