Ny lærebok i basal farmakologi på norsk

Boka er skreddarsydd for farmasistudentar. Innhaldet er i hovudsak skrive av tilsette ved Farmasøytisk institutt.

Framsida på Basal farmakologi– Vi har i fleire år snakka om behovet for ei norsk lærebok i basal farmakologi spesielt tilrettelagt for farmasistudentar, seier professor Arild Rustan, ein av forfattarane bak boka Basal farmakologi, som kom tidlegare i år.

– Læreboka i basal farmakologi som vi har brukt til no, er meir omfattande og detaljert enn våre studentar har bruk for. I tillegg er ho på engelsk.

I fjor stod dei same forfattarane bak ei oppdatert utgåve av Illustrert farmakologi, som er retta mot sjukepleiarstudentar. Då fann forfattarane ut at dei skulle nytta høvet og la ideen om ei lærebok for farmasistudentar verta verkelegheit, med utgangspunkt i boka for sjukepleiarane.

Hand i hand med fysiologi

– Vi har utvida og endra innhaldet slik at det er skreddarsydd for farmasistudentar, seier Rustan.

Boken gjev ei innføring i farmakokinetikk og farmakodynamikk, det vil seia læra om legemiddel, kva som skjer med legemiddelet i kroppen, og mekanismane som forklarar effektane på celler og organ. Dei fleste legemidla som er på marknaden i Noreg blir omtalt og presenterte etter bruksområde og med namn på verkestoffet.

– Men det er altså ikkje ei bok om behandling. Den går hand i hand med læreboka i fysiologi, og kan brukast saman med norske behandlingsretningslinjer og Norsk legemiddelhandbok, seier Rustan.

– Vi har teke i bruk boka på årets fyrsteårsstudentar. Den kjem til å vera fylgjesveinen deira til dei kjem opp på masternivå. Der brukar studentane ikkje vanlege lærebøker lenger, men les fagartiklar.

Fungert godt

Bidragsytarar til boka er, i tillegg til Rustan, Eili Tranheim Kase, Harald Thidemann Johansen, Hege Christensen, Ida Robertsen, Rigmor Solberg og Hege Thoresen, alle frå Farmasøytisk institutt, og Terje Simonsen frå UiT Noregs arktiske universitet. Boka er illustrert av Roy Lyså frå UiT.

– Eg har sjølv hatt høve til å bruka boka i undervisninga denne hausten, og mitt inntrykk er at boka har fungert godt for studentane. Dei har i alle fall ikkje sagt noko anna, og dei pleier vera flinke til å gje oss beskjed om ting som kan bli betre, smiler Rustan.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 4. nov. 2021 12:18 - Sist endret 4. nov. 2021 12:31