Meir stabil og presis metode for analysar av biologisk materiale

Kan brukast til å påvisa ulike peptid i kroppen, mellom anna for å påvisa sjukdommar tidlegare.

Samira Dowlatshah i laboratoriet

– Peptid fungerer som biomarkørar for ein del sjukdommar, seier Samira Dowlatshah. Foto: UiO

Elektromembranekstraksjon eller EME er ein metode for å opparbeida biologiske prøvar før analysar. Å opparbeida prøven vil seia å henta ut dei interessante stoffa frå alt det ulekre ein biologisk prøve kjem i, det vere seg blod, urin, spytt eller anna.

EME er utvikla ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo, og dei fyrste produkta for analysar av legemiddel er på veg ut på marknaden. No har forskarane retta blikket mot andre stoff: peptid. Peptid er i likskap med protein sett saman av aminosyrer, forskjellen ar at peptida inneheld færre aminosyrer og har dermed mindre molekyl.

– Peptid er interessante av fleire årsaker. Den viktigaste er at dei fungerer som biomarkørar for ein del sjukdommar, altså biologiske varsellampar som kan avdekkja sjukdommar på eit tidleg stadium, seier Samira Dowlatshah, forskar ved Farmasøytisk institutt.

Jaktar praktisk løysing

– Dei er òg interessante i rettsmedisinsk samanheng, og i proteomikken, der ein prøver å forstå korleis alle proteina i ein organisme fungerer, saman og i samspel med andre molekyl i kroppen.

Som namnet antyder, går elektromembranekstrasjon ut på å ekstrahera eit stoff, til dømes altså eit peptid, gjennom ein flytande membran ved hjelp av elektrisitet. Ved instituttet ekstraherte ein peptid med EME alt i 2015. No er det jakta på ei løysing som er god nok til praktisk bruk som er i gang.

– forskning.no har tidlegare skrive om korleis vi kan gjera dette ved hjelp av ein membran med eit såkalla djupeutektisk stoff, seier Dowlatshah.

– Problemet med den metoden er at han krev ein ionisk berar. Men den ioniske beraren påverkar leiingsevna i systemet, slik at det vert utfordrande å halda det stabilt.

Etter mange testar i laboratoriet har Dowlatshah kom fram til at eit stoff som heiter tripentylfosfat eignar seg godt som den flytande membranen i EME.

Fyrste i verda

– Med fosfat treng vi ikkje tilsetja den ioniske beraren i membranen, vi seier at membranen er rein, forklarar Dowlatshah.

– Blant fleire lovande fosfat-kandidatar valde vi tripentylfosfat fordi det viser mest stabilitet i operasjonen.

Ikkje berre vart prøveopparbeidinga meir stabil, men med tripentylfosfat som membran vart òg prosessen meir selektiv.

– Dert vil seia at vi ved å endra t.d. pH, spenning i systemet og ekstraksjonstid vert betre i stand til å velja kva for nokre og kor mange peptid vi vil ekstrahera, fortel Dowlatshah.

– Dette er igjen noko vi er dei fyrste i verda som gjer. Men vi er framleis berre undervegs, det står att mykje arbeid før EME av peptid er klar til praktisk bruk.

Den vitskaplege artikkelen

Dowlatshah m.fl.: Electromembrane extraction of peptides based on hydrogen bond interactions. Analytica Chimica Acta, Sep 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 14. sep. 2023 10:34 - Sist endra 14. sep. 2023 10:34