Forskarane fann ikkje den venta forskjellen i legemiddelbruken til mora avhengig av om graviditeten var planlagd eller ikkje. Dei skreiv om det likevel.
2020
Ein bakterie som kan matforgifta menneske, har evna til å festa seg til komponentar av bindevev. Men kanskje plagar han oss utan å bruka den evna.
Dosen var høgare enn noko som var kjend frå før. Nyreseksjonen trong all sin kunnskap om legemiddelet, men vart litt overraska då prøvesvara kom.
Med aukande antibiotikaresistens treng vi ny behandling mot sjukdomsframkallande E. coli. Men då må vi forstå meir om korleis bakterien fungerer.
Auka nivå av mjølkesyre i hjernen er eit teikn på at noko er gale. Ny studie viser kvar og korleis hjernen sjølv fylgjer med.
For mykje av enzymet legumain kan føra til beinskøyrheit. Det same kan mykje brukte syredempande medisinar. Kanskje er det ein samanheng.
Blodprøver på papir kan pasienten ta heime i stova. No får forskarane prøvepapiret til å starta analysearbeidet medan det er undervegs i posten.
Gode beslutningsverktøy er til god hjelp for gravide og fører òg til betre oppfylgjing frå helsepersonell. Men det finst nesten ingen på norsk.
Mange reknar soppen chaga som ein vedundermedisin mot «alt». Det er han nok ikkje, men noko hjelper han mot. I framtida kan han bli kreftmedisin.
Sjølv pasientar med tett oppfølging og måling av legemiddelnivå er elles som folk flest. Tolking av målingane tek ikkje alltid omsyn til det.
Dersom stoffet curcumin i krydderet gurkemeie skal brukast som legemiddel, må kroppen kunna ta det opp. Forskarane prøver å finna ut korleis.
Multidose hjelper heimesjukepleia å gje medisin slik legen har bestemt. Men det hjelper ikkje å fylgja føreskrivinga dersom føreskrivinga er feil.
Klozapin har god effekt på schizofreni, men høg risiko for biverknadar. Andre legemiddel må prøvast fyrst, men pasienten fylgjer ikkje alltid opp.
Fleire legemiddel som verkar på protein av typen PPARγ, vart tekne av marknaden grunna biverknadane. Men forsking det siste tiåret opnar nye dører.
Analysar av biologiske prøvar for å finna vassløyselege substansar, er utfordrande. Om ti år kan det vera betydeleg enklare.
Med store mengder helsedata kan forskarane laga betre persontilpassa medisinar. Men modellane deira vert for store til å køyra på ein vanleg PC.
Dødsfall som på Haukeland nyleg er sjeldne, men feilmedisinering skjer fleire gonger om dagen ved norske sjukehus. Feila kunne vore unngått.
Mange kvinner blir deprimerte i samband med svangerskap og fødsel. No samarbeider forskarar frå heile Europa for å finna den beste hjelpa.
Om det er sjølve medisinbruken som er årsaka, er framleis uklart. Studien fann ikkje annan alvorleg risiko for barnet ved normal bruk.
Legemiddel som vert utsette for lys over lengre tid, kan mista effekten eller bli giftige. No kjem hjelpa helsevesenet har venta på.
Ikkje berre forbrenn kreftcellene feitt mindre effektivt enn friske celler. Dei kan òg ha dårleg påverknad på muskelceller i same retning.
Immunsystemet hjå nyretransplanterte må hindrast i å få kroppen til å støyta frå seg det nye organet. Men legemiddeldosen må tilpassast pasienten.
Ein kombinasjon av kollagen frå restråstoff etter slakt og ein «ny» klasse stoff kalla NADES har potensial til å behandla infiserte kroniske sår.
Dagens metodar for å kartleggja tilstanden i sårbare økosystem er omstendelege og omtrentlege. DNA-baserte løysingar kan gje betre overvaking.
Sjukehus og legemiddelindustri vil fyrst få glede av oppfinninga, som er basert på UiO-forsking. På sikt kan pasientar kanskje gjera testen sjølv.