Skannar fleire milliardar galaksar

Skanning av mange milliardar galaksar kan forhåpentleg løysa den store gåta om mørk materie og mørk energi.

illustrasjonsbiletet av ein satellitt i rommet

ROMTELESKOP: Når den europeiske romfartsorganisasjonen ESA skyt opp romteleskopet Euclid om fem år, har astrofysikarane store forhåpningar om å avkle nokre av løyndommane til mørk materie og mørk energi. Foto: ESA

Når den europeiske romfartsorganisasjonen ESA skyt opp romteleskopet Euclid om fem år, har astrofysikarane store forhåpningar om å avkle nokre av løyndommane til mørk materie og mørk energi. Berre fire prosent av innhaldet i universet er synleg. Nesten heile universet består av mørk materie og mørk energi.

Den einaste måten å observera denne mørke delen på, er å rekna seg fram til korleis ulike krefter, slik som gravitasjonskrafta, påverkar rørslene til den synlege massen i universet.

Romteleskopet skal derfor skanna himmelen, bit for bit, og avfotografera og finna 2000 eigenskapar til kvar einaste synlege galakse. Kvar galakse består av mellom ti millionar og hundre tusen milliardar stjerner. Sjølv om forskarane reknar med å finna mellom fem og femten milliardar galaksar, er dette likevel berre ein liten brøkdel av alle galaksane i universet. Dei fleste er så langt unna at dei aldri vil bli mogleg å observera. Mange av galaksane er så lyssvake at teleskopet må bruka svært lange eksponeringstider.

Det finst ei rekkje hypotesar om mørk materie og mørk energi. Astrofysikarane er avhengige av enorme mengder med data for å kunna dementera eller stadfesta dei. Poenget deira er å kunna skilja dei gjennom ørsmå variasjonar i dei statistiske berekningane.

Fråstøytande gravitasjon

Universet har dei siste milliardane åra utvida seg stadig raskare. Det betyr at dei galaksane som er lengst vekke frå den heimlege galaksen vår, Melkeveien, bevegar seg langt raskare vekk frå oss enn dei nærare galaksane.

– Denne utvidinga er ein av gåtene til astrofysikken. Tyngdekrafta burde ha fungert som ein brems som hadde fått utvidinga til å gå saktare. Det må altså finnast eit stoff eller ein type energi i universet som fungerer som ei fråstøytande tyngdekraft, poengterer dr. scient. Stein Vidar Hagfors Haugan på Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo.

Les heile saka i Apollon

Av Yngve Vogt
Publisert 17. aug. 2015 10:30 - Sist endret 15. feb. 2023 17:35