Gratulerer med dagen!

Institutt for teoretisk astrofysikk, eller Svein Rosselands hus, er i dag 75 år. Den 1. juli 1934 vart instituttet teke i bruk, som eit av dei aller første på Blindern-området. Instituttet vart grunnlagt av professor Svein Rosseland, med hjelp av ein stor donasjon frå Rockefeller Foundation.

biletet av ein raud bygning med tre framfor

ITA på nedre Blindern. Foto: K. Carlsson

Svein Rosseland var professor ved det gamle Observatoriet i Oslo. Frå 1929 hadde han eit lengre opphald ved Harvard Observatory, og gjorde der sterkt inntrykk på astronomane. Han fekk tilbod om eit professorat, men kontakta først Universitetet i Oslo. Dei uttalte at det var svært viktig å behalda Rosseland i Noreg, og at han vart sikra tilstrekkelege arbeidsvilkår. Rosseland var internasjonalt svært kjent for sitt vitskaplege virke (og er det framleis i dag!).

Når Rosseland kjem heim til Noreg, arbeider han for å få oppretta eit institutt for teoretisk astrofysikk i Oslo. Kontoret til Rockefeller Foundation i Paris blir kontakta, og både kollegiet ved Universitetet i Oslo og regjeringa Mowinckel blir overtydd om viktigheita av å oppretta eit slikt institutt.

I brev av 15. april 1931 kunngjer The Rockefeller Foundation i New York at 105.000 dollar blir skjenkte til eit institutt for teoretisk astrofysikk, i tillegg til 15.000 dollar som skal gå til vitskapleg utstyr.

profilbiletet av ein gammal mann
Professor Svein Rosseland.
Foto: ITA

Når instituttet blir teke i bruk 1. juli 1934 er det som det første instituttet i verda for teoretisk astrofysikk, og saka får stor merksemd i avisene. Bidraget til vitskapleg utstyr blir nytta til å byggja ein reknemaskin som kunne løysa differensiallikningar. Maskina var den største i si tid, og vart nytta av forskarane heilt fram til midten av 1950-åra.

Institutt for teoretisk astrofysikk (ITA) ved Universitetet i Oslo held fram med å vere den dagen i dag den einaste staden i Noreg der ein kan ta ei fullstendig høgare utdanning innan faget astronomi. Instituttet er lite og oversiktleg, og miljøet blant studentar og tilsette hyggjeleg og uformelt. Det blir i dag drive både observasjonell og teoretisk forsking ved ITA, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre institutt og forskingsinstitusjonar.

By Knut Jørgen Røed Ødegaard, Kristin C. Carlsson
Published Aug. 21, 2012 9:39 AM - Last modified Feb. 10, 2023 1:08 PM