Webinar-samarbeid med sjukehusapoteka fekk fødselshjelp av pandemien

Serien «I kunnskapsfronten med klinisk farmasi» går ein gong i månaden og samlar deltakarar frå alle helseføretaka.

Eldre pasient i samtale med farmasøyt i sjukehusuniform

Webinara formidlar ny forsking til kliniske farmasøytar, som kan bruka kunnskapen i møtet med pasientane. Foto: Øystein Horgmo/UIO

– Utgangspunktet var at vi ved FAI og sjukehusapoteka i Helse Sør-Øst som ynskte å gjera samarbeidet vårt i klinisk farmasi endå tettare. Kliniske farmasøytar arbeider gjerne ganske spreidd, så vi ynskte ein moglegheit for å gje fagfeltet eit felles løft, seier fyrsteamanuensis Liv Mathiesen.

– Det som fekk dytta oss over startstrekene, var faktisk at pandemien tvinga oss alle til å læra og bruka elektroniske samarbeidsverktøy som Teams og Zoom.

Saman med forskingssjef Yvonne Andersson ved Sykehusapotekene HF utarbeida Mathiesen konseptet, og hausten 2021 var det klart for det fyrste webinaret.

– Kvar gong er det eitt enkelt prosjekt som vert presentert. Det kan vera ein stipendiat som gjer eit samandrag av prøveforelesinga si, eller ein student som presenterer masterprosjektet sitt, seier Mathiesen.

Anbefalar for studentar

– Ikkje alt er publisert forsking. På eitt webinar var det t.d. ein farmasøyt frå Helse Midt-Norge som snakka om Helseplattforma, og det kan òg handla om utviklingsprosjekt i sjukehusapoteka. Men det aller meste har vore frå forskingsprosjekt.

Det som starta som eit samarbeid mellom FAI og Helse Sør-Øst, vekte etter kvart interesse hjå dei andre regionale helseføretaka òg, og no er dei alle med i samarbeidet.

Liv  Mathiesen
– Deltakarane set pris på å få ein jamn flyt av ny forsking, seier Liv Mathiesen. Foto: Adam R. Babinski/UiO

– I tillegg er Diakonhjemmet og Lovisenberg med. Det kjem òg nokre deltakarar som ikkje sjølve jobbar i klinikk, til dømes i akademia, fortel Mathiesen.

– Eg anbefaler det òg overfor studentane våre.

Anledning til å dela forsking

Kliniske farmasøytar er ute i klinikken på føremiddagen. Derfor vert webinara haldne mot slutten av arbeidsdagen, så dei forstyrrar andre arbeidsoppgåver så lite som råd. Arrangørane er òg strenge på at kvart webinar ikkje skal vera lenger enn 30 minutt.

– Vi opplever at deltakarane set pris på å få ein jamn flyt av ny forsking. For oss er det gull verdt å ha kontakten med desse miljøa og halda oss oppdaterte om kva som skjer. I tillegg er det jo ein anledning til å dela forskinga vår, seier Mathiesen.

Dei som måtte ynskja å delta i webinar-rekkja, kan senda e-post til liv.mathiesen@farmasi.uio.no og få invitasjon.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 2. juni 2023 06:23 - Sist endret 2. juni 2023 06:42