Ukrainske farmasøytar på flukt er gjesteforskarar på FAI

Takknemlege for moglegheita og imponerte av utstyrsparken.

Kvinne og mann i labfrakkar sit i sofaen i gangen på Farmasøytisk institutt

Larysa Lenchyk og Taras Upyr har flykta frå Ukraina. Foto: Torstein Helleve/UiO

Mange ukrainarar er drivne på flukt som fylgje av angrepskrigen frå Russland. Ein del av dei er kome til Noreg, og to av dei har funne vegen til Farmasøytisk institutt.

I Ukraina er dei ikkje snauare enn at dei har eit eige universitet for farmasi. Det ligg i Kharkiv, og Larysa Lenchyk var professor og leiar av Avdeling for kvalitetssikring av legemiddel. Ho har tidlegare vore visedekan ved fakultetet sitt, og har organisert undervising både på ukrainsk og engelsk, for internasjonale studentar.

– Då krigen kom, kunne vi ikkje dra på jobb på universitetet lenger. Kharkiv ligg berre 40 km frå den russiske grensa, så vi låg utsett til då angrepet kom 24. februar i fjor, fortel ho.

Anbefalt å koma til Noreg

– I midten av mars flykta eg til Noreg saman med den eldste av dei to sønene mine. Han har ein alvorleg kardiovaskulær sjukdom og kan plutseleg få akutt behov for medisinsk hjelp. Han fekk beskjed av sjukehuset han brukte i Kyiv at dei kom til å dra ut av landet, og dei anbefalte han å gjera det same.

– Å bli i kunne bety døden. Legen foreslo å dra til eit land med eit godt helsevesen, som Noreg.

På denne tida fekk Lenchyk telefon frå Geir Bjørklund, leiar av organisasjonen Council for Nutritional and Environmental Medicine (CONEM), som ho tidlegare hadde publisert ein vitskapleg artikkel saman med. Han anbefalte henne å koma til Noreg.

Teken godt i mot

Så ho sette seg på bussen med sonen og den 83 år gamle mora si, og i midten av mai kom dei til Bergen, og Lenchyk let seg imponera av vestlandsnaturen. Ho avslører at ho vore på Ulriken, Fløyen og fleire andre bergenske fjell.

– Etter tre månadar flytta vi til Oslo. Professor ved NMBU Yngve Stenstrøm sette meg i kontakt med professor Helle Wangensteen ved Farmasøytisk institutt på UiO, fortel ho.

– Eg vart teken veldig godt i mot. Helle tok meg i handa og ynskte meg velkomen, og sidan januar har eg vore gjesteforskar på laben hennar.

Bak fronten på russisk side

Den andre sonen hennar, Taras Upyr, vart verande i Ukraina ei stund. Han arbeidde òg på Det ukrainske universitetet for farmasi, men på avdelinga for farmakognosi. Han budde nærare sentrum enn ho gjorde, og var meir utsett for bombene.

– Ved eit høve slo ei bombe ned berre 20 meter frå husveggen vår. Då hadde vi fått nok, så saman med kona mi og svigerforeldra flykta eg til ein landsby nær Izium. Vi budde i eit avsidesliggjande hus. Der trudde vi at vi var trygge og at det heile ville vera over etter få månadar, fortel han.

Men russarane kom fortare enn dei hadde tenkt, og plutseleg fann dei seg bak fronten på russisk side.

Drog til Russland som turistar

– Elektrisiteten var borte i lange periodar, det same var internett og TV. Og sjølv når dei var tilbake, fortalde nyheitene ikkje noko om kva som hende rundt Izium, der vi var, berre frå Kharkiv og Kyiv. Over åskanten kunne vi sjå rakettar bli avfyrde, men vi visste ikkje kva som gjekk føre seg.

Snart fann dei ut at dei ville forlata landet. Dei prøvde fyrst å forlata det okkuperte Aust-Ukraina med buss, men russarane ville ikkje tillata at dei brukte Russland som transitland, eller sleppa dei gjennom fronten til det frie Ukraina.

– Men då vi drog til Russland som turistar, sleppte dei oss inn. Derifrå kom vi oss til Noreg, fortel Upyr.

Opphaldet deira starta òg i Bergen, men alt dagen etter vart dei sende til den vesle Hardanger-bygda Kinsarvik. «Høge fjell og smale vegar», som han beskriv det. Etter kvart vart det Oslo på han òg, og frå august har han vore på Farmasøytisk institutt på Blindern.

Ukrainske flagg overalt

Dei rosar begge utstyret dei har tilgang til her.

– Når vi skulle ha utført analysar i Kharkiv, måtte vi som regel senda prøvane frå oss til andre laboratorium, seier Upyr.

– Her på Farmasøytisk institutt har dei moderne utstyr sjølve. Treng du ein NMR-analyse? Så utfør ein NMR-analyse. HPLC-analyse? Gjer det sjølv.

Mottakinga i Noreg har dei heller ikkje noko å utsetja på.

– I Bergen såg vi ukrainske flagg overalt, og folk var omtenksame og opne. Eg skjønar ikkje korleis nokon kan seia at nordmenn er eit inneslutta folk, seier Lenchyk.

Ynskjer å vera til nytte

Men framtida er usikker for begge. Dei er begge på tiltak og løna frå NAV. Upyr har avtale fram til juni, medan Lenchyk sin avtale er ferdig i desember.

– Eg mista jobben då eg forlet Ukraina. Det har vore store nedskjeringar i arbeidsstokken ved universitetet i Kharkiv.

– Eg ynskjer å halda fram med farmasi, for å læra meir om faget, om bruk av det avanserte utstyret her, og å snakka fag på norsk. Eg håpar å finna ei stilling der kompetansen min kjem til nytte for nokon.

Å vera til nytte ynskjer Upyr òg, men han er meir open for alternativ.

– Kva som vil skje i Ukraina er heilt uvisst. Kanskje vert det ikkje noko løysing på mange år. Eg ynskjer å jobba. Dersom det ikkje opnar seg noko innan farmasien, må eg prøva å finna meg noko i andre yrke.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 7. nov. 2023 15:16 - Sist endret 7. nov. 2023 15:16