Frå tungrekning til vanleg PC – enklare modellering av legemiddel

Ved å utvikla nye metodar for modellering av legemiddel kan forskarar persontilpassa doseringar – raskare enn nokon sinne.

Ein haug med legemiddelkapslar i mange ulike fargar

Nokre pasientgrupper må gjennom omstendelege prøvetakingar for å finna riktig legemiddeldosering. Foto: Tove Larsen/UiO

Folk tek ikkje opp legemiddel like raskt eller like effektivt. Ofte, som med mange reseptfrie legemiddel, har ikkje det så mykje å seia så lenge vi fylgjer rettleiinga på pakken og det legen har bestemt.

Men ein del legemiddel har eit betydeleg mindre terapeutisk vindauge, som det heiter. Det terapeutiske vindauga er den dosen der ein får i seg nok legemiddel til at det har ynskt effekt, men ikkje så mykje at det gjev plagsame biverknadar.

– For nokre pasientgrupper, nyretransplanterte til dømes, betyr det at dei må gjennom relativt omstendelege prøvetakingar, fortel Markus Hovd, som 23. mai disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Augeopnar i Los Angeles

– Dei må kanskje vera på sjukehuset heile dagen for å sjå korleis legemiddelet vert teke opp etter to timar, fire timar og så vidare.

I doktorgradsarbeidet sitt har Hovd arbeidd med modellar som skal gjera dette arbeidet lettare for både pasient og behandlar.

– Verktøya eg ville bruka for å laga modellar, var ikkje bra nok. Vi har store datasett med pasientregistreringar, og måtte ta i bruk tungrekning for å køyra dei store, komplekse modellane våre, fortel han.

Men eit forskingsopphald i Los Angeles vart ein augeopnar. Han besøkte forskargruppa som hadde utvikla verktøyet han brukte, men som eigentleg ikkje var laga for hans bruk.

Undersøkte legemiddelopptak i hjernen

Mafrkus Herberg Hovd i laboratoriet
– Den typen modellering som vi gjer no er noko heilt nytt, seier Markus Herberg Hovd. Foto: Privat

– Eg fekk mykje betre kontakt med dei då eg var der. Så no lagar vi eit verktøy som spinn ut av det førre. Det nye verktøyet gjer det mykje enklare å modellera. Det kan køyrast på ein vanleg PC og likevel gjera modelleringa raskare enn tungrekninga gjorde tidlegare, seier Hovd.

– Den typen modellering som vi gjer no er noko heilt nytt. Og amazing!

Modelleringa hans har tiltrekt seg interesse frå fleire samarbeidspartnarar undervegs i doktorgradsarbeidet.

– Saman med Per Kristian Eide, professor ved Institutt for klinisk medisin og seksjonsoverlege på Rikshospitalet, undersøkte vi legemiddelopptak i hjernen, fortel han.

Mange moglegheiter for samarbeid

– Det prosjektet har halde fram og no fått midlar til å opna eit nytt K.G. Jebsen-senter for hjernevæskeforsking, der modellering av MR-kontrastmiddelet gadobutrol har ein helt sentral rolle.

Han har òg hatt eit samarbeid med Sjukehuset Vestfold og AstraZeneca om korleis kraftig vekttap påverkar opptak av legemiddel.

No arbeider han 50 % ved Nyrefysiologisk laboratorium på Rikshospitalet ved sida av innspurten av doktorgraden. Der har han også vurdert kor følsame modeller er for å bestemme nyrefunksjon.

– Noko av det eg har sett mest pris på undervegs, er dei mange moglegheitene for samarbeid som har opna seg undervegs. I tillegg til dei tre artiklane som inngår i avhandlinga, er eg medforfattar på rundt 10 artiklar til, seier Hovd.

Ikkje gjort nokon ting av planen

– Eg er òg veldig nøgd med at modellen ikkje berre kan brukast i forsking på store populasjonar, men òg i pasientbehandling i klinikk. På labben vår på Rikshospitalet har vi utvikla ei nettside for å vurdera nyrefunksjonen til alle nyretransplanterte i Noreg.

Når han ser tilbake på doktorgradsperioden, ser han at alt ikkje gjekk heilt som han hadde tenkt ved starten.

– Faktisk har eg ikkje gjort nokon ting av det som stod i planen den gongen, smiler han.

– Men temaet for prøveforelesinga viste seg å handla om ein av dei tinga eg hadde planlagt å gjera. Så ringen vart på ein måte slutta.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 4. juni 2024 07:04 - Sist endra 14. juni 2024 08:14