To av mysteria til solflekkene oppklart

Solflekkene er mørkare enn områda rundt. Dette kjem av at det sterke magnetfeltet i flekkene hindrar energien frå solas indre frå å komma ut. Mysteriet er ikkje kvifor solflekkene er mørke men kvifor dei ikkje er heilt svarte. Ei gruppe forskarar ved Kungl. Vetenskapsakademien, Stockholms universitet og Universitet i Oslo har no funne dei boblande rørslene av gass som transporterer energien opp til overflata. Resultata vart publiserte 2.juni i det anerkjende tidsskriftet Science.

Biletet av ein solflekk og dens omgivnader, gull, oransje og svart

Ein solflekk og dens omgivnader. Biletet er teke i blått lys kvar oppløysinga er best. Fargane er lagde på etterpå av estetiske grunnar. Solflekken består av ein mørk, sentral umbra som er ca 4000 grader varm, omgitt av ein penumbra beståande av avlange strukturar som peikar ut frå umbraen. Utanfor flekken ser me normal konveksjon med lys, varm gass (ca 6000 grader) som bevegar seg oppover og mørkare område med gass som bevegar seg nedover. Biletet svarer til 47000 km på sola. Dei minste detaljane me kan sjå er 70 km. Bildet er tekne med det svenske solteleskopet på La Palma. Foto: Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO.

"Eigentleg finst det berre éin måte å effektivt transportera energi oppover under Solens overflate: gjennom oppovergåande varm gass som blir kjølna ved overflata og deretter søkk tilbake som kaldare og tettare gass", seier Göran Scharmer frå Stockholms universitet som har leidd forskargruppa.

Me kallar dette for konveksjon. Slike rørsler, granulasjon, ser me overalt på Solen unnateke i solflekker. Dei ytre delane av solflekkene (penumbraen) har avlange strukturar (sjå bilete) og i denne delen av flekkene har det enno ikkje vore observert nokon konveksjon. I staden har det i over 100 år vorte observerte gass som strøymer horisontalt utover langs dei avlange strukturane med høg fart (fleire tusen km per time). Sidan desse straumdraga er horisontale kan dei ikkje transportera energien frå det indre av Solen. Numeriske berekningar har vist at det i tillegg til dei horisontale straumdraga burde finnast konveksjon inne i penumbraen. Den svensk-norske forskargruppa har no funne slike straumdrag.

 ”Ingen har greidd å finna desse straumdraga tidlegare trass i mange forsøk. Me har no greidd dette med det svenske solteleskopet på La Palma takka vera svært nøyaktige kalibreringar og fjerning av forstyrringar frå Jordens atmosfære. Dette har gitt to gonger skarpare bilete enn tidlegare og det var nok til å finna desse straumdraga” seier postdoktor Jaime de la Cruz Rodriguez ved Institutt for teoretisk astrofysikk, Universitetet i Oslo.

Dei nye målingane viser at konveksjonen er sterk nok til å transportera den energien som blir strålt ut, og dei gir også støtte til ein modell som forklarer dei horisontale raske straumdraga som ein konsekvens av konveksjonen. Dermed løyser dei nye observasjonane to av mysteria til solflekkene.

 

Film som viser utviklinga av ein solflekk i løpet av ein time. Filmen er sett saman av observasjonar gjorde ved det svenske solteleskopet på La Palma. Foto: Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO.

Pressekontakter: Luc Rouppe van der Voort (tlf 45059431) og Viggo Hansteen (tlf 90955042).

Publisert 2. juni 2011 21:01 - Sist endret 14. feb. 2023 23:03