Nye moglegheiter for å påvisa benzodiazepinar etter dødsfall

Til no har ein vore avhengig av blod frå låret for å finna ut kor mykje benzodiazepinar ein avdød har teke. Det viser seg at det finst alternativ.

Tablettar som ligg på eit golv. I bakgrunnen ligg ei slapp hand. Resten av kroppen utanfor biletet

Ved mistanke om overdose har ein behov for å undersøkja kva den avlidne har teke. Foto: Colourbox

Alle sovnar ikkje like stille inn i senga heime eller under tilsyn på ein institusjon. Når folk døyr i ulukker eller under tilhøve der ein mistenkjer overdosar, enten av lovlege legemiddel eller ulovlege rusmiddel, er det behov for å undersøkja kva den avlidne har teke, og kor mykje.

– Gullstandarden er å ta blod frå blodårer i låret, det vi kallar perifert blod. Analyse kan avgjera kor høg konsentrasjon ein har av ulike stoff. Dersom ikkje det er tilgjengeleg, kan ein bruka prøvemateriale frå andre deler av kroppen, til dømes muskelvev. Men til no har dette berre vore brukt til å slå fast om vedkomande har eit stoff i kroppen eller ikkje, ikkje til å fastsetja konsentrasjonen, seier Elisabeth Leere Øiestad.

– Ved vevsanalysar kan vi med andre ord ikkje vita om personen har teke t.d. ein heil boks av eit innsovningsmiddel, eller om det er teke som føreskrive, og dødsårsaka er noko heilt anna.

Samanliknar blod, kroppsvæsker og vev

Øiestad er fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, og forskar ved Seksjon for rusmiddelforsking ved Avdeling for rettsmedisinske fag ved Oslo universitetssjukehus. Der jobbar ho saman med syster si Åse Marit Leere Øiestad, som òg er forskar ved Oslo universitetssjukehus, men i Seksjon for rettstoksikologisk analytikk.

– Vi brukar perifert blod når vi kan, men det er ikkje alltid vi kan få tak i det. Dersom kroppen har lege lenge utandørs og begynt å bli broten ned, eller ved ulukker der kroppen er så skamfaren at den er tappa for blod, ynskjer vi alternativ, seier Åse Marit.

– Derfor samanliknar vi det vi finn i blod, kroppsvæsker og vev frå andre stader i kroppen med perifert blod, for å undersøkja om vi kan fastslå kor mykje av ulike benzodiazepinar vedkomande tok før døden.

Åse Marit og Elisabeth Leere Øiestad
– Litt overraskande at vi er dei fyrste som har gjort ein så omfattande studie, seier Åse Marit (t.v.) og Elisabeth Leere Øiestad. Foto: Privat

Same analyseprosess på alle prøvane

Dei fekk blod frå lik som alt var komne inn til Avdeling for rettsmedisinske fag for analyse av dødsårsak. Blod kom frå ei vene i låret, og frå hjarta (sentralt blod). Samstundes blei det teken ein vevsprøve frå ein lårmuskel og ein av musklane i magen. I tillegg testa dei væske frå hjerteposen, og augevæske. Sistnemnde er væska auga er fylt med, og altså ikkje tårer.

– Vi la vekt på å ha så samanliknbare analysar som mogleg, slik at vi passa på å ta prøvar frå alle kjeldene hjå alle «forsøkspersonane». Deretter køyrde vi nøyaktig dei same analyseprosessane på alle prøvane, fortel Åse Marit.

– Resultata samanlikna vi med perifert blod. Det vi var opptekne av, var ratioen, altså tilhøvet. Det trong ikkje nødvendigvis vera 1:1, dersom det konsistent var til dømes 3:1, ville det vera godt nok.

Arbeider vidare med andre overdosestoff

Utfallet var oppløftande. Analysane kan tyda på at dei fleste alternativa kan fungera som erstatning for perifert blod. Unntaket var augevæska, men den hadde dei ikkje store forventingar til uansett, sidan det konsentrasjonen av benzodiazepinar i augevæske er svært låg.

– Benzodiazepinar er mykje brukt over heile verda. Derfor er det eigentleg litt overraskande at vi er dei fyrste som har gjort ein så omfattande studie. Vi har med 109 tilfelle i studien vår. Andre studiar har berre hatt med eitt eller nokre få tilfelle, seier Elisabeth.

– Vi har ikkje fått oppdatert våre eigne retningslinjer på Avdeling for rettsmedisinske fag endå med desse resultata, men vi arbeider med det.

Det finst sjølvsagt ei rekkje andre substansar enn benzodiazepinar som folk kan ta overdose av, så denne studien er berre ein del av eit større prosjekt. Elisabeth og Åse Marit arbeider dermed vidare med liknande analysar for fleire av dei vanlegaste overdosestoffa.

Den vitskaplege artikkelen

Øiestad m.fl.: Comparative Study of Post-mortem Concentrations of Benzodiazepines and Z-Hypnotics in Several Different Matrices. Journal of Analytical Toxicology, 2023, 47, 287–298

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 22. juni 2023 09:33 - Sist endra 22. juni 2023 13:28