Tre asteroidar offisielt oppkalla etter norske skular

Den norske komiteen for Astronomiåret 2009 kunngjorde tre store konkurransar i 2009. Ein av dei vende seg til grunnskulane. Den skulen som utmerkte seg mest i formidling av astronomi i løpet av jubileumsåret, ville få ein asteroide offisielt kalla opp etter seg. Juryen klarte ikkje kåra berre éin vinnar, dermed vart det tredelt førsteplass.

Av Jan-Erik Ovaldsen
Publisert 19. aug. 2011 09:54 - Sist endret 13. feb. 2023 14:10