Hedvig Nordeng får 4,97 millionar til COVID-19-prosjekt

Internasjonalt prosjekt leia frå Farmasøytisk institutt ved UiO støtta av ekstraordinære midlar frå Kreftforeninga og Forskingsrådet.

Angela Lupattelli og Hedvig Nordeng

Angela Lupattelli (t.v.) og Hedvig Nordeng er blant dei som skal forska på korleis pandemiar som COVID-19 påverkar land og regionar med ulike samfunnsstrukturar. Foto: Bjarne Røsjø, titan.uio.no

– Det er viktig med farmasøytisk kompetanse når vi skal forska på korleis pandemiar som COVID-19 påverkar samfunnet, seier Hedvig Nordeng, professor i farmakoepidemiologi ved Farmasøytisk institutt ved UiO.

Ho leiar prosjektet som har fått namnet "EU-COVID-19 – a multinational registry- based linkage study with focus on risk and protective factors, clinical outcomes and mental health". Prosjektet involverer forskarar frå Norge, Sverige, Danmark, Skottland, Italia, Frankrike og Brasil, og vert samfinansiert av Kreftforeninga og Forskingsrådet.

Framtidige pandemiar

– Vi har sett saman ei internasjonal forskargruppe fordi vi ynskjer å samanlikna korleis pandemiar utviklar seg i ulike samfunnsstrukturar. Om for eksempel diabetes og svekka immunforsvar er risikofaktorar, er det ikkje gitt at risikoen for desse personane er like stor her til lands som i Italia, seier Nordeng.

– Vi er svært opptekne av å forstå beskyttande faktorar og legemiddel si rolle for alvorlig COVID-19 sykdom, legg ho til

– Vi vil òg bruka data om legemiddelbruk til å kartleggja korleis den mentale helsa blant folk vert påverka. Kunnskapen vi skaffar vil vera til nytte under framtidige pandemiar.

Italienske forskarar

Ho seier at Norge har eit fortrinn internasjonalt ved at vi har gode nasjonale helseregister som kan knytast saman, og understrekar at med det fortrinnet fylgjer det òg eit internasjonalt ansvar.

– Og så har forskargruppa vår ein fordel til, sidan ein annan av deltakarane herfrå, Angela Lupattelli, sjølv er frå Italia. Så kontakten med dei italienske forskarane som skal delta er alt på plass.

Sjå pressemelding frå Forskingsrådet om COVID-19-tildelingane

Publisert 7. mai 2020 13:06 - Sist endret 7. mai 2020 13:12