Nytt verktøy for å vurdera legemiddel for barn

Sitronsmak eller jordbærsmak? Kva gjer det lettast for å få eit barn til å ta medisinen sin? Norske forskarar har delteke i utviklinga av nytt verktøy som kan hjelpa industrien å finna svaret.

Jente som ser skeptisk på to hender som heller flytande medisin på ei skei

Å få barnet til å ta medisinen sin er ikkje alltid så enkelt. Foto: Colourbox

Det kan vera ei utfordring å få barn til å ta legemiddel som dei treng for å bli friske. Forskning.no har tidlegare skrive om ulike tilnærmingar for å løysa dette, mellom anna her og her.

– Det er mykje som kan spela inn. Smaken er ein ting, ein annan er t.d. om medisinen er fast eller flytande. Om barnet skal ta medisinen heime eller på sjukehus kan òg spela inn, seier fyrsteamanuensis Liv Mathiesen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo (FAI).

– Forma eller tilstanden til barnet vil òg ha noko å seia, og kven det er som gjev medisinen. Om barnet har teke medisinen tidlegare spelar òg inn.

Deltatt i studie om antibiotika

Utfordringa for legemiddelindustrien som skal produsera desse medisinane, er at det ikkje har eksistert nokon måte å tilnærma seg dette problemet systematisk på. Men no er betring på veg.

– Det franske firmaet ClinSearch har over ein periode på ni år utvikla nettopp eit slikt verktøy, fortel Mathiesen.

– Dei har gjort ei rekkje studiar spreidd over mange europeiske land. Frå FAI har vi deltatt i ein av studiane, om antibiotika.

Kamuflera smaken med mat eller drikke

Undersøkinga baserte seg på eit spørjeskjema, og vart gjorde både på barn som var innlagde på sjukehus, og på barn som fekk medisinen i heimen. I Noreg var det berre dei sistnemnde barna som var med i undersøkinga

Foreldra som henta medisin til barnet sitt på apoteket vart bedne om å rapportera korleis dei hadde gått fram for å få legemiddelet over leppene til barnet.

– Kva tiltak sette dei i gang dersom barnet ikkje ville ta medisinen med ein gong? Det kunne vera å dela opp dosen, å kamuflera smaken med mat eller drikke, eller å gje premie. I nokre kulturar vart det òg brukt tvang mot barna, men det er nok ikkje så aktuelt her til lands, seier Mathiesen.

Grafisk framstiling av testresultat
Denne grafen frå studien viser at gutar (grønt) lettare tek anibiotika med sitronsmak enn det jenter (raudt) gjer.

Upopulær banansmak

– Dei vart òg bedne om å dokumentera om barnet fekk i seg heile eller berre delar av dosen, om dei måtte bruka lang tid på å gje dosen, og korleis barnet reagerte.

Det ferdige verktøyet er meint meir som eit rammeverk som legemiddelindustri og legemiddeltilsyn kan ta i bruk, enn å gje bastante fasitsvar. Men nokre peikepinnar gjev det likevel.

– I studien vi deltok i, var det jamt over var det lettare å få gutar i førskulealder til å ta flytande medisin enn jamaldra jenter, seier Mathiesen.

– Og det var lettare å få gutar enn jenter til å akseptera antibiotika med sitronsmak. Banansmak var upopulært hjå begge kjønn, medan jordbær fall derimot i smak hjå dei fleste.

Spesielt gjevande arbeid

Liv Mathiesen
– Dette har vore eit spesielt gjevande arbeid, fortel Liv Mathiesen. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Det betyr likevel ikkje at det berre er for produsentane å pøsa på med jordbærsmak og så er problemet løyst.

– Ulike verkestoff har ulike smakar – ofte ikkje særleg gode – og dermed vil ein helst bruka ein smak som best kamuflerer smaken av nett dette verkestoffet, forklarar Mathiesen.

I franske ClinSearch var det ein gledas dag då dei nyleg fekk eit såkalla «Letter of Support» frå det europeiske legemiddelbyrået EMA. Det fortel at EMA støttar arbeidet deira, men inneheld òg anbefalingar om vidare utvikling av verktøyet før det vert endeleg godkjent av byrået.

Mathiesen fortel at ho synest dette arbeidet har vore spesielt gjevande.

– Som forskarar legg vi ofte små bitar i store puslespel, og det er ikkje alltid så lett å sjå betydinga av sitt eige bidrag når puslespelet er ferdig. I dette prosjektet har ikkje puslespelet hatt like mange bitar, og det er tilfredsstillande å sjå kva ein sjølv har bidrege med i det store biletet.

Den vitskaplege artikkelen

Vallet, Mathiesen m.fl.: Exploring Acceptability Drivers of Oral Antibiotics in Children: Findings from an International Observational Study. Pharmaceutics, Oct 2021

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 25. mai 2023 07:17 - Sist endra 25. mai 2023 07:17