Svarte hol-jegerar set ny avstandsrekord

Ved hjelp av ESOs Very Large Telescope har astronomar oppdaga eit stjernedanna svart hol i ein annan galakse, mykje lengre unna enn dei me kjenner frå før. Det svarte holet vart danna då ei stjerne døydde, og med ein masse på meir enn femten gonger massen til sola er det samtidig det nest tyngste dømet ein har av denne typen objekt. Objektet har dessutan ein stjernekompanjong som snart vil bli eit svart hol sjølv.

Kunstnarisk framstilling ein svart hol som ei kjempe stor blå kule

Kunstnarisk framstilling av det svarte holet i NGC 300 X-1 og kompanjong-stjerna (større utgåve). Illustrasjon: ESO/L. Calçada

Det nyoppdaga svarte holet ligg i ein spiralgalakse kalla NGC 300, seks millionar lysår frå Jorda. Avstanden frå Melkeveien til den næraste spiralgalaksen, Andromeda, er til samanlikning omtrent 2,5 millionar lysår. Svarte hol som blir danna frå stjerner i Melkeveien veg opptil ti gonger meir enn sola. Det er imponerande, men ikkje nødvendigvis så mykje samanlikna med dei ein finn utanfor galaksen vår. Det svarte holet som no er oppdaga har over femten gonger meir masse enn sola. Dette er eit av berre tre slike objekt me kjenner til, og i tillegg altså det første som er observert utanfor det galaktiske nabolaget vårt.

Den noko underlege partnaren til det svarte holet, som har ein masse på rundt tjue solmassar, fell i ein kategori stjerner kalla Wolf-Rayet-stjerner. Wolf-Rayet-stjerner er stjerner som nærmar seg slutten av sine liv, og som kastar av seg størsteparten av dei ytre gasslaga sine før dei eksploderer som supernovaer, der kjernen imploderer og sjølv dannar svarte hol.

Plasseringa av NGC 300 X-1 i vertsgalaksen.
Illustrasjon: ESO/ Digitized Sky Survey 2/P. Crowther

Teikn på nærværet av eit svart hol i galaksen NGC 300 kom etter at ei svært sterk kjelde til røntgenstråling hadde vorte oppdaga med røntgenobservatoroet XMM-newton tilhøyrande den europeiske romorganisasjonen ESA. Den ekstremt sterke, periodisk røntgenstrålinga har vorte påvist å vera nettopp eit svart hol takka vera nye observasjonar med FORS2-instrumentet på ESOs Very Large Telescope. Wolf-Rayet-stjerna og det svarte holet går i ein tett bane rundt kvarandre over ein periode på berre 32 timar. Astronomane fann i tillegg ut at det svarte holet syg til seg materie frå stjerna medan dei krinsar rundt kvarandre. I framtida, etter at kompanjongstjerna sjølv er vorte til eit svart hol, vil kanskje dei to objekta smelta saman til eit endå meir massivt objekt.

By Kristin C. Carlsson
Published Aug. 10, 2012 9:53 AM - Last modified Feb. 13, 2023 1:14 PM