ITAs solfysikkgruppe blant fysikkmiljø i verdsklasse

Kvaliteten på norske fysikkmiljø er no granska av ein internasjonal komité. Nokre grupper er verdsleiande på sine felt. Fire av desse ligg ved Universitetet i Oslo, og eitt av dei er toppforskingsmiljøet solfysikk ved ITA.

biletet av sola

Foto: NASA/ESA

Forskingsrådet ikkje berre finansierer forsking, men gir også tilrådingar om kva retning forskinga bør utvikla seg for å halda kvalitet og vera relevant, heiter det i ei pressemelding frå Noregs forskingsråd. Derfor blir alle miljø evaluerte, primært innanfor grunnleggjande forsking, jamleg. Denne gongen var det fysikaranes tur.

45 forskingsgrupper er evaluerte. Ca 15 % av gruppene får toppkarakter. Dei fire gruppene ved Universitet i Oslo som fekk stempelet “excellent” er:

  • Gruppa for fysikalsk elektronikk, som er medlem av Senter for materialvitskap og nanoteknologi og har MiNaLab som sin viktigaste infrastruktur.
  • Gruppa for høgenergi partikkelfysikk, som er eit av norske miljøa med aktivitetar ved det europeiske laboratoriet for kjerne- og partikkelfysikk, CERN.
  • Gruppa for solfysikk, som er godt integrert i internasjonale solforskningprogrammer.
  • Physics of Geological Processes, som vart utnemnt til senter for framifrå forsking (SFF) i 2003.

Komiteen meiner gruppene har ei internasjonalt leiande rolle og gjennomfører original forsking som blir publisert i dei beste internasjonale tidsskrifta. Produktiviteten er høg, aktiviteten er relevant for internasjonal forsking og for det norske samfunnet. I tillegg ligg klare føre og overbevisande strategiske planar.

– Det er svært nyttig å få forskingsaktiviteten granska i eit internasjonalt perspektiv på denne måten, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet. – Me kan gle oss over at Noreg ligg langt framme innanfor fleire felte i fysikk. Samtidig må me ta dei kritiske konklusjonane i komiteen alvorleg. Mellom anna at me har for mange små og fragmenterte miljø. Dessutan manglar strategiske utviklingsplanar ved mange forskingsinstitusjonar.

Toppforskingsmiljø

I mange år har Institutt for teoretisk astrofysikk vore sterkt engasjert i solfysikk. Solfysikk-gruppa ved instituttet er eitt av toppforskingsmiljøa ved det Matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Målet for forskingsgruppa er å forstå fysikken i den ytre atmosfæren til sola. For å jobba mot målet, blir bruk kombinert av verdsleiande fasilitetar for observasjonar av sola med avanserte numeriske modellar, for å utforska vår næraste stjerne.

Published Aug. 10, 2012 10:01 AM - Last modified Feb. 13, 2023 1:09 PM