Fyrste felles europeiske retningslinjer for behandling av fødsels- og svangerskapsdepresjonar

Symptoma er dei same, men behandlinga har vore ulik frå land til land. No kan helsepersonell stø seg på vitskapleg funderte retningslinjer på tvers av landegrensene.

Teikning av fem gravide kvinner og nybakte mødrer (skjermdump frå video lenger nede i saka)

Depresjon under og etter graviditeten påverkar ei av fem kvinner. Skjermdump: Riseup-PPD COST ACTION

I mange land utarbeider styresmaktene retningslinjer for ei rekkje medisinske tilstandar. Desse retningslinjene inneheld råd og anbefalingar til helsepersonell om behandling av pasientar.

Sidan 2019 har forskarar og fagfolk samarbeida om å utvikla felles retningslinjer for depresjonar knytt til svangerskap, fødsel og den fyrste tida etter, det som forskarane med eit fellesomgrep kallar perinatal depresjon. No ligg resultatet føre.

– Tidlegare har det vore forskjellar mellom retningslinjene i ulike land, som gjev lita meining når det er same diagnosen det er snakk om. Kvaliteten på retningslinjene har òg vore varierande, og fleire land, spesielt i Aust-Europa, har ikkje hatt retningslinjer i det heile, fortel Angela Lupattelli.

Ikkje berre anbefaling om beste behandling

Ho er professor ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, og har representert Noreg i arbeidet.

– Desse retningslinjene femner vidt. Dei omfattar førebygging, screening, diagnose, og behandling. Då meiner vi ikkje berre psykoterapi eller medikamentell behandling, seier Lupattelli.

– Vi har òg med behandlingsformer som massasje, musikkterapi og fysisk trening. Men for de fleste av desse behandlingane har vi berre svake anbefalingar eller ikkje noko anbefaling, fordi det finst lite eller ingen dokumentasjon på positiv effekt.

Dei nye retningslinjene inneheld nemlig ikkje berre anbefalingar om kva som er den beste behandlinga. Dei deler ulike behandlingar inn i sterkt anbefalte, moderat anbefalte og svakt anbefalte, og tek òg med kor god dokumentasjon som ligg til grunn for den enkelte vurderinga.

Farmakologisk del mest omfattande

Angela Lupattelli
– Ei mor med ubehandla perinatal depresjon kan ha vanskar med å ta seg av barnet sitt, seier Angela Lupattelli. Foto: UiO

– Retningslinjene er ikkje å oppfatta som pålegg, dei er som namnet seier retningsgjevande. Kvar pasient må få ei individuell vurdering, der ein må trekkja inn faktorar som om kvinna har ein forhistorie med psykiske vanskar, og kva kvinna sjølv ynskjer og er komfortabel med, seier Lupattelli.

– Nokre medikamentelle behandlingar kan til dømes medføra ein viss risiko for seinverknadar hjå barnet, men ei mor med ubehandla perinatal depresjon kan ha vanskar med å ta seg av barnet sitt.

Saman med ein psykiater frå Tyskland har Lupattelli hatt ansvaret for den farmakologiske delen av retningslinjene. Det har vore den mest omfattande delen, seier ho.

Representantar for aktuelle yrkesgrupper

– Vi har gått gjennom det som finst av vitskaplege review- og meta-analyseartiklar frå dei siste femten åra. Dette er artiklar som går gjennom og oppsummerer forsking som er gjort av andre. Vi har sett på funna, og vurdert styrken av dei. Kor mange personar har vore inkludert i studien, til dømes, seier Lupattelli.

– For eitt legemiddel leste vi gjennom 74 vitskaplege artiklar, før vi enda opp med berre nokre få anbefalingar i retningslinjene.

Slik sparar forskarane legar, jordmødrer og anna helsepersonell for mykje graving for å finna den beste behandlinga. Arbeidet har mykje til felles med det som ligg til grunn for dei nemnde review-artiklane, men sluttresultatet skil seg likevel frå ein vitskapleg artikkel.

– Desse retningslinjene skal brukast av dei som er i direkte kontakt med kvinna om behandlarar. Vi har derfor hatt representantar frå desse yrkesgruppene med i arbeidet, slik at retningslinjene skal bli så tydelege og forståelege som råd.

Les retningslinjene her: Evidence-Based Clinical Practice Guidelines For Prevention, Screening and Treatment Of Peripartum Depression

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 27. okt. 2023 08:03 - Sist endra 27. okt. 2023 08:03