Høgt forbruk av smertestillande og sovemedisin blant norske ishockeyspelarar

Utøvarane grunngjev forbruket med prestasjonspress, machokultur og kombinasjonen av toppidrett og normalt liv.

Nedstemt mann i hockeyutstyr som sit mot ein heilt svart bakgrunn

Dersom ein hockeyspelar står over ein kamp, tek nokon andre plassen, og så er det ikkje sikkert han får den tilbake. Foto: Colourbox

Ingen som har sett ein hockeykamp kan vera overraska over at spelarane i verdas hurtigaste lagidrett får vondt, sjølv med lag av beskyttelsesutstyr. Stadig smell to spelarar i vantet så det ljomar i hallen, og spelaren kastar seg utan å nøla i vegen for ein hard puck som kan nå hastigheiter over 150 km/t.

– Å trassa smertene er ein del av kulturen. Det gjeld å visa at du er tøff nok til å tola det, og at du er villig til ofra deg for laget, seier Sofie Christensen, vitskapleg assistent i Antidoping Norge.

Men sjølv den tøffaste tøffheita treng litt hjelp innimellom. Mesteparten av tida, faktisk. I masteroppgåva si ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, gjennomførde Christensen fokusgruppesamtalar med til saman 25 spelarar frå den norske eliteserien om legemiddelbruken deira.

Høg tillit til legane

– For dei var bruken av smertestillande ein innarbeida del av hockeyen. Kampprogrammet er så tett at ein sjeldan når å restituera seg heilt frå den eine kampen til den neste, seier Christensen.

– Då brukar dei smertestillande for å koma seg gjennom. Dersom du står over ein kamp, tek nokon andre plassen din, og så er det ikkje sikkert du får den tilbake.

Ho fortel om høg tillit til legane i støtteapparatet hjå spelarane, ikkje berre i eigen klubb.

Sovemidlar dukka opp som tema

– I hockey er det slik at det er det medisinske apparatet til heimelaget som tek seg av alle spelarane, òg bortelaget sine. Ein av spelarane fortalde at han under ein bortekamp hadde fått ein kraftig og smertefull smell i aksla, fortel Christensen.

– Av legen til heimelaget fekk han ein injeksjon som gjorde at han kunne spela vidare. Men han blei ikkje fortalt kva han fekk, heller ikkje etter kampen. Det gjorde ingen forskjell for han.

Christensen peikar på at utøvarane har eit ansvar sjølve for at dei ikkje får i seg noko som står på dopinglista, noko dei fleste her til lands vel fekk med seg då Therese Johaug vart utestengd i atten månadar og mista Ol i Pyeongchang.

I tre av dei fem fokusgruppene Christensen hadde samtalar med dukka sovemidlar uoppmoda opp som tema.

Tyr til sovetablett

– Ved dopingkontrollar rapporterer utøvaren kva legemiddel han eller ho har brukt dei siste sju dagane. 20 % av hockeyspelarane opplyste at dei hadde brukt sovemiddel, ofte av det sterkaste slaget, fortel Christensen.

– Blant normalbefolkninga er tilsvarande tal for menn i same aldersgruppe rundt 5 %. Bruken er dermed fire gonger så høg blant utøvarane.

Dei forklarar bruken med at kampane går på kveldstid, log etter kampen er kroppen proppfull av adrenalin. Kanskje har dei òg supplert med kaffi eller energidrikkar.

– Dersom det er bortekamp, kjem du tilbake til hotellet seint på kvelden. For å få noko særleg søvn før avreisa neste morgon, tyr mange til ein sovetablett, forklarar Christensen.

Astrid Gjelstad og Sofie Christensen
– Vi sette i verk dette masterprosjektet på grunnlag av dei oppsiktsvekkjande høge tala vi fann for hockeyspelarar i ei tidlegare undersøking, seier Astrid Gjelstad (t.v.) og Sofie Christensen. Foto: Torstein Helleve/UiO

Normaliserer eigen bruk

– Vidare er den norske serien semiprofesjonell. Dermed er det ein del utøvarar som må tidleg opp dagen etter kamp for å gå på jobb. Eldre spelarar kan ha familie og små barn som krev at dei står opp om morgonen.

Sterke sovemedisinar kan som kjend vera vanedannande, og legar skal derfor vera varsame med å skriva ut for mykje av dei. Det er ikkje noko stort problem for utøvarane.

– Gjennom karrieren møter dei mange legar, og dei finn fort ut kven dei mest slepphendte er. I tillegg driv mange utstrekt legemiddelshopping, altså at dei får skrive ut same medisin av fleire ulike legar, fortel Christensen.

– Sjølv om mange kan fortelja om andre utøvarar som har enda opp med legemiddelmisbruk, ser dei ikkje på sin eigen legemiddelbruk som problematisk. Ein del har spelt i den nordamerikanske serien NHL, der tilstandane er mykje verre. Det brukar dei som ytterlegare eit argument for å normalisera eigen bruk.

Aukande interesse for idrettsfarmasi

Ho sjølv er ikkje like ubekymra.

– Toppspelarar kan ha ein karriere på kanskje 15–20 år. Så høg legemiddelbruk over så lang tid fører ikkje berre til risiko for avhengigheit av vanedannande medisinar, men òg biverknadar og langtidsskadar. Vi ser òg at yngre spelarar lærer av dei eldre og at kulturen dermed vert oppretthalden.

Veiledar på masteroppgåva var Astrid Gjelstad, medisinsk fagrådgjevar i Antidoping Norge og fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt.

– Vi sette i verk dette masterprosjektet på grunnlag av dei oppsiktsvekkjande høge tala vi fann for hockeyspelarar i ei tidlegare undersøking vi gjorde om legemiddelbruken blant norske idrettsutøvarar, fortel ho.

– Vi har to andre masterstudentar som er i gang med eit liknande prosjekt blant fotballspelarar. Det er mykje vi ikkje veit om legemiddelbruk blant idrettsutøvarar, men vi ser samstundes ei aukande interesse for idrettsfarmasien, både blant studentane vår og i samfunnet generelt.

Fyrsteamanuensis Ingunn Björnsdottir ved Farmasøytisk institutt har vore hovudveiledar for prosjektet, og forskingssjef Fredrik Lauritzen ved Antidoping Norge boveiledar. Begge er medforfattarar av artikkelen.

Den vitskaplege artikkelen

Christensen m.fl.: Medicalization of Sport? A Mixed-Method Study on the Use of Medications in Elite Ice Hockey. Sports, Jan 2024

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 5. mars 2024 08:17 - Sist endra 14. juni 2024 08:14