John Barrow: Our Universe and Others

John D. Barrow vitjar Realfagsbiblioteket med foredraget sitt «Our Universe and Others». Bli med på eit foredrag som presenterer dei nyaste observasjonane om den framtidige skjebna til universet vårt.

 

John D. Barrow har lova oss eit foredrag der han vil presentera dei siste observasjonane i kosmologi. Foredraget vil gje oss ny innsikt i korleis kosmologar har kunna føreseia og forstå heile univers. Me følgjer oppdaginga av univers som ekspanderer, trekk seg saman, sprett og spinn, til inflasjon, multivers og dei nyaste observasjonane om den framtidige skjebna til vårt eige univers.

Arrangør: Realfagsbiblioteket

Publisert 27. mars 2014 11:25 - Sist endret 6. jan. 2020 14:17