REA:Life kåra til tredje beste stand

To standar frå FAI på godt besøkt forskingstorg på Teknisk museum.

Fire blide personar på stand med blomebukett

Glade for tredjeplassen. Frå venstre: Marit Inngjerdingen, Kari Tvete Inngjerdingen, Emilie Steinbakk Ulriksen og Håvard Hoel. Foto: Ola Tvete Inngjerdingen

Torsdag i førre veke deltok Farmasøytisk institutt på forskingstorg på Teknisk museum. Instituttet var inviterte av hovudarrangøren, Medisinsk fakultet.

Dagen vart delt i to: på føremiddagen deltok påmelde klassar frå vidaregåande skular, og på kveldstid var det ope for alle. Denne kvelden var det òg gratis inngang på museet.

Kveldens beste stand vart kåra av ein jury med direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit, redaktør i forskning.no Aksel Kjær Vidnes og Apollon-journalist Yngve Vogt. Oppgåva til juryen var ikkje enkel, for det var mange gode standar. At alle dei 16 bidraga såg ut til å ha eit jamt tilsig tyda på at publikum òg delte den opplevinga.

Veldig gøy å vera med på eksperiment

Men eit kvarter forseinka på slutten av kvelden fall dommen. Jebsensenteret for cøliakiforsking hadde tydeleg lagt ned mykje arbeid i sin stand, og vart fortent kåra som vinnar. Og på tredje plass kom altså boda til tverrfakultære REA:Life.

– Veldig hyggjeleg for oss sjølvsagt, men det var òg gøy å snakka med nysgjerrige barn, ungdom og vaksne. Vi opplevde sjølv at standen fungerte bra for både barn og vaksne, seier Kari Tveit Inngjerdingen, som saman med Emilie Steinbakk Ulriksen, Hussain Shakeel Butt, Håvard Hoel, Helle Wangensteen og Marit Inngjerdingen bytte på å stå på standen.

To forskarar på stand som snakkar med publikum utanfor biletet
Hussain Shakeel Butt og Emilie Steinbakk Ulriksen fortel om korleis gamle medisinske bøker kan vera utgangspunkt for nye medisinar. Foto: Torstein Helleve

– Barn og unge syntest det var veldig gøy å vera med på eit eksperiment. Dei fekk velja ein plante, knusa den med morter og så bruka whirlmiksar til å blanda sprit og plantemateriale for å «ekstrahera» stoff frå planten. Å pipettera var òg gøy, og sjå korleis stoff frå planten endra fargen på eit reagens frå lilla til gult. Her forklarde vi barna kva som skjedde med reagenset.

– Dei vaksne var meir interesserte i å høyra om prosjektet, og kikka på dei gamle bøkene vi hadde med oss på standen.

Kjende soppen frå eige kjøkken

På den andre FAI-standen heldt Christiane Færestrand Ellefsen og Andrea Angelov det gåande heile dagen, riktig nok med nokre timars pause mellom dagdelen og kveldsarrangementet.

– Barna som var innom vår stand syntest det var spesielt morosamt å laga mikroskoppreparat og studera dei i mikroskopet. Fleire av dei let seg fascinera av konsistensen på polysakkarida samanlikna med soppen dei var isolerte frå, seier Ellefsen.

– Soppen det er snakk om er kongeøsterssopp. Den var det mange som kjente frå sitt eige kjøkken, og som syntest det var spennande at vi forska på den.

To forskarar snakkar med elevar på stand
Christiane Færestrand Ellefsen fortel om mikroskoppreparat til nysgjerrige elevar, medan Andrea Angelov ser på. Foto: Torstein Helleve

Ikkje forskingstorg i sentrum i år

Ellefsen fekk òg tid til å gå litt rundt og kikka på dei andre standane.

– Det var mykje spennande dei besøkande kunne prøva seg på. Og det var veldig hyggjeleg å møta så mange frå Med.fak òg. Vi har jo mykje til felles med dei.

Tidlegare år har UiO som kjent hatt forskingstorg i sentrum saman OsloMet og NMBU. I år valde OsloMet å ikkje delta, og det sette ein stoppar for samarbeidet. Tida vil visa om det vert forskingstorg på Universitetsplassen neste år eller om årets opplegg på Teknisk museum vert gjentatt. Eller om det vert noko heilt anna.

Forskingsdagane 2022 ved UiO

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 26. sep. 2022 12:54 - Sist endret 5. juni 2023 13:16