«Usynlege» narkotiske stoff let seg oppdaga med ny analysemetode

På nettet kan ein få tak i rusmiddel så nye at ingen heilt veit korleis dei verkar. Mange har det ikkje har vore råd å oppdaga i blodprøvar – før no.

Maria Schüller hentar blod frå eit reagensglas med pipette

Den vesle mengda blod i tuppen av pipetten er nok til at Maria Schüller kan utføra analysane sine. Foto: Torstein Helleve/UiO

Det vert stadig utvikla nye rusmiddel. Dei er som regel kjemiske etterlikningar av eksisterande rusmiddel, og går under samlenamnet NPS, Nye psykoaktive stoff.

Ein del av desse nye stoffa tilhøyrer gruppa tryptamin. Denne gruppa omfattar òg gamle rusframkallande stoff som LSD og verkestoffet i fleinsopp. Tryptamin er hallusinerande, og i nokre tilfelle stimulerande.

– Forskjellen på dei nye tryptamina og stoff som LSD, fleinsopp og DMT, er at for dei sistnemnde har både brukarar, behandlingsapparat og politi lang erfaring med verknadane, seier Maria Schüller, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Dei nye stoffa finst det derimot lite kunnskap om, verken blant behandlarar, forskarar eller brukarane.

Gjev politiet utfordringar

Ho forklarar at det på fleire måtar aukar risikoen.

– Ingen rusmiddel er utan skadeverknadar, og vi kan ikkje mykje om kva desse kan vera for dei nye tryptamina. Verken på kort eller lang sikt, seier ho.

– Når ein bestiller på nettet, veit ein aldri om ein får noko anna enn det ein har bestilt. Det kan òg vera blanda opp med andre, meir potente stoff.

Det har ikkje vore råd å slå fast om nokon er påverka av dei nye stoffa. Det gjev politiet utfordringar.

Metode for å påvisa tryptamin

– I samband med trafikkulukker, til dømes, har det ikkje vore råd å dokumentera at nokon har køyrd i påverka tilstand. Med mindre vedkomande i tillegg er påverka av rusmiddel som det finst metodar for å oppdaga, seier Schüller.

Ho understrekar at dette er eit tenkt tilfelle. Sidan dei nye tryptamina ikkje let seg oppdaga, har ein naturleg nok ikkje avdekka mange brukarar. Ein reknar likevel ikkje med at stoffa er særleg utbreidd, i alle fall ikkje enno.

Men om det skulle skje, vil det vera vanskelegare å skjula bruken. I samarbeid med Seksjon for rusmiddelforskning ved Oslo universitetssykehus har Schüller utvikla ein metode for å påvisa tryptamin i blod.

Enklare å bruka rettsmedisinsk

– Vi brukar fullblod, som det heiter. Det vil seia at vi ikkje skil ut til dømes plasma for å gå vidare med, men brukar blodet rett frå kjelda. Ein fordel med det er at vi ikkje risikerer å sortera bort ting vi ynskjer å finna i utskiljingsprosessen. Noko det alltid er ein viss risiko for, seier Schüller.

– Ein annan, meir praktisk fordel er at jo mindre opparbeiding av prøven som trengst, jo meir realistisk er det å utvikla portable løysingar for bruk i til dømes politiet, på ulukkesstaden eller liknande. Ei slik løysing er ikkje rett rundt hjørna, men treng ikkje vera så langt borte heller.

– Fullblod er òg enklare å bruka i rettsmedisinske undersøkingar. Som når ein ynskjer å analysera innhaldet av blodet for å finna ei dødsårsak.

Rettsmedisinske retningslinjer for bioanalysar

Metoden dei brukte heiter elektromembranekstraksjon (EME) og er utvikla ved Farmasøytisk institutt. Utstyret har dei laga sjølve. I mangel av tilgjengelege forsøkspersonar tilsette dei tryptamin i vanleg blod.

– Tryptamin er ganske ustabile stoff, som er vanskelege å handtera. Dei toler til dømes ikkje å liggja for lenge, eller om dei vert utsette for for surt miljø, forklarar Schüller

– Men ved å tilsetja ein antioksidant, i vårt tilfelle vitamin C, hindra vi stoffa i å reagera med luft eller andre. Vi analyserte 20 ulike tryptamin, mellom dei DMT og psilocin, som finst i fleinsopp.

Det finst rettsmedisinske retningslinjer for bioanalysar. For 16 av dei undersøkte tryptamina tilfredsstilte EME-analysen krava.

Grøn, rask og kostandseffektiv

– Vi fekk problem med dei fire siste, som var for ustabile. Det går an å finpussa metodar for dei fire attverande òg, men foreløpig veit vi ikkje om dei er så utbreidde at det eigentleg er behov for det.

Utstyret har dei altså laga sjølve. Ei innretning med 96 brønnar let dei gjera mange analysar samstundes. Så stort utstyr finst til no ikkje på den kommersielle marknaden, men nyleg kom det utstyr med ti brønnar, det største foreløpig. Schüller har tru på at dette vil endra seg.

– Vi håpar at stadig fleire forskingslaboratorium vil få augo opp for EME, sidan metoden er både grøn, rask og kostnadseffektiv. Slik får vi meir forsking, som igjen vil gje betre metodar, betre utstyr og større kommersielle moglegheiter.

Den vitskaplege artikkelen

Schüller m.fl.: Determination of tryptamine analogs in whole blood by 96-well electromembrane extraction and UHPLC-MS/MS. Talanta Open, Aug 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 20. mars 2023 07:40 - Sist endra 20. mars 2023 07:40