Beste artikkel i 2021/22 med viktig bidrag frå FAI

Massimiliano Pio di Cagno er medforfattar på artikkelen som vart kåra til den beste i European Journal of Pharmaceutical Science for perioden 2021/22.

Skjermdump av brev med beskjed om kåringen

– I artikkelen "Drug delivery to the brain: In situ gelling formulations enhances carbamazepin diffusion through nasal mucosa models with mucin" av Corazza et al. har vi utvikla nye in situ gel-dannande formuleringar fylt med karbamazepin for nase-til-hjerne levering, fortel di Cagno, fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt.

Han fortel at det er to spesielt innovative trinn i denne artikkelen.

– Det eine er formuleringstypen. Han er utvikla ved Universitetet i Bologna i samarbeid med Syddansk Universitet, som dannar ein gel og forbetrar dermed opphaldstida på verkesteden, t.d. nasehola. Det gjev ein potensielt betre terapeutisk effekt i hjernen, forklarar han.

– Det andre store framsteget er bruk av berekraftige, ikkje-animalske metodar for å evaluera og screena formuleringar. Dei kan umedelbart redusera karbonfotavtrykket til den farmasøytiske industrien.

Har rettleia in vitro-testdelen

Spesielt har doktorgradsstudent Elisa Corazza og teamet leia av professor Barbara Luppi utarbeida ein forbetra modell av den biomimetiske barrieren PermeaPad®, som består av avsetninga av eit stabilt lag av mucin på toppen, som er i stand til å simulere naseslimhinna. PermeaPad® er oppfunne av di Cagno saman med professor Annette Bauer-Brandl, som òg er forfattar av vinnarartikkelen.

Massimiliano Pio di Cagno
– Det er to spesielt innovative trinn i denne artikkelen, seier Massimiliano Pio di Cagno. Foto: UiO

– Denne kunstige slimhinna ga veldig fine og reproduserbare resultat, og hjelpte til med å screena formuleringane for å finne den beste, altså den som antakeleg vil gje den beste lokale biotilgjengelegheita, forklarar di Cagno.

Initiativet til samarbeidet mellom Universitetet i Bologna og de skandinaviske universiteta som er involverte i dette prosjektet, UIO og SDU, kom frå di Cagno sjølv. Han har opp gjennom åra jobba ved alle dei tre universiteta. I tillegg har han, som ekspert på PermeaPad®-teknologiane og generelt verdsomspennande ekspert på in vitro-permeabilitetsstudiar, rettleia heile in vitro-testdelen av prosjektet.

Endra gjeldande regulering

– Dette arbeidet kan bana vegen for ein meir berekraftig galenisk farmasi, der bruken av dyreforsøk langt på veg kan erstattast av in vitro-verktøy, slik som det som vert presentert i dette arbeidet. For å nå dette målet må vi slå saman krefter og kompetanse rundt om i Europa, seier di Cagno.

– Vi må overtyda beslutningstakarane om at slike modellar fullt ut respekterer 3R-prinsippet. Dei kan spesielt bidra til å redusera talet på in vivo-eksperiment, ikkje minst på eit tidlig stadium av legemiddelutvikling. Vi må òg tvinga dei til å endra gjeldande regulering for legemiddel, der godkjenning av biowaivers, dvs. godkjenningsprosessen for eit nytt legemiddel utan dyreforsøk, må implementerast mykje meir.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 7. juni 2023 10:52 - Sist endret 7. juni 2023 10:54