Dawn får sitt første glimt av Vesta

NASAs romfartøy Dawn er på veg mot asteroiden Vesta og tok 3. mai sitt første bilete av asteroiden. Frå ein avstand på 1.2 millionar km synest Vesta som ei stjerne blant mange. Dette biletet vil hjelpa til med å rekna ut dei finjusteringane som trengst når Dawn etter planen skal gå i bane rundt asteroiden 16. juli i år.

bilete av ein lyse prikk i midten

Dawns første glimt av asteroiden Vesta (Vesta er den lyse prikken i midten av biletet). Vesta skin mykje sterkare enn stjernene i bakgrunnen, så biletet er teke med lang eksponeringstid for å gjera stjernene synlege. Den lange eksponeringstida gjer at Vestas storleikar ser overdrive stor ut, derfor er eit bilete med kort eksponeringstid lagt oppå for å visa Vestas rette storleik. Bilete: NASA/JPL-Caltech/UCLA/MPS/DLR/IDA

Dawn vart skoten opp så lenge sidan som september 2007 og vil altså bruka nesten fire år på å komma fram. Totalt vil oppdraget vara i nesten ti år. Planen er å studera både asteroiden Vesta og dvergplaneten Ceres; dei to største lekamane i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter. Dette er himmelobjekt som vart danna tidleg i solsystemets historie, og Dawn vil derfor henta inn kunnskap som vil hjelpa oss å forstå korleis solsystemet vart til.

Denne saka blir oppdatert.

Publisert 1. juni 2011 12:30 - Sist endret 14. feb. 2023 23:11