– Gler meg til å vera med og vidareutvikla instituttet saman med mange flinke folk

Som ny instituttleiar ved Farmasøytisk institutt har Kathrin Bjerknes sett pris på at dei tilsette verkar stolte av ansvaret dei har. Ho er òg oppmuntra av gode søkjartal.

Kathrin Bjerknes
– Mi rolle er å vera tilretteleggar for at vi kan samarbeida om å gjera kvarandre gode, seier Kathrin Bjerknes, den nye instituttleiaren ved Farmasøytisk institutt. Foto: UiO

Åtte veker har Kathrin Bjerknes sete i instituttleiarstolen. Framleis er det nye rutinar, nye system og nye arbeidsmåtar å setja seg inn i. Men ho har hatt tid til å møta både tilsette og studentar på allmøte, og har òg besøkt dei enkelte seksjonane.

­– Eg synest folk har vore veldig greie med meg, og hatt forståing for at eg ikkje er fullt utlærd frå fyrste dag, seier Bjerknes.

– Mellom anna har eg no i starten bede om møte med dei som står bak søknadane om forskingsstønad som hamnar på pulten min, slik at eg kan læra meir om forskinga bak prosjekta. Det gjer meg midlertidig til ein liten flaskehals, men eg har ikkje opplevd nokon sure miner.

Påverkar liv og helse

Sidan ho er oppteken av eit sunt arbeidsmiljø, synest ho denne openheita lovar godt. Ho minner om at Arbeidsmiljølova pålegg alle arbeidstakarar ei plikt om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

– Som leiar av eit forskingsinstitutt vil dette vera ei viktig oppgåve for meg. Mi rolle er å vera tilretteleggar for at vi kan samarbeida om å gjera kvarandre gode, for å levera så god forsking og undervising som råd.

Farmasistudiet er det einaste profesjonsstudiet ved MN-fakultetet. Bjerknes fortel at ho i dei fyrste møta har opplevd tilsette som er stolte over å gje denne utdanninga.

– Farmasøytane vi utdannar skal ut i samfunnet i roller som påverkar liv og helse. Vår oppgåve er å gje dei eit solid grunnlag for å ta dette ansvaret, seier Bjerknes.

Gode jobbmoglegheiter

Søkjartala for neste år kom nokre veker etter at Bjerknes tok til i stillinga. Farmasiutdanninga ved UiO hadde ein formidabel auke i søkjarar som hadde studiet som fyrsteval. 219 søkjarar i år mot 168 i fjor er ein auke på 30 prosent.

– Det er nok ikkje fordi det hadde ryktast at eg skulle ta over som instituttleiar, smiler ho.

– Eg trur auken har tre hovudårsaker: ein generell auke i søkjartala til høgare utdanning, at pandemien nødvendigvis har gjeve eit auka fokus på legemiddel og spesielt vaksiner, og gode jobbmoglegheiter som farmasøyt.

Alle må bidra

Det forklarar likevel ikkje at auken for UiO-studiet er større enn både den generelle auken, og auken til dei andre farmasistudia, som nesten alle òg har hatt framgang. Så er då heller ikkje Bjerknes så oppteken av å sjå på forskjellane.

– Eg trur at vår vesle bransje har mest å tena på samarbeid. Legemiddelindustrien, sjukehusa, Apotekforeningen og andre har ynskje og forventingar til kandidatane våre, som vi skal oppfylla så godt det let seg gjera, seier ho.

– Men vi må alle bidra til rekrutteringa gjennom å gjera farmasi og farmasøytar meir synlege i samfunnet. Eg applauderer alle som tek del i samfunnsdebatten, opptrer i media eller utfordrar grensene på andre måtar. Eg ynskjer farmasøytar som har ein sunn og god profesjonsidentitet, og som tek moglegheitene som byr seg.

Flytting til Livsvitskapsbygget

Sjølv kan ho visa til ein karriere der ho fleire gonger har skifta beite. Det starta alt med sommarjobben det siste året som student ved UiO. Med nyvunnen ekspedisjonsrett tok dei fleste medstudentane hennar sommarjobb på apotek, medan ho laga stikkpiller i tretti graders varme. Det vart hyppige turar inn på kjølelageret.

Etter at ho tok mastergraden i 1990 vart ho forskar og etter kvart avdelingssjef i legemiddelindustrien, og undervegs fekk ho òg pressa inn ein doktorgrad. I 2009 tok ho steget over i spesialisthelsetenesta som sjukehusapotekar ved Sykehusapoteket Ahus

Samstundes har ho vore tilknytt Farmasøytisk institutt som sensor og veiledar, og ho sat i styret i ni år, frå 2008 til 2016. Og no skal ho mellom anna overvaka instituttet si lenge planlagde flytting til Livsvitskapsbygget, som skal skje i 2026.

Byggja på erfaringar

Den prosessen vil naturlegvis krevja mykje merksemd frå instituttet sin leiar, men det er ikkje den einaste grunnen til at Bjerknes ikkje vil binda seg til ein stramt formulert visjon som ny leiar.

– Eg er open for å driva meiningsbryting og ideutveksling med andre. Integriteten min er ikkje bunden til aldri å skifta meining, seier ho.

– Og dels er det fordi eg  ikkje ynskjer å koma feiande inn for å setja i verk mange nye tiltak. Som ny leiar står eg på skuldrane til dei som har vore leiarar før meg, og eg ynskjer å byggja vidare på erfaringane til alle dei høgt kompetente medarbeidarane som finst på instituttet.

Forgjengaren til Bjerknes var Henrik Schultz, som no har gått over til fakultetet for å jobba med Livsvitskapsbygget på heiltid.

Ein annan korona-kvardag

­– Byggeprosessen kjem framleis til å ta mykje tid for meg, men med Henrik i den nye rolla får eg frigjort tid til å jobba med litt fleire ting. Og med ein av «våre» så tett på prosjektet kan vi vera trygge på at våre behov ikkje vert gløymde, seier Bjerknes.

– I Livsvitskapsbygget vert heile instituttet samlokalisert igjen for fyrste gong på mange år, samstundes som det opnar seg nye moglegheiter for tverrfagleg samarbeid med dei andre miljøa som skal inn dit. Vi skal syta for at Farmasøytisk institutt har ein tydeleg identitet òg når vi samarbeider tett og godt med andre.

På Ahus har dei gjennom heile nedstengingsperioden stort sett vore fysisk til stades på arbeid. I tillegg til å læra seg nye system og rutinar, har Bjerknes derfor òg måtta læra seg å kjenna ein annan korona-kvardag:

– Eg har enno ikkje vent meg heilt til at når folk her snakkar om eit møte, meiner dei å sitja kvar for seg og snakka til ein skjerm.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 4. juni 2021 10:52 - Sist endret 4. juni 2021 10:58