Meteoritt funne på Mars

NASA har no stadfesta at den merkelege steinen som roboten Opportunity oppdaga på Mars for nokre veker sidan, viser seg å vera den andre og hittil største meteoritten som er stadfesta funnen på ein annan planet.

Opportunity gjer helomvendig for å studera den eiendommelege steinen. (Større utgave) Foto: NASA/JPL-Caltech

Den 18. juli i år oppdaga Opportunity, den eine av robotane som utforskar overflata til planeten Mars, ein snodig forma, mørk stein. Opportunity var då i motsett retning av dit ho var i ferd med å bevega seg, og roveren vart straks sett i revers og rulla 250 meter for å studera den nærare. Steinen er ca. 0.6 meter i diameter, og ein tenkte seg raskt at dette kunne vera ein meteoritt – ein stein som har falle ned frå himmelen.

Så langt største

Teamet som oppdaga steinen døypte den “Block Island”, og forskarane sette i gang testar med Opportunitys alfapartikkel-røntgen-spektrometer, for å få målingar av samansetninga til steinen. Testane viste at steinen består av ei blanding av jern og nikkel, noko som stadfestar at dette ganske rett er ein meteoritt.

Både Opportunity og tvillingen Spirit har oppdaga mange steinar på Mars' overflate som kan vera meteorittar  dei fem åra dei har utforska planeten, men dette er berre den andre offisielle meteoritten som er stadfesta funnen på planeten. Den første, kalla “Heat Shield Rock”, vart funne i 2004 og var på storleik med ein basketball. I tillegg er “Block Island” også den største av dei to. Kvar han kjem frå, er likevel eit mysterium.

Meteoritt utan krater?

Nærbilete av meteoritten teke på sol 1959 (28. juli 2009). (Større utgave)
Foto: NASA/JPL-Caltech

Det kan synast merkeleg at ein meteoritt ligg ute på ei tilsynelatande flat slette for seg sjølv, utan spor av eit krater etter nedslaget. Ein må likevel tenkja på at det er ei god stund, kanskje milliardar av år, sidan nedslaget fann stad, og ein kan førestilla seg at overflata i fortida var dekt av eit langt tjukkare lag med materiale. Ettersom overflata etter kvart sakte men sikkert eroderte vekk, forsvann også spora etter nedfallskrateret, slik at berre det hardføre jernet/nikkel-meteoritten no ligg igjen.

Fem år og meir til

Ved slutten av juli månad hadde dei to roverane tilsaman lagt bak seg ein avstand på opp mot 25 kilometer. Mars Exploration Rover-prosjektet til NASA var meint å ha ei levetid på rundt 90 dagar, men begge fartøya feira heile 5 år på planeten den 3. januar i år. Den utrulege og uventa lange levetida er gjord mogleg av vêr og vind på Mars, som har hjelpt til med å blåsa solcellepanela reine.

Likevel har ikkje utforskinga vore heilt utan komplikasjonar og farar: Opportunity sette seg fast i ei sanddyne i 2005, men ingeniørane klarte å finna ein utveg, ved å sakta rygga ut av den heilt til hjula møtte fast grunn. For tida sit Spirit bom fast på liknande måte, men i tillegg er han på ein mykje meir hellande flate enn det Opportunity gjorde, og ei endå større sanddyne truar lenger nede i bakken. Ein er i full gang med å finna ein mogleg manøver for å få roveren fri. For å gjera dette, blir testa moglege utvegar med ein heilt lik robot på jorda og ei stor sandkasse, for å attskapa dei vanskelege forholda best mogleg.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 21, 2012 11:39 AM - Last modified Feb. 8, 2024 10:25 AM