Hedvig Nordeng får Nordforsk-støtte til nytt Covid-19-prosjekt

Internasjonalt samarbeidsprosjekt tek utgangspunkt i nasjonale helseregister.

Hedvig Nordeng

Prosjektet skal etablera ein multinasjonal database med data frå helseregistra i Danmark, Norge, Sverige og Skottland, for å utføra epidemilogiske studiar på Covid-19. Registra inneheld helseopplysningar om 25 millionar innbyggjarar.

Prosjektet er delt i fire fokusområde. Nordeng skal leia arbeidet med å kartleggja korleis sjukdommen utviklar seg i spesielt utsette grupper. I tillegg til konvensjonelle epidemiologiske forskingsmetodar skal prosjektet nytta maskinlæring til å utvikla hypoteser og testa funn.Prosjektet skal vara i to år.

Publisert 26. okt. 2020 11:09 - Sist endret 2. nov. 2020 07:36