Etter 40 år på UB: – Aldri negative vibbar på farmasi

Nyleg takka Bente Rasch av som hovudbibliotekar etter å ha hatt fagansvar for farmasi sidan midten av nittitalet. Her ser ho tilbake på åra som har gått.

Berit Rasch utkledd med hjelm i bibloteket

"Hunden din gjorde KVA med låneboka di, sa du?" (slikt skjer) Bente Rasch har vore med i fleire filmar på Realfagsbiblioteket si Facebook-side, sjå eit lite utval nederst i saka.

Både tilsette og studentar kjenner Bente Rasch. Ho har vore den som har hjelpt til med å finna forskingsartiklar og forklart korleis referanselister skal setjast opp. Men 1, februar var det jamt slutt, og ein kan nok seia at ein epoke er over.

– Då eg fekk ansvar for farmasibiblioteket, var det som eit ledd i Realfagsbiblioteket, eller Matematisk-naturvitskapleg fakultetsbibliotek dom det heitte den gongen, si satsing på å betra bibliotekstilbodet for studentane. På den tida var biblioteket mest brukt av dei tilsette. Opningstidene gjorde at studentane ofte møtte stengde dører, fortel Rasch.

Hyggjeleg institutt

Då ho tok til på farmasi, hadde ho alt vore på Realfagsbiblioteket sidan 1981. Med sin bibliotekarbakgrunn kunne ho vera til nytte fleire stader, og var innom både matte, geo og bio før ho fakk ansvaret for farmasi.

– Dei andre stadene var vi fleire som jobba for det same instituttet, men på farmasi hadde eg ansvaret åleine. I kortare eller lengre periodar hadde eg bistand av andre bibliotekarar eller studentar, men hovudansvaret var mitt, seier ho.

– Vi fiksa opp, kasta mykje og ommøblerte litt. Vi låg jo sentralt plassert i andre etasje, så det var jo lett å få god kontakt med tilsette og studentar, når berre vi hadde ope. Det var eit hyggjeleg institutt å vera på, fortel ho.

Kilometervis med tidsskrift

Nokre år seinare bar det tilbake til mattebygget for Rasch, då alle instituttbiblioteka ved MN vart samla under eitt tak. Rasch hadde framleis hovudansvaret for farmasi, men syntest det  var litt trist at kontakten med dei tilsette vart mindre.

– Det var mange av dei som var negative til at farmasibiblioteket skulle flyttast så langt bort. Men samstundes vart jo fleire og fleire tidsskrift elektroniske, så no gjer det ikkje så mykje at avstanden til biblioteket er større, seier ho.

– Dei fleste finn jo uansett det dei skal utan å måtta flytta seg frå pulten sin. Det er ein stor kontrast til kilometervis med tidsskrift vi hadde då eg starta her.

Ikkje frammøteliste

Men om den daglege kontakten med dei tilsette har blitt mindre, kryr det like tett med studentar som då biblioteket heldt til i Farmasibygget.

– Nokre skular har undervising i akademisk kjeldebruk, men dei fleste studentane kjem rett frå vidaregåande utan å ha noko slik ballast. Derfor har vi obligatoriske kurs ved starten av kvart kull, fortel ho.

– Men vi fører ikkje frammøteliste, og som regel er det nokon som av ulike grunnar ikkje møter. Det straffar seg, for det visest godt på dei fyrste referanselistene dei skriv. Der er det mykje rart, humrar ho.

Bidra over eigne budsjett

BNente Rasch
Foto: UB

Men det er ikkje berre fyrsteårsstudentar som får støtte. Det gjeld masterstudentar òg, og doktorgradsstudentar får støtte når dei skal laga «systematic reviews».

– Og elles stiller vi jo opp om nokon forskarar etterlyser materiale, gjerne e-bøker, som vi ikkje har frå før. I 99 % av tilfella skaffar vi det som vert etterspurt.

I dag vert biblioteksdrifta finansiert av UB åleine, men tidlegare var det lagt opp til at institutta skulle bidra økonomisk over sine eigne budsjett. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det kunne gje grunnlag for gnissingar, men Rasch rosar FAI:

– Leiinga her har alltid vore positive og imøtekomande. Heller ikkje vi har fått alt vi har peika på, men slik er jo situasjonen for alle. Det har nok vore andre bibliotekarar som har opplevd dette vanskelegare enn eg har gjort. Men her har det aldri vore negative vibbar.

I trygge hender

Kva dei farmasøytiske faguttrykka betyr er ikkje alltid like opplagt for utanforståande, og det har Rasch fått merka når ho snakkar med kollegar på Realfagsbiblioteket.

– Om eg fortel om ein undervisar at ho har farmakognosi, hender det at folk trur det er ein diagnose og lurer på om ho kjem til å bli bra att. Og endå verre er det om eg seier om ei anna at ho er galenikar, då kan folk bli litt avventande til dei finn ut om det er eit positivt eller eit negativt personlegdomstrekk.

No gjev ho stafettpinnen vidare til Jessica Lønn-Stensrud, og er overtydd om at instituttet er i trygge hender.

Glimt fra UB-livet

Nokre av gullkorna bente rasch har høyrd frå studentar opp gjennom åra:

Student: "Jeg har ikke klippet og limt, jeg har skrevet inn alt fra sitatet på tastaturet selv..." (fra min kollega Tone Gadmar)

Dette har jeg selv hørt:

... en som var overivrig etter å ikke bruke useriøse kilder fra nettet:
(Stolt): "Referanselisten min inneholder INGEN kilder fra nettet".

Student: "Må jeg virkelig lese alle referansene jeg har i oppgaven? Det har jeg ikke tid til!"

Studentene må også  forstå at de må ha riktig terminologi for å søke skikkelig. Igjennom ti år har vi hatt blåbær som eksempel i farmakognosi-kurset. Når vi spør hva skogsblåbær heter på engelsk, har hittil alle svart blueberries. Men det er bilberries.

Nokre filmar frå Facebook-sida til Realfagsbiblioteket

Velkommen tilbake! (10. august 2020)

Fagansvarlig for farmasi i Realfagsbiblioteket

Realfagsbiblioteket anbefaler science fiction

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 4. feb. 2021 07:36 - Sist endret 4. feb. 2021 07:46