Oppfylgjing med farmasøyt gav betre legemiddelbruk for pasientar med hoftebrot

Den kliniske farmasøyten fylgde pasienten frå innlegging i sjukehus til etter utskriving. Det gav betre kvalitet på legemiddelinformasjonen og legemiddelbruken.

Medisinar oppstilt på ei bordplate. I bakgrunnen står ei eldre kvinne med stokk

Pasientar med hoftebrot er ofte eldre, og brukar fleire ulike legemiddel. Foto: Colourbox

Som forskning.no har skrive om tidlegare, er rutinane rundt legemiddelbruk for pasientar med hoftebrot haltande. Kvar flytting til ein ny institusjon fører med seg at det oppstår feil i pasienten si medisinering. Risikoen vert forsterka av at pasientane ofte er eldre som brukar fleire ulike legemiddel.

– I mange tilfelle vert det heller ikkje gjort nokon ordentleg legemiddelgjennomgang, ein prosess der ein vurderer om det er legemiddel eller kombinasjonar av legemiddel som er unødvendige eller til og med uheldige for pasienten, fortel Ben Tore Henriksen, klinisk farmasøyt og stipendiat ved Sykehusapotekene HF.

Henriksen har alt dokumentert problemet som ein del av doktorgradsarbeidet sitt ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. No ville han prøva å finna ei løysing.

Påfallande resultat

– Vi innførde ein ny rutine på Sykehuset i Vestfold kalla «forløpsfarmasøyt», der 58 pasientar med hoftebrot vart fylgd opp av ein klinisk farmasøyt frå innlegging i sjukehus til etter at pasienten hadde kome heim etter utskriving. Som kontrollgruppe brukte vi 50 tidlegare innlagde hoftebrotspasientar, fortel Henriksen.

Noko av det dei vurderte, var kvaliteten på legemiddelinformasjonen i epikrisa. Epikrisa er eit samandrag av pasienten sin journal, og Henriksen reknar ho som eit nøkkeldokument.

– Kvaliteten vart vurdert for sju ulike område: var det skrive namn på legemidlet, verkestoff, var doseringa beskrive og så vidare. Kvart område fekk 2, 1 eller 0 poeng etter kor godt dette var opplyst om, forklarar Henriksen. Og resultatet var påfallande.

Prioriterer andre oppgåver enn dobbeltsjekking

– Dei som hadde oppfylging av forløpsfarmasøyt, hadde ein skår på 12,3 av altså 14 moglege poeng. For kontrollgruppa, som ikkje hadde oppfylging, var skåren nede på 7,2.

Potensialet for feil i pasienten si legemiddelliste skulle dermed vera betydeleg redusert ved overføring mellom institusjonar. Henriksen understrekar kor viktig dette er.

– Dei fleste er vel klar over at personalet på sjukehus har det travelt, og må spara tid der dei kan. Då er det forståeleg at ein prioriterer andre oppgåver enn å dobbeltsjekka ei legemiddelliste som tilsynelatande er riktig.

Behandlast med medisinar

Ben Tore Henriksen
– Vi undersøkjer om pasienten treng alle legemidla han står på, om doseringa er fornuftig, og om nokon av dei kan ha uheldige verknadar, seier Henriksen. Foto: Charlotte Lie Johansen/Sykehusapoteket Tønsberg

Men ein ting er at listene inneheld dei opplysningane dei skal, ein anna ting er om det er dei mest optimale legemidla som står oppført der. Det vert kontrollert gjennom det som heiter legemiddelgjennomgang.

– Vi undersøkjer om pasienten treng alle legemidla han står på, om doseringa er fornuftig, og om nokon av dei kan ha uheldige verknadar. Ein del legemiddel som mange eldre har svimmelheit som vanleg biverknad, forklarar Henriksen.

– Nokre gonger kan det faktisk vera desse legemidla som har ført til fallet som gjer at pasienten skada seg og vart innlagt.

Når hoftebrot kjem etter fall frå ståande stilling, «frå eiga høgde» som det heiter, reknar ein det som eit teikn på at pasienten har beinskjørheit. Det kan behandlast med medisinar.

Burde gå seks år

– Men vi fann at det var betydeleg fleire som fekk behandling blant dei som vart fylgd opp av forløpsfarmasøyt gjennom sjukehusopphaldet. Risikoen for underbehandling vart altså redusert.

Men det var ingen forskjell mellom dei to gruppene i talet på dødsfall og talet på ny innlegging, etter høvesvis 30 og 90 dagar. Det skulle ein tru var vel så viktig som legemiddelgjennomgangar og gode epikriser.

– Ja, det kan ein kanskje tenkja, smiler Henriksen.

– Men ein ser ikkje effekten av behandling mot beinskjørheit etter så kort tid. Eitt år seinare ville vera betre, men helst burde det gå så mykje som seks år før ein kunne sagt noko sikkert om utfallet.

Gjennomførbare tiltak

Han fortel at dette ikkje eigentleg var noko studien skulle undersøkja og at dette funnet derfor ikkje bør tilleggjast så stor vekt. Dersom dette skulle undersøkast, måtte ein ikkje berre ha brukt mykje lenger tid, ein burde òg ha fleire deltakarar i studien.

– Ein annan ting som vi ikkje har sett på, er om det er ein forskjell i livskvaliteten til pasientane som fylgje av legemiddelgjennomgang og iverksett behandling av beinskjørheit. Det kunne òg vore interessant å få undersøkt, seier Henriksen.

– Eg vil òg gjerne leggja til at det viste seg at prosessen vi hadde lagt opp til, med seks tydelege steg som forløpsfarmasøyten skulle fylgja, så å seia alltid vart fylgd. Det viser at denne typen tiltak er gjennomførbare.

Den vitskaplege artikkelen

Henriksen m.fl.: Clinical pharmacist intervention to improve medication safety for hip fracture patients through secondary and primary care settings: a nonrandomised controlled trial. Journal of Orthopaedic Surgery and Research, Jun 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 30. juni 2023 14:36 - Sist endra 30. juni 2023 14:36