Betre oppfylgjing gjennom sjukehusopphaldet gav betre legemiddelbehandling ved utskriving

Når ein farmasøyt fylgjer opp innlagde pasientar som brukar mange legemiddel, vert risikoen for undermedisinering etter utskriving redusert.

Eldre pasient i samtale med farmasøyt i sjukehusuniform

Legemiddelsamstemming mellom pasient og farmasøyt. Foto: Øystein Horgmo, UiO

IMM (Integrated Medicines Management) er ein prosess som skal sikra optimal legemiddelbruk for pasienten, ved at farmasøytar samarbeider med legar og sjukepleiarar under et sjukehusopphald.

For nokre år sidan vart det gjennomført ei undersøking på bruken av IMM ved Indremedisinsk sengepost ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål. Titan har tidlegare skrive om at bruken av IMM på denne sengeposten førde til færre dødsfall etter utskriving og lengre tid til neste innlegging.

– Denne gongen ville vi sjå nærmare på sjølve legemidla, eller meir presist legemiddellistene, altså ei oversikt over legemidla den enkelte pasienten brukar, seier Malin Olsen Syversen, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Fastslå kva legemiddel pasienten skal bruka

Studien omfatta 386 multisjuke pasientar, altså med to eller fleire sjukdommar. Desse vart delte i to like store grupper, ei kontrollgruppe og ei intervensjonsgruppe. Begge gruppene gjekk gjennom ei legemiddelsamstemming, der opplysningar om pasienten sin legemiddelbruk vart samla inn frå alle tilgjengelege kjelder. Men der slutta likskapen.

– For kontrollgruppa vart legemiddellista lagt til sides. For intervensjonsgruppa vart lista derimot gått gjennom av farmasøytar, legar og sjukepleiarar for å vurdera kor hensiktsmessig det enkelte legemiddel var, og om det fanst uheldige kombinasjonar, fortel Syversen.

– I løpet av sjukehusopphaldet vart det gjort ein eller fleire tilsvarande gjennomgangar etter behov. Ei siste legemiddelsamstemming vart gjort til slutt, for å fastslå kva legemiddel pasienten skulle bruka etter utskriving.

Liten auke i undermedisinering

Malin Olsen Syversen
– Tilfella av undermedisinering gjekk signifikant ned samanlikna med kontrollgruppa, seier Malin Olsen Syversen. Foto: Adam R. Babinski, UiO

Òg i kontrollgruppa, som ikkje hadde hatt gjennomgang av sine legemiddellister, vart listene ved utskriving henta inn. Ved å samanhalda desse listene med opplysningar om diagnose og sjukdomsgang, kunne forskarane samanlikna dei to gruppene.

– Vi brukte verktøyet START-2 for å vurdera om pasienten var undermedisinert, altså at han hadde behov for legemiddel som han ikkje fekk. Verktøyet STOPP-2 fortel om pasienten får medisinar som er uhensiktsmessig, forklarar Syversen.

– Vi fann at tilfella av undermedisinering i intervensjonsgruppa gjekk signifikant ned samanlikna med kontrollgruppa. I sistnemnde var det faktisk ein liten auke i undermedisinering etter sjukehusopphaldet.

Men for overmedisinering gjorde dei ikkje tilsvarande funn. Der låg dei to gruppene på same nivå etter sjukehusopphaldet. Syversen trur dette kan ha fleire årsaker, blant anna at endringane som vart gjorde i intervensjonsgruppa ikkje førte til mindre uhensiktsmessig behandling i fylgje STOPP-2-verktøyet.

Positiv effekt på legemiddelbehandling

– Legar kan kvi seg for å ta bort medisinar frå folk, eller dei kan føretrekkja å fylgja standardiserte retningslinjer for denne gruppa heller enn å gjera individuelle tilpassingar, seier ho.

– Kanskje ynskjer ein heller ikkje å avmedisinera medan pasienten er under akutt behandling på sjukehus. Det kan vera enklare å fjerna medisinar når pasienten er i en meir stabil fase.

Ho synest likevel at nedgangen i undermedisinering som studien viser, er oppmuntrande.

– Det viser at IMM har ein positiv effekt på kvaliteten av legemiddelbehandling under eit sjukehusopphald. At vi berre ser ein nedgang i undermedisinering, men ikkje i overmedisinering, kan delvis skuldast det same: det er lettare å leggja til nye medisinar enn det er å trekkja frå.

Den vitskaplege artikkelen

Syversen m.fl.: Effect of integrated medicines management on the quality of drug treatment in hospitalised multimorbid patients — a secondary endpoint analysis of a randomised controlled trial. International Journal of Pharmacy Practice, Feb 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 27. mars 2023 08:18 - Sist endra 27. mars 2023 08:37