Mjølkesyre kan dempa skadane etter hjerneslag

Kan utvida tidsrommet der det er håp om å redda hjernevev frå fire timar til to døgn.

KI-generert illustrasjon av silhuett av hovud med smertefulle strålingar frå hjernen

90 prosent av hjerneslag skuldast blodpropp. Ill.: Pixabay

Kvart år får rundt 12 000 nordmenn hjerneslag. Ein tidel av slaga skuldast ei bløding i hjernen, medan dei resterande 90 prosentane skuldast ein blodpropp.

– Når ei blodåre blir tetta av ein blodpropp, mister delar av hjernen blodtilførselen sin. Vevet i kjernen av dette området vil som regel bli varig skada eller døy, men det går an å redusera skadane i vevet i randsona av dette området, det vi kallar penumbra. Vi kan behandla med medikament eller fjerna proppen mekanisk, forklarar professor Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt.

– Problemet er at det berre er eit snevert vindauge der det er håp om at behandlinga skal verka. Medikamentell behandling må helst skje innan fire timar, elles er toget gått. Det er råd å prøva å tøya fristen litt, men vindauga ligg i det området. Dessutan er det langt frå alle pasientar som kan få slike legemiddel.

– Mekanisk fjerning av proppen har noko lengre tidsvindauge, men er berre tilgjengeleg på nokre sjukehus.

Påførde forsøksmus hjerneslag

Cecilie Morland
– Mjølkesyre finst naturleg i kroppen, og er ikkje særleg skadeleg, seier Cecilie Morland. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Morland og kollegaane har tidlegare vist at når friske mus får tilført mjølkesyre, fører det til at hjernen får fleire små blodårar og dermed auka blodtilførsel. Sidan skadane etter hjerneslag kjem av redusert blodtilførsel, var det nærliggjande å tenkja at eit tettare nettverk av små blodårar i penumbra kanskje kan beskytta dette området ved eit hjerneslag.

Derfor bestemte forskarane seg for å undersøkja om mjølkesyre kunne ha nokon effekt på omfanget av hjerneskade etter blodpropp i hjernen.

– I laboratoriet påførde vi forsøksmus hjerneslag. Ei gruppe fekk mjølkesyre etter 24 og 48 timar, medan ei kontrollgruppe ikkje fekk behandling, fortel Morland.

Ingen effekt

– Etter tre veker målte vi kor mykje hjernevev som var gått tapt. Då fann vi at gruppa som hadde fått mjølkesyre hadde tapt mykje mindre vev enn kontrollgruppa. Så det må bety at mjølkesyre beskyttar mot denne vanlegaste typen hjerneslag.

– Tidlegare har vi òg sett at mjølkesyrebehandling kan gje fleire nerveceller i delar av hjernen, noko som òg kan tenkjast å motverka hjerneskaden etter eit hjerneslag Men  vi fann ikkje tydelege teikn på at det vart danna fleire nerveceller i denne studien.

Funna gjeld vel å merka dyr som har den nødvendige reseptoren, eller mottakaren, for mjølkesyre i hjernen. Gruppa til Morland har òg undersøkt effekten av mjølkesyre på mus der denne reseptoren har blitt fjerna. På desse musene hadde mjølkesyra ingen effekt etter hjerneslag.

Kan få eit betre liv

Mjølkesyre er enno ikkje testa på menneskelege slagpasientar, men det treng ikkje vera så langt borte.

– Mjølkesyre finst jo naturleg i kroppen, og er ikkje særleg skadeleg. Ho vert brukt som legemiddel i dag. Ikkje mot slag, riktig nok, men det er altså gjort mange studiar på sikkerheita ved bruk av mjølkesyre, fortel Morland.

– Dersom vi kan utvida vindauga for behandling så mykje som vi håpar, bør det bety at mange slagpasientar kan få eit betre liv etter hjerneslaget.

Dei vitskaplege artiklane

Geiseler, Morland m.fl.: L-Lactate Treatment at 24 h and 48 h after Acute Experimental Stroke Is Neuroprotective via Activation of the L-Lactate Receptor HCA1. International Journal of Molecular Sciences, Jan 2024

Lambertus, Morland m.fl.: L-lactate induces neurogenesis in the mouse ventricular-subventricular zone via the lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, Nov 2020

Morland m.fl.: Exercise induces cerebral VEGF and angiogenesis via the lactate receptor HCAR1. Nature Communications, May 2017

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 8. apr. 2024 10:42 - Sist endra 14. juni 2024 08:14