Når i svangerskapet behandling med antidepressiva vert avbroten, har noko å seia

Dei som avbryt behandling med antidepressiva seint i svangerskapet, har større risiko for psykiatriske hendingar etter fødselen.

Gravid kvinne i sollys gjennom vindauga i eit elles mørkt rom

Gravide er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet. Foto: Pixabay

Kvinner som blir gravide, er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet. Det gjeld òg dei som brukar antidepressiva.

– I forskargruppa PharmaSafe har vi tidlegare vist at gravide som brukar antidepressiva, får mildare symptom etter fødselen enn dei elles ville hatt, fortel forskar Nhung Trinh ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Men eg var interessert i å finna ut om det skjulte seg meir innsikt bak den enkle enten/eller-delinga. Kan tidspunktet i svangerskapet kvinna sluttar med medisinar fortelja oss noko? Og kva kan forhistorien fortelja oss?

Vart delte opp

Trinh tok for seg nesten 58 000 gjennomførde svangerskap i Noreg og Danmark der mor brukte minst eit antidepressivt legemiddel ved starten. Opplysningane vart henta frå nasjonale register i dei to landa, og tidsseriane strekte seg over mange år.

– Mellom dei to landa fann vi ingen vesentlege forskjellar. Det kan ha samanheng med at helsevesenet er ganske likt i dei to landa. I alle fall tillet det oss å behandla talmaterialet under eitt, seier Trinh.

Kvinnene vart delte opp etter om dei hadde brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet, om dei hadde avbrote behandlinga i løpet av dei tre fyrste månadane, eller om dei hadde avbrote seinare i svangerskapet. Den siste gruppa vart igjen delt opp etter om dei hadde brukt antidepressiva i meir eller mindre enn seks månadar før svangerskapet tok til.

Ein auke i psykiatriske utfall

– Deretter kartla vi tre moglege psykiatriske utfall: sjølvskading eller sjølvdrap, ei akutt psykiatrisk krise, eller oppstart med psykoleptika. Psykoleptika er eit samleomgrep for antipsykotiske, angstdempande og roande legemiddel, forklarar Trinh.

Nhung Trinh
– Det er nærliggjande å tenkja at dei som har dei tyngste plagene, er dei som ventar lengst med å avbryta behandlinga, seier Nhung Trinh. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Det var klare forskjellar mellom gruppene. Dei som hadde brukt antidepressiva lenge, men avbraut behandling tidleg, hadde lågare førekomst av psykiatriske utfall etter fødsel enn gruppa som brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet. Det same gjaldt dei som hadde brukt antidepressiva i kort tid før svangerskapet.

– Hjå dei som hadde brukt antidepressiva lenge, og som avbraut behandlinga seint i svangerskapet, såg vi derimot ein auke i psykiatriske utfall i tida etter fødselen, fortel Trinh.

– Vi kan ikkje seia noko sikkert om kvifor det er slik. Men ei nærliggjande forklaring er at dei som har dei tyngste plagene, òg er dei som ventar lengst med å avbryta behandlinga. Men det er altså òg dei som utset seg sjølve for høgast risiko med avbrotet.

Kva er mest risikabelt?

Dei som avbryt tidleg, kan ha stått på låge dosar og eigentleg ikkje ha behov for antidepressiva lenger. For dei kan graviditeten vera det som får dei til å slutta med medisinen, foreslår ho. Tilsvarande vil ein venta at dei som har brukt antidepressiva kortare, har mindre alvorlege plager enn langtidsbrukarane.

– Vi veit ikkje noko om kva som gjer at kvinnene avbryt behandlinga seint i svangerskapet. Kanskje fryktar dei at bruk av antidepressiva seint i svangerskapet kan utgjera ein auka risiko for visse typar åtferdsforstyrrelsar hjå barnet når det veks opp, eller at barnet kan  verta fødd med abstinenssymptom, seier Trinh.

– Derfor er det så veldig viktig at den enkelte mora får god oppfylging av lege, slik at dei saman kan vurdera kva som er mest risikabelt for både mor og barn i: å slutta med antidepressiva, eller å halda fram? Fasitsvar finst ikkje, men denne studien bidreg med viktig kunnskap

Den vitskaplege artikkelen

Trinh m.fl.: Timing of Antidepressant Discontinuation During Pregnancy and Postpartum Psychiatric Outcomes in Denmark and Norway. Jama Psychiatry, Mar 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 26. apr. 2023 09:23 - Sist endra 26. apr. 2023 09:23