Personlegdomstype og legemiddelbruk under svangerskapet er knytt til kvarandre

Mors legemiddelbruk under svangerskapet kan auka risikoen for at barnet utviklar ADHD eller autisme. Det kan mors personlegdom òg. Kan ein skilja dei to risikofaktorane?

Gravid mage med hender som heller et par legemidler ut av medisinglass

Det er etisk problematisk å forska på legemiddel sin effekt på ufødde. Foto: Colourbox

Mange veit at nokre legemiddel fører til risiko for seinskader på barnet dersom mor har brukt dei under svangerskapet. Mange legemiddel vert dessutan anbefalt å ikkje bruka ved graviditet – ikkje fordi vi veit at dei er farlege, men fordi vi ikkje veit om dei er farlege eller ikkje. Det er etisk problematisk å forska på legemiddel sin effekt på ufødde, på grunn av risikoen for å påføra uboteleg skade.

Ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo har ei gruppe forskarar over mange år derfor studert samanhengen mellom ulike legemiddel og ulike uynskte seinverknadar på barnet ved hjelp av såkalla registerdata.

Ved å samanhalda opplysningar frå mellom anna Reseptregisteret, Norsk pasientregister og den store MoBa-undersøkinga, skaffar dei litt etter litt til vegar meir kunnskap om kva legemiddel som er trygge å bruka og kva for nokre ein bør vera varsame med.

Hadde liggjande eit datasett

Men registerstudiar har ein svakheit, spesielt når det gjeld samanhengen mellom bruk av psykofarmaka, altså legemiddel mot psykiske lidingar, og nevroutviklinga hjå barnet, det vil seia risikoen for å utvikla åtferdsvanskar, ADHD, kommunikasjonsvanskar og liknande, fortel professor Angela Lupattelli.

– Vi veit til dømes at antidepressiva kanskje kan auka risikoen for ADHD hjå barnet, seier ho.

– Men samstundes veit vi at mor sin personlegdom – spesielt nevrotisisme som heng saman med psykiske lidingar og genetisk disponering for psykiske lidingar - òg kan bidra til at barn utviklar ADHD. Så dersom mor brukar eit legemiddel og barnet utviklar ADHD, kva er årsaka? Er det faktorar hjå mor eller ved medisinen?

For å undersøkja dette, gjekk professoren tilbake til eit datasett ho hadde liggjande frå doktorgradsarbeidet sitt.

Symptom på depressive tilstandar

– Nærmare 9000 gravide eller nybakte mødrer vart spurde om legemiddelbruken sin. Samstundes svarte dei på spørsmål som var utvikla for å plassera dei i den såkalla Femfaktormodellen, eller Big Five Inventory på engelsk.

Femfaktormodellen er ei leiande tilnærming innan personlegdomspsykologien. Personar kan karakteriserast etter kor stor grad dei har av dei fem faktorane openheit, planmessigheit, ekstroversjon, omgjengelegheit og nevrotisisme.

Desse faktorane vart så kopla opp mot ulike typar psykofarmaka, som antidepressiva, antipsykotiske legemiddel, roande legemiddel og sovemedisinar, og òg smertestillande legemiddel som paracetamol. For det siste var det spesielt utstrekt bruk som var interessant.

Ikkje like sterke samanhengar

Angela Lupattelli
– Dersom mor brukar eit legemiddel og barnet utviklar ADHD, kva er årsaka?, spør Angela Lupattelli. Foto: UiO

– Den tydelegaste forbindelsen var mellom nevrotisisme og bruk av antidepressiva, kanskje ikkje så overraskande når kjenneteikna på ein nevrose ikkje er så ulike ein del av symptoma på depressive tilstandar, seier Lupattelli.

– Meir overraskande for oss var det at det derimot ikkje var nokon samanheng mellom nevrotisisme og bruk av antipsykotiske legemiddel. Det heng antakeleg saman med at dei vert gjevne for andre symptom enn antidepressiva.

Andre personlegdomstypar viste òg samanhengar, om enn ikkje like sterke. Her kunne ein finna at dei auka sannsynet for bruk av nokre legemiddel, medan samanhengen med andre typar legemiddel gjekk motsett veg.

God samtale om trygg legemiddelbruk

– Vi må òg ta med at genetiske årsaker kan påverka nevroutviklinga til barnet. Dei vert ikkje fanga opp av registerdata, og vi har ikkje sett på i denne studien. Men det vil òg vera noko ein må ta omsyn til når vi forskarar skal vurdera risikoen ved bruk av eit legemiddel under graviditet.

Lupattelli seier funna vil vera mest av interessa for forskingsmiljø som ser på større grupper av gravide.

– Modellar er nyttige for å sjå på større grupper. Men den enkelte pasient vil ikkje nødvendigvis passa saumlaust inn i eit sikt skjema. Folk er sette saman på eit utal ulike måtar, seier ho.

– Ein fastlege som kjenner pasienten sin og personlegdommen hennar, er fullt ut i stand til å ha ein god samtale om trygg legemiddelbruk under svangerskapet utan å ha høyrt om Femfaktormodellen.

Den vitskaplege artikkelen

Lupattelli m.fl.: Association of maternal personality traits with medication use during pregnancy to appraise unmeasured confounding in long-term pharmacoepidemiological safety studies. Frontiers in Pharmacology, May 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 15. juni 2023 06:51 - Sist endra 15. juni 2023 06:51