– FAI satsar på radiofarmasi, men er avhengig av støtte frå industrien

Under eit arrangement på Arendalsuka understreka instituttleiar Kathrin Bjerknes behovet for samarbeid mellom akademia og industri for å behalda Norge sitt forsprang innan radiofarmasi og nukleærmedisin.

Kathrin Bjerknes held foredrag under Arendalsuka

– UiO treng hjelp frå industrien gjennom nærings-ph.d.ar, masteroppgåver og professor II-stillingar, sa Kathrin Bjerknes frå podiet under Arendalsuka. Foto: Torstein Helleve/UiO

Mange av arrangementa på Arendalsuka har titlar som er forma som spørsmål, og bodskapen er som regel at svaret på spørsmålet er «JA».

Det var òg tilfelle med «Trenger Norge kompetanse innenfor området nukleærmedisin?», som vart arrangert av MN-fakultetet. Noreg har eit lite miljø på feltet, men dette miljøet er likevel langt framme internasjonalt.

Pionerane har vore Øyvind Bruland og Roy H. Larsen, og alle innleiarane på arrangementet var opptekne av at vi treng å sikra at arven deira vert ført vidare. Bjerknes slutta seg til, og fastslo at FAI skal gjera sin del av jobben. Men industrien må òg bidra.

Satsar på industriell farmasi

– Eg minner om at det er farmasøytar vi utdannar, ikkje gryteklare radiofarmasøytar. Vi ynskjer at kandidatane skal nærma seg spesialisering medan dei tek mastergraden, men det er fyrst på ph.d.-nivået at den verkelege spesialiseringa skjer, sa ho.

– Men det er avhengig av at de i industrien kjem på banen. Vi på UiO har ikkje den spesialkompetansen som de treng. Vi treng dykkar hjelp gjennom nærings-ph.d.ar, masteroppgåver og professor II-stillingar.

Ho opplyste at FAI satsar på industriell farmasi, med uttalte mål å auka forskingsaktiviteten med fokus på industriell farmasi, og auka den interne kompetansen for forsking og undervising innan temaet. Ho trekte fram fleire tiltak:

  • Samla utlysing av to faste vitskaplege stillingar innan industriell farmasøytisk legemiddelkjemi og galenisk teknologisk farmasi. Stillingane er knytt til det nye Norsk nukleært forskingssenter, som vart presentert på eit anna arrangement tidlegare på dagen
  • Fleire samarbeidsprosjekt med eksterne partnerar innan forsking, som nemnd ovanfor
  • Fleire vitskaplege eksternt finansierte professor II-stillingar og professorat
  • Farmasøytisk teknologisk plattform for utvikling og kontroll av legemiddel

Avhengig av at industrien bidrar

Dei andre innleiarane var professor Ole Kristian Hjelstuen, leiar av Inven2, adm.dir. Erik Flatmark frå Agilera og seniorrådgjevar Monica Larsen frå bransjeforeininga Legemiddelindustrien.

Dekan Solveig Kristensen runda av møtet med å støtta bodskapen frå Bjerknes om at FAI og UiO er avhengige av at industrien bidrar med sin kompetanse inn i undervisinga for at dei skal få ut kandidatar med den kompetansen dei etterspør.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 18. aug. 2023 12:15 - Sist endret 18. aug. 2023 12:15