Liten grunn til angst for bruk av angstdemparar under svangerskapet

Ingen påviste langtidseffektar på barnet dersom mor viser normal varsemd ved bruk av angstdempande legemiddel og sovemedisinar.

Silhuett av gravid kvinne mot ein lys bakgrunn

Både angst og søvnmangel hjå mor kan vera med på å påverka utviklinga hjå barnet. Foto: Pixabay

Benzodiazepinar og z-hypnotika hjelper mot angst og søvnløyse, men skal brukast med varsemd, sidan overdriven bruk kan føra til avhengigheit. Under svangerskapet bør mor rådføra seg med lege om kva legemiddel det er trygt å ta. Då skulle ein kanskje tru at gravide må vera ekstra forsiktige med desse legemidla.

– Men det er det ikkje grunn til, i alle fall ikkje med tanke på langsiktige skadeverknadar på nevroutviklinga til barnet, seier Lene Maria Sundbakk, som 2. juni disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Eg har undersøkt samanhengen mellom mors bruk av desse legemidla og om barnet utviklar åtferdsvanskar eller ADHD, eller om skuleprestasjonane har blitt påverka. Med eitt lite atterhald har eg ikkje klart å finna nokon samanheng, og det bør vera godt nytt for gravide som treng desse medisinane.

Eit batteri av data

Ho peikar på at når folk brukar reseptlagde legemiddel, er det fordi legen har vurdert at dei har bruk for det. Dersom ein kjenner til at bruken kan ha ein viss risiko for fylgjer for barnet, vil det derfor vera behov for å vurdera om det er betre eller verre for barnet om mor ikkje tek medisinar ho treng.

– Ein del somatiske lidingar kan ein kanskje leva med så lenge svangerskapet varar. Men både angst og søvnmangel hjå mor kan vera med på å påverka utviklinga hjå barnet.

Undersøking byggjer på svara frå 80 000 respondentar i den store MoBa-undersøkinga, samanhalde med data frå Reseptregeisteret, Pasientregisteret og Medisinsk fødselsregister. Opplysningar om skuleprestasjonar er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Væpna med eit slikt batteri av data skulle ein tru at Sundbakk sit med svaret med to strekar under. Men ho understrekar at det framleis trengst meir forsking.

Grove sorteringar

Lene Maria Sundbakk
– Eigenrapporterte data er ikkje feilfrie, men det er likevel betre data enn det andre studiar har hatt tilgang på, seier Lene Maria Sundbakk. Foto: Adam R. Babinski/UiO

– Det som har vore gjord av forsking på dette tidlegare har vore små studiar, som berre har vore basert på registerdata. Våre resultat har i tillegg med eigenrapporterte svar frå gravide og mødrer, slik at vi veit om og kor ofte dei har brukt legemidla, ikkje berre at dei har henta dei ut, seier Sundbakk.

– Eigenrapporterte data er sjølvsagt heller ikkje feilfrie. Det er ikkje sikkert folk alltid hugsar riktig. Men det er likevel betre data enn det andre studiar har hatt tilgang på.

Ei anna utfordring er at eit datasett ofte er ganske enkelt. «Har du brukt dette legemidlet i denne fire-vekers-perioden? Ja eller nei.»

– Det er praktiske grunnar til at vi har så grove sorteringar, men det fortel oss berre ein del av biletet. I eit tenkt tilfelle kan éi kvinne ta legemidlet dagleg i ein fire vekers-periode, men ikkje i resten av svangerskapet, seier Sundbakk.

Må inngå i vurdering

– Ei anna kan ta det same legemidlet berre to gonger i løpet av svangerskapet, men i to ulike fire vekers-periodar. I våre data vil det då sjå ut som sistnemnde har dobbelt så høg bruk.

Vidare må ein ta omsyn til kor alvorlege lidingane til mora er.

Mors legemiddelbruk i svangerskapet er berre ein av ei lang rekkje moglege risikofaktorar for åtferdsvanskar hos barn. Både arv og miljø spelar inn og kan verka i lag, fortel Sundbakk

– Så godt det let seg gjera, har eg justert for dette i analysen. Men dette er noko som må inngå i ei vurdering av om mor skal halda fram med legemidlet eller ikkje.

Vanskeleg å samanlikna over landegrenser

Tala til Sundbakk er henta frå Noreg. Ho ynskjer seg meir forsking som samanliknar funn frå ulike land, men det er ikkje utan vidare så enkelt.

– Bruken av benzodiazepinar blant gravide i Noreg er under halvparten av det vi finn i andre europeiske land, seier ho.

– Og MoBa-undersøkinga er unik i verdssamanheng. Den gjev oss veldig gode data, men funna er vanskeleg å samanlikna over landegrensene. Tidlegare studiar frå andre land er ofte baserte på relativt få gravide, og dermed vert funna ikkje så robuste.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 9. mai 2023 11:46 - Sist endra 9. mai 2023 11:46