Lengre antibiotikabehandling gav meir utslag i tarmfloraen hjå mus

Nokre bakteriegrupper kom saktare tilbake til tidlegare nivå ved lengre behandling, men dei fleste var restituerte etter ein dag eller to.

Illustrasjon av bakteriar

Tarmen inneheld mange hundre, kanskje meir enn tusen ulike bakteriar. Ill.: katemangostar/Freepik

Mange av oss har vore gjennom antibiotikakurar som vi samvitsfullt har fullført sjølv om alle symptom er borte, fordi vi har fått beskjed om at vi sluttar for tidleg, aukar det risikoen for antibiotikaresistente bakteriar. Men det er ikkje nødvendigvis riktig.

– Nyare studiar viser at det ofte held å bruka antibiotika til kroppen har kontroll på infeksjonen sjølv, og for enkelte infeksjonar har ein endra råda for behandlingslengda, seier Katrine Lekang, no rådgjevar hjå MatPrat, tidlegare ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo (FAI).

– Ting tydar nemleg på at antibiotikabehandling ut over det som er nødvendig, kan føra til resistens hjå andre bakteriar enn dei som står bak den akutte sjukdomstilstanden.

Lever alle under same forhold

Men det tek tid å få denne informasjonen ut blant både legar og folk flest. I samarbeid med UiO-kollegane Dag Berild frå Institutt for klinisk medisin og Fernanda Petersen frå Institutt frå oral biologi ynskte derfor Lekang og kollegane frå FAI å undersøkja korleis varigheita av antibiotikabehandlinga påverka bakteriefloraen i tarmen.

– At antibiotika òg tek knekken på ein del av bakteriane i tarmen, er ingen nyheit. Det vi ville undersøka, var kor mykje lengda på behandlinga hadde å seia for tarmfloraen, seier Lekang.

Å gjera slike forsøk på menneske er utfordrande, sidan vi skil oss frå kvarandre i kosthald, aktivitetsnivå, stressnivå og mange andre måtar, som alle kan påverka bakterieflorane. Laboratoriemus lever derimot alle under dei same forholda, så den einaste variabelen var behandlingslengda.

Bakterieinnhaldet tilbake på same nivå

– Vi hadde fire grupper mus. Ei gruppe fekk antibiotika i tre dagar, ei i sju dagar, og ei tredje i fjorten dagar. Kontrollgruppa fekk inga behandling, fortel Lekang.

– I motsetning til i mange andre studiar målte vi ikkje berre bakterieinnhaldet før og etter behandlinga. Vi målte innhaldet undervegs i behandlinga, med fire dagars intervall til tre veker etter avslutta behandling.

Målingane, som vart gjort av muselorten, viste at antibiotikabehandlinga gjekk hardt ut over bakteriefloraen. Men alt ei veke etter at behandlinga var avslutta, såg det ut til at bakterieinnhaldet, på eit overordna nivå, var tilbake på same nivå som før behandlinga starta.

– Men på eit meir detaljert nivå såg vi at det tok betydeleg lenger tid å restituera seg, og tida det tok, vart for enkelte bakteriar forlenga når antibiotikabehandlinga varte lengre, seier Lekang.

Lurt å korta ned behandlingstida

– Førekomseten av fleire familiar og arter var òg framleis reduserte då vi stoppa med målingane tre veker at behandlinga var avslutta. Reduksjonen var signifikant større hjå musene som hadde fått lengst behandling.

(For dei som måtte stussa, er rekker, familiar og arter ulike nivå i den taksonomiske inndelinga av bakteriar og andre organismar.)

Men dersom det meste av floraen kjem tilbake etter antibiotikabehandling, så er det kanskje ikkje så mykje å uroa seg for?

– Det veit vi rett og slett ikkje, for vi veit ikkje kva dei bakteriane som vert desimerte, gjer. Det er fyrst i nyare tid at vi har forstått kor viktig tarmfloraen er for heile organismen, ikkje berre det som skjer i tarmen. Vi har mengder av forsking att før vi veit nok om kva roller dei ulike bakteriane spelar, kva for seg eller i kombinasjonar, seier Lekang.

– Tarmen inneheld mange hundre, kanskje meir enn tusen ulike bakteriar. Både for å utsetja desse for minst moglege forstyrringar og for å hindra antibiotikaresistens kan det vera lurt å korta ned tida på behandlingar med antibiotika.

Den vitskaplege artikkelen

Lekang m.fl.: Effects of different amoxicillin treatment durations on microbiome diversity and composition in the gut. PLOS One, Oct 2022

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 24. mars 2023 07:40 - Sist endra 24. mars 2023 08:11