Grønare testing av lovleg og ulovleg amfetamin

Illegalt og legalt amfetamin kan kjennast frå kvarandre i laboratoriet. Ny og grønare analysemetode gjev like godt resultat som eksisterande metodar.

Striper med kvitt pulver på ei flate. Eit samanrulla papir som nokon har inhalert ei halv stripe med

Amfetamin er eit utbreidd ulovleg rusmiddel. Foto: Colourbox

Amfetamin vart fyrst framstilt i 1887. I fyrste halvdel av førre århundre vart stoffet brukt som slankemiddel og som nasespray for å få blodkar til å trekkja seg saman. Under andre verdskrigen brukte amerikanske soldatar amfetamin for å halda seg vakne.

I dag vert amfetamin brukt medisinsk mot ADHD og narkolepsi. Men den sentralstimulerande effekten har òg gjort stoffet til eit av dei mest utbreidde ulovlege rusmidla.

– I rusmiddeltesting og rusbehandling ynskjer ein å skilja mellom inntak av lovleg og ulovleg amfetamin. Ein vil kunne avdekkja om ein pasient berre brukar amfetaminet som legen har gitt, eller om dei har brukt illegalt amfetamin ved sida av. Ein føresetnad for medisinsk behandling er nemlig at pasienten er rusfri, seier Tonje Gottenberg Skaalvik.

Trekkjer ut frå urin eller blod

Skaalvik arbeider på Avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs Hospital og tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Ho forklarer at ein kan skilja mellom lovleg og ulovleg amfetamin fordi amfetaminmolekylet finst i to versjonar med ulik molekylstruktur.

– Dei er spegelvende versjonar av kvarandre, omtrent som to hender er det. I kjemien seier vi at dei er kirale. Desse versjonane kan vi identifisera i laboratoriet, og dermed slå fast om det vi har å gjera med legalt eller det illegalt stoff. Lovlege amfetaminpreparat inneheld berre den eine forma, medan illegalt stoff inneheld begge formene, seier Skaalvik.

Sjølve analysen krev dyre instrument. Men før analysen kan gjerast, må prøven opparbeidast, som det heiter. Det inneber at ein trekkjer ut stoffet som skal analyserast, frå mediet det kjem i, vanlegvis urin eller blod.

Klarar seg med 9 mikroliter løysemiddel

Tonje Gottenberg Skaalvik
– Fordelen med EME er at den brukar mykje mindre organisk løysemiddel enn dagens metode, fortel Tonje Gottenberg Skaalvik. Foto: Privat

– Ved Farmasøytisk institutt har ein utvikla ein prøveopparbeidingsteknikk som heiter elektromembranekstraksjon, eller EME. Den står på terskelen til å bli lansert kommersielt, og på laboratoriet vårt i Trondheim har eg fått testa ut ein prototyp frå produsenten, Extraction Technologies Norway, seier Skaalvik.

– Samanlikna med metoden vi brukar frå før, gjev EME like pålitelege resultat. Men fordelen med EME er at den brukar mykje mindre organisk løysemiddel enn dagens metode.

Organiske løysemiddel kan vera til skade for miljøet, og ein søkjer derfor å redusera bruken av dei der ein kan. EME krev òg organiske løysemiddel for å opparbeida ein prøve, men der dagens metode krev 900 mikroliter løysemiddel, klarar EME seg med 9 mikroliter.

Vil opparbeida 96 prøvar om gongen

– I løpet av eitt år vil laboratoriet vårt åleine bruka fire liter mindre organisk løysemiddel med EME, og det er berre for denne eine analysen. Laboratoriet utfører mange andre analysar òg. Om vi tek i bruk EME på fleire analysar, og om andre gjer det samen, vil dette føra til mindre belastingar på miljøet, seier Skaalvik.

Men sjølv om EME gjev like gode resultat, vil det enno gå litt tid før dei tek i bruk den nye metoden i Trondheim.

– Prototypen eg har testa, og som sidan er vidareutvikla og lansert kommersielt,  kan berre analysera ti prøvar om gongen. Det kan fungera godt for nokre analysar, men i eit laboratorium med svært mange prøvar vil vi helst opparbeida 96 prøvar om gongen. Teknologien skal utviklast i den retningen.

Den vitskaplege artikkelen

Skaalvik m.fl.: Determination of amphetamine enantiomers in urine by conductive vial electromembrane extraction and ultra-high performance supercritical fluid chromatography tandem mass spectrometry. Drug Testing and Analysis, Apr 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 16. mai 2023 06:34 - Sist endra 30. aug. 2023 08:54