Ph.d.-prosjekt ved FAI inn i EU-konsortium

Ny næringslivs-ph.d. skal forska på resistens-inhibitoren APC247 mot klinisk isolerte resistente bakteriar.

Bildet kan inneholde: smil, vindu, bildesign, flyreise, fly.

Pål Rongved og Rebekka Rolfsnes i eit av laboratoria til Oslo Cancer Cluster. Foto: Wenche Gerhardsen/Oslo Cancer Cluster

– Det er ikkje kvar dag at eit prosjekt som starta her på instituttet kjem inn i eit EU-konsortium, seier professor Pål Rongved ved Farmasøytisk institutt (FAI).

Han snakkar om ph.d.-prosjektet til Rebekka R. Rolfsnes, som er tilsett i firmaet Adjutec Pharma og skal ta doktorgraden sin ved FAI med professor Hanne Winther-Larsen om hovudveiledar og professor Ole Andreas Økstad som medveiledar.

Prosjektet er finansiert gjennom Nærings-ph.d.-programmet i NFR, og av ordninga Eurostars. Eurostars er ein del av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa, der Norge deltek. Forskingsrådet støttar bedriftene som deltek i Eurostars med opptil 50 prosent av utgiftene til industriell forsking og utvikling. NFR har i tillegg støtta prosjektet sidan 2014.

– Ikkje berre er Rebekka oppteken på doktorgradsprogrammet her, men Adjutec har òg sitt utspring ved FAI, fortel Rongved.

Historia til Adjutec starta i 2009, då Rongved gjorde ei oppdaging saman med Alexander Åstrand, som den gongen var ph.d.-student hjå Rongved i forskingsgruppa SYNFAS. Adjutec vart starta i 2019 for å utnytta oppdaginga.

– Bakteriar forsvarar seg mot antibiotika ved å utvikla enzym som øydelegg legemiddelet. Vi oppdaga eit enzym som deaktiverte desse enzyma, og dermed tok frå bakteriane forsvaret deira, forklarar Rongved.

Den fyrste kandidaten for legemiddel, APC148, er planlagd for klinisk utprøving til neste år. Rolfsnes sitt prosjekt tek for seg ein annan kandidat, APC247. Målet for stønaden frå Eurostars er at det skal koma konkrete varer eller tenester frå prosjektet kort tid etter at det er slutt.

Les meir

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 21. mars 2022 10:16 - Sist endret 21. mars 2022 10:16