VLT observerer det første direkte spektrumet av ein eksoplanet

Astronomar har no klart å ta det første direkte spektrumet av ein planet som krinsar rundt ei fjern stjerne. Slike spektera er “kjemiske fingeravtrykk” som gir innsikt i danninga og samansetninga til objektet. Bragda er ein milepæl i vår søken etter liv andre stader i universet.

blå, gul, raud , grøn farger

Montasjen viser spekteret til stjerna og planeten, sett med NACO-instrumentet på VLT (Very Large Telescope). Ifølgje forskarane kan funnet av spektrumet til planeten samanliknast med å finna ut kva ein stearinlys-flamme består av, ved å observera den frå ein avstand på 2 km, samtidig som flammen står tett inntil ei blendande lyspære på 300 Watt. (Klikk på biletet for større utgåve) Foto: ESO/M. Janson

Forskarane klarte å registrera spekteret av ein stor eksoplanet som går i bane rundt den lyssterke og svært unge stjerna HR 8799. Systemet ligg om lag 130 lysår frå Jorda. Stjernen har ein masse 1,5 gonger større enn Solas, og eit planetsystem som liknar ei forstørra utgåve av vårt eige solsystem.

Tre svære gassplanetar vart oppdaga av eit anna team i 2008; desse var mellom 7 og 10 gonger meir massive enn vår eiga gasskjempe, Jupiter. Dei tre planetane er mellom 20 og 70 gonger lenger unna moderstjerna enn Jorda er frå Sola. Systemet består også av to belte med mindre objekt, analogt til asteroidebeltet og Kuiperbeltet i vårt eige solsystem.

svart bilete med gul sirkel i midten
Biletet viser stjerna HR 8799 og den midtre planeten (ringet rundt). Etter meir enn fem timars eksponering klarte astronomane til slutt å lirka ut spektrumet til planeten frå det blendande lyset til moderstjerna. Foto: ESO/M. Janson

Dette er altså første gong ein har klart å direkte observera spekteret av ein eksoplanet rundt ein vanleg, meir eller mindre solliknande stjerne. Inntil no har spektera vorte tekne vha. romteleskop, og ein spesiell teknikk der ein først tek spekteret av stjerna medan planeten er skjult bak han, for så å ta spekteret av stjerna og planeten saman. Differansen mellom desse to gir då spekteret til planeten.

Denne metoden kan likevel berre nyttast viss planetbanen er orientert på ein heilt spesiell måte, noko som er tilfelle for berre ein liten del av alle eksoplanetsystem. Det nye spekteret, derimot, vart teke frå bakken med ESOs Very Large Telescope (VLT) og observasjonane av planeten vart gjord direkte, utan å vera avhengig av ei spesiell baneorientering i forhold til moderstjerna.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 10, 2012 9:21 AM - Last modified Feb. 13, 2023 2:01 PM