Internasjonal lærebok frå Farmasøytisk institutt i ny utgåve

Oppdatert verk om analytisk kjemi for farmasøytar.

Forsida til "Introduction to Pharmaceutical Analytical Chemistry"Stig Pedersen-Bjergaard begynte å undervisa analytisk kjemi ved Farmasøytisk institutt i 1996. Men læreboka var den same som kjemistudentane brukte, og ein del av innhaldet var ikkje så relevant for farmasistudentar.

Etter nokre år vart saknet av ei tilrettelagt lærebok at han like godt skreiv ei sjølv. Saman med Knut Rasmussen gav han ut boka Legemiddelanalyse i 2004. Den kom i revidert utgåve i 2010, og norske farmasøytar kjenner den berre under namnet Blåboka.

Fag og pedagogikk i utvikling

Men no kan Blåboka syngja på siste verset. I 2008 starta Pedersen-Bjergaard i ei 20 % stilling ved Københavns Universitet (KU). Der oppdaga han til sin skrekk at der underviste dei enno slik ein hadde gjort i Noreg, utan eiga lærebok i legemiddelanalyse.

Dermed laga han og Rasmussen ei internasjonal utgåve, saman med sin danske kollega Steen Honoré Hansen. Den fekk namnet «Introduction to Pharmaceutical Chemical Analysis», og kom i 2012.

Men både farmasifaget og pedagogikken utviklar seg raskt, og òg denne boka trengte revisjon etter nokre år. I mellomtida var Rasmussen blitt pensjonist, og Hansen hadde gått bort. Pedersen-Bjergaard fekk derfor med seg kollega frå Farmasøytisk institutt Trine Grønhaug Halvorsen, og Bente Gammelgaard frå KU.

Gjort arbeidet heilt frå botn

– Bente og eg har revidert dei eksisterande kapitla frå førre utgåve, men det er Trine som har gjort nybrottsarbeidet. Ho har nemleg skrive eit heilt nytt kapittel om proteinbaserte legemiddel, seier Pedersen-Bjergaard.

Halvorsen forklarar at ho har måtta gjera arbeidet heilt frå botn.

– Lågmolekylære legemiddel, som er dei vi vanlegvis kjenner, er ganske greitt definerte og har kjende kontroll- og testmetodar. Proteinbaserte legemiddel har derimot eit biologisk opphav, og framgangsmåtane for å kontrollera dei er heilt annleis, seier ho.

Fiska ut det viktigaste

Ei samling av tekstar som forklarar korleis ein kan identifisera ulike medisinar vert kalla ein farmakopé. Halvorsen har bladd seg gjennom den europeiske varianten for å plukka ut dei proteinbaserte legemidla.

Deretter kom jobben med å systematisera testmetodane. Det har ikkje vore gjort før, så ho hadde ingen tidlegare verk å lena seg på.

– Ho har tråla farmakopéen for å fiska ut det viktigaste. Folk veit ikkje kor stor jobb det er å setja saman ei god lærebok, seier Pedersen-Bjergaard.

Brukt i utanlandske utdanningar

Halvorsen supplerer:

– Fyrst må ein skaffa seg heile oversikta over kontrollmetodane. Så må ein plukka dei viktigaste og setja det i ein farmasøytisk kontekst, og til slutt må teksten leggjast til rette på ein pedagogisk måte.

– Til våren planlegg vi å bruka den nye boka. Då pensjonerer vi Blåboka. Litt vemodig, men det ville vera litt rart å ha ei ny og oppdatert lærebok tilgjengeleg og ikkje bruka den.

«Introduction to pharmaceutical analytical chemistry» er utgjeven på det kjende forlaget Wiley, og har akkurat fått positiv omtale i Analytical and Bioanalytical Chemistry. «A welcome reference» og «a valuable update» er mellom uttrykka som blir brukt. Boka vert òg brukt i undervising ved fleire utanlandske farmasiutdanningar.

Dei tre forfattarane poserer med læreboka
Forfattarane av den nye læreboka som vert teken i bruk på masterstudiet i farmasi til våren. Frå v.: Stig Pedersen-Bjergaard, Bente Gammelgaard og Trine Grønhaug Halvorsen Foto: Privat
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 27. nov. 2019 10:50 - Sist endret 27. nov. 2019 10:50