Kan kometar ha vore kjelda til liv?

Ein ny studie hevdar at kometar ute i verdsrommet, dei første 1 millionar åra av dannings-prosessen, hadde store innvendige sjøar av flytande vatn i seg. Desse kan ha bidrege med ideelle forhold for utviklinga av tidleg biologisk liv.

Bildet av en grå komet som lyses opp på en side

NASAs Deep Impact-sonde sende i 2005 ut ein del av seg sjølv for å med vilje krasja inn i kometen Tempel-1. Dette for at sonden kunne studera samansetninga av kometen. Foto: NASA/JPL-Caltech/UMD

Det vasshaldige miljøet som var til stades hos dei tidlegare kometane, saman med den store mengda organisk materiale som allereie har vorte oppdaga i kometar, kan ha bidrege med svært så ideelle forhold for at primitive bakteriar kunne veksa og formeira seg. Det meiner i alle fall professor Chandra Wickramasinghe og kollegaene hans ved Cardiff Centre for Astrobiology, Universitetet i Cardiff. Resultata av forskinga deira vart nyleg publiserte i International Journal of Astrobiology.

Temaet ved Cardiff har rekna på varmeforholdet til kometane slik dei var etter at dei hadde vorte danna, av støv mellom stjernene og planetane, for rundt 4,5 milliardar år sidan. Danninga av solsystemet vårt blir anteke å ha vorte sparka i gang som følgje av sjokkbølgjer frå ein nærliggjande supernovaeksplosjon. Supernova innførte radioaktivt materiale, som Aluminium-26, inn i det som skulle bli solsystemet, og noko av dette materialet vart ein del av kometane. Forskarane hevdar at varmen som vart send ut frå radioaktiviteten tinte opp materialet i kometane som frå før var frose, og danna hav under overflata som kunne halda fram med å vere flytande i ein million år. Ifølgje teamet leiver utrekningane deira liten tvil om at ein stor del av dei 100 milliardane kometar i solsystemet vårt faktisk hadde slike flytande kjernar i fortida.

Indikasjonar på issmelting i nyare tid har nyleg vorte oppdaga på bilete av kometen Tempel 1, teke av “Deep Impact”-sonden i 2005. Forskarane konkluderer at kometar også i nyare tid kunne bli flytande rett under overflata, ettersom dei nærmar seg det indre solsystemet i dei langstrekte banane deira rundt sola. Nærværet av flytande vatn inne i kometar gir ytterlegare støtte til ein mogleg samanheng mellom livet på jorda – og i kometar. Teorien om at livet på jorda oppstod i verdsrommet blir kalla panspermia, og ein av utløparane frå denne teorien går altså på at kometane var kjelda til liv.

Astrobiologi er eit tverrfagleg forskingsfelt som tek for seg studiet av opphavet, utviklinga, utbreiinga og framtida for eventuelt biologisk liv i universet.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 21, 2012 9:32 AM - Last modified Feb. 10, 2023 1:15 PM