Inga endring i legemiddelbruk hjå gravide etter samtale med farmasøyt

Det treng ikkje vera noko ulempe. Forskaren sjølv fortel om eit stort behov for legemiddelinformasjon blant gravide.

Gravid kvinne som har samtale med farmasøyt i apotek

Farmasøytar på apotek kan gje rettleiing om legemiddelbruk i svangerskapet. Foto: Colourbox

Dei fleste legemiddel er trygge å bruka under graviditeten, men for sikkerheits skuld bør ein alltid rådføra seg med helsepersonell. Men samstundes er det ikkje nødvendigvis slik at ei kvinne som vert med barn, straks bør slutta med alle legemiddel ho brukar.

– Ein tek jo desse legemidla av en grunn. Denne grunnen vert ikkje nødvendigvis borte sjølv om kvinna vert gravid. Mange legemiddel vert rekna som trygge og riktige å bruka i svangerskapet. I andre tilfelle kan det vera nødvendig å vurdera ein kjend, men liten risiko opp mot fordelane det har for mor å halda fram med legemidlet, seier farmasøyt Elin Ngo, som nyleg tok doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Og mange legemiddel anbefaler ein å vera forsiktig med, ikkje fordi vi veit at dei medfører risiko, men vi veit ikkje om dei gjer det eller ikkje. Så då vil ein vera på den sikre sida.

Ikkje synleg endring i medisinbruk

Ein samtale med ein ekspert på legemiddel, altså ein farmasøyt, ville hjelpa kvinnene å bruka legemiddel på ein trygg måte under svangerskapet. Det var i alle fall arbeidshypotesen då dei gjorde ei undersøking med norske gravide.

– Vi delte deltakarane i to grupper. Den eine gruppa fekk ein samtale med farmasøyt i fyrste trimester, altså i løpet av dei tre fyrste månadane av svangerskapet. Kontrollgruppa fekk ikkje ein slik samtale. Begge gruppene inneheldt i overkant av hundre deltakarar, fortel Ngo.

– Så samanlikna vi legemiddelbruken deira under svangerskapet, basert på deira eiga rapportering og på opplysningar frå Reseptregisteret, der alle uthentingar av reseptmedisinar vert registrert.

Då dei gjekk laus på resultata, viste det seg at dei som hadde farmasøytsamtale ikkje hadde noko synleg endring i medisinbruk samanlikna med kontrollgruppa.

Nokre moglege feilkjelder

Elin Ngo
– Det viktigaste er ikkje endring, men at dei gravide er trygge i legemiddelbruken sin, seier Ngo. Foto: Adam R. Babinski/UiO

– Målet er då heller ikkje at det absolutt skal skje ei slik endring. Det viktigaste er at kvinnene har ein trygg og fornuftig legemiddelbruk i svangerskapet, seier Ngo.

– Ein tidlegare studie frå den same undersøkinga viser at kvinnene oppfatta samtalen som nyttig og tryggande. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at det vil hjelpa å få stadfest at den bruken ein sjølv har rekna som trygg, faktisk er det.

Men Ngo peikar på nokre moglege feilkjelder som gjer det ynskjeleg med vidare forsking.

Brukte sosiale medium

– Ein ting er kontrollgruppa. Dei fekk jo ikkje den same kontrollerte farmasøytsamtalen som dei andre, men sidan dei var med i undersøkinga, fekk dei jo vita at moglegheita fanst. Dei kan godt ha snakka med farmasøytar på apoteket på eige initiativ, seier Ngo.

– Dei kan òg ha vore innom eit apotek med eit konkret problem, t.d. forstopping, og diskutert tiltak med farmasøyten der. Då har dei jo fått farmasøytisk rettleiing sjølv om det ikkje skjer innanfor den strukturerte ramma dei andre fekk

Ei anna utfordring var å få tak i dei gravide tidleg nok i svangerskapet. Forskarane ville gjerne nå kvinnene så tidleg som to veker ut i svangerskapet. Men den fyrste svangerskapskontrollen vert ikkje tilbode før mange veker seinare.– Dermed finst ikkje noko samlingspunkt vi kan bruka for å rekruttera deltakarar på eit så tidleg stadium. Mange vel jo òg å halda graviditeten for seg sjølv den fyrste tida, seier Ngo.

Sidan det ikkje finst nokon annan arena å rekruttera deltakarane på, måtte forskarane bruka sosiale medium for å få tak i gravide som kunne tenkja seg å delta.

Tidlegare kontroll opnar for breiare rekruttering

– Dei som melder seg frivillig til å delta i slike studiar, er ofte ressurssterke og har eit solid nettverk. 96–97 % av deltakarane våre var i eit stabilt forhold, som kan indikera betre sosial støtte heimefrå. Rundt 85 % hadde høgare utdanning, og langt dei fleste var i jobb, mange i helsesektoren, fortel Ngo.

– Denne gravide populasjonen søker ofte etter medisinsk informasjon på eiga hand, slik at nytten av ein farmasøytsamtale er mindre enn kva den ville vera for andre.

Ngo gjer seg nokre tankar om korleis ein kan nå ut til gravide som ikkje har dei same føresetnadane for å skaffa seg god informasjon.

– I 2018 kom det oppdaterte retningslinjer som tilrår at fyrste svangerskapskontroll skal skje i veke 6, mykje tidlegare enn før. Kanskje kan den gjennomførast med lege, jordmor og farmasøyt saman. Tidlegare kontroll opnar òg for å rekruttera breiare til framtidige undersøkingar, seier ho.

– Det er ikkje meininga at farmasøyten skal ta plassen til dei andre, men bidra med kompetanse som utfyller dei andre sin. Vi må berre finna ut korleis vi best mogleg kan gjera oss nytte av denne kompetansen.

Den vitskaplege artikkelen

Ngo m.fl.: Impact of primary care pharmacist consultations on pregnant women’s medication use: The SafeStart intervention study linked to a national prescription database. International Journal of Clinical Pharmacy, May 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 11. mai 2023 06:58 - Sist endra 11. mai 2023 06:58